Eit paradoksalt nasjonalbudsjett
Byråkratane i Finansdepartementet viser at det er skilnad på kva politikarane seier og lover, og det dei gjer. Dag og Tid presenterer nokre smakebitar frå Nasjonalbudsjettet.
Store delar av dei norske CO2-kutta må kome i transportsektoren. Nasjonalbudsjettet tyder ikkje på at byråkratane i Finansdepartementet trur måla er realistiske. Biletet syner ein bilkø ved Alna i Oslo.
Jon Olav Nesvold
Lytt til artikkelen:
Nasjonalbudsjettet er det mest sentrale styringsdokumentet vi har, dessutan plar det vera artig å lesa av di det kvart år er ulikt dei førre. Her kan byråkratane ha det kjekt med å diskutera kor mykje vi får ut av naturressursane våre, kven som får dei største skattesubsidiane, eller kva næring som gjev dei største tilskota til verdiskapinga. Nasjonalbudsjettet for 2021 er ikkje fullt så artig som det har vore ein del tidlegare år, men uinteressant er det ikkje. Også i 2021 vert ikkje ting heilt som dei fleste av oss trur.
Vi har til dømes lenge høyrt at oljealderen ligg på sotteseng og at produksjonen er sterkt fallande. Nei. Olje og gasseksporten aukar med 9 prosent i år og 6,3 prosent neste år. Vi tek store marknadsdelar i ein fallande global marknad. Det er giganten Johan Sverdrup som slår inn for fullt: «På midten av 2020-tallet er det ventet at Johan Sverdrup-feltet alene vil stå for om lag 30 pst. av norsk oljeproduksjon. Den totale produksjonen av olje og gass anslås i 2024 å være nesten tilbake på nivået fra toppåret 2004.»
Vi skal truleg vera glade for at vi ikkje fann Sverdrup lenge før, for då hadde Oljefondet vore endå større, og politikarane kunne ha nytta endå meir pengar no i staden for på komande generasjonar. Noverdien av det vi skal henta ut av sokkelen i framtida, trur elles Finansdepartementet er på 5600 milliardar, av det skal staten taka 4500 milliardar. Dei som vil stengja ned oljenæringa snøgt, vil slita med å finna liknande kontantstraum og skattekjelde.
Mindre løn
Har forresten dei store pengeløyvingane under Erna Solberg gjort at vi tener meir? Det har vi vore inne på før her i spaltene, men lite er heilt sant før det står i Nasjonalbudsjettet. Også her er svaret nei: «De siste årene har de fleste husholdninger opplevd et fall i disponibel realinntekt.» Elles har kronesvekkinga gjort at industrien nesten ikkje har fått svekt konkurranseevne mot omverda samanlikna med år 2000. I ein periode før oljeprisfallet i 2014 var norske industriarbeidarar nesten 40 prosentpoeng dyrare enn hjå vår viktigaste handelspartnarar, no er vi på godt under 110. Men svekkinga har ikkje ført til høgre eksport frå fastlandet. Vi ligg framleis om lag der vi låg før finanskrisa. Per hovud eksporterer vil langt mindre varer enn vi gjorde for 12 år sidan. Avindustrialiseringa av Noreg held altså fram. Vi er om lag 8 prosentpoeng færre i industrien no enn i 2010. Det er nett som forventa i lys av at Erna Solberg nyttar mykje meir på offentleg sektor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.