¿ Eit øydelagt helsevesen
Det amerikanske helsesystemet er svarte natta. Under koronakrisa har det vorte bekmørkt.
Nok ein covid-19-sjuk pasient vert frakta inn til Langone Hospital på Manhattan 3. mai. New York har vorte svært hardt råka av koronaepidemien.
Foto: Eduardo Munoz / Reuters / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Vi skal koma til USA, men fyrst: I den svært så empiritunge, men likevel strålande boka The Great Escape skriv nobelprisvinnaren og skotten Angus Deaton om alt det gode vi har oppnådd etter den industrielle revolusjonen, men med særleg vekt på helse og levealder. Boka er særs nyansert, men når det gjeld levealder, kan vi kanskje seia at rikdom er viktig, men kunnskap avgjer. Eit døme er antibiotika, som ein del sosialmedisinarar kom til at ikkje var viktig i det heile. For om dei såg på aukande levealder og trekte ei stigande line, såg dei at auken i levealder i Storbritannia heldt fram på den same stigande kursen som før antibiotikumet. Dimed trekte dei den konklusjonen at å byggja gode samfunn var det som avgjorde levealder. Høg levestandard og god omfordeling av rikdom var lik høg levealder.
Ja, det er noko i dette, men det er likevel ikkje hovudbiletet. Bakterieteorien som vart utvikla særleg i England i den andre delen av 1800-talet, er den viktigaste grunnen til auken i levealder. Teorien viste kor viktig kloakksystem og reint drikkevatn og ålmenn hygiene er. Før bakterieteorien var det slik at om ein nådde 15 år, hadde ein fleire leveår framføre seg enn ein nyfødd. Det høyrest underleg ut, men sjukdomar som kom av bakteriar, drap utruleg mange born. Gjennom ein koordinert politisk innsats via sterke institusjonar makta politikarane ved hjelp av ekspertar så godt som heilt å utrydda død som følgje av bakteriar både i Storbritannia og etter kvart over hele Vesten.
Viktig i u-land
Sakte, men sikkert har også utviklingsland skaffa seg innsikta som vi i Vesten har hatt i over 120 år, og dette er hovudårsaka til eksplosjonen i folketal vi har sett i den tredje verda. Det finst faktisk ein del land i den tredje verda som er fattigare no enn då dei vart avkolonialiserte, men også i desse landa ser vi auka levealder og redusert barnemortalitet. Til og med der er kloakksystema betre og drikkevatnet reinare. Men ja, også auka rikdom gjev lengre liv, til ei viss grad. Japan er eit godt døme. Men i to kapittel merkar lesaren at Deaton vert verkeleg engasjert: I det eine er temaet utviklingshjelp, som han meiner er særs skadeleg, men det skal vi lata liggja her. I det andre kapittelet er temaet det amerikanske helsestellet, som gjer Deaton beint ut sagt deprimert.
Deaton presenterer den eine lista etter den andre. Men éin tabell er særleg interessant. Vesle og til dels fattige Costa Rica bruker i reine pengar ein tjuandedel av det USA nyttar på helsevesenet. Det er likevel ingen tvil om at Costa Rica i eit folkehelseperspektiv har eit klart betre helsevesen enn USA. Ja, ein kjem langt med kunnskap, men verkeleg god folkehelse krev koordinering, gode politikarar og sterke institusjonar. USA vantar alt dette, og det har vorte så inderleg klart under koronakrisa. Ho er av fleire grunnar nær katastrofal i USA, særleg for dei som treng helsehjelp mest.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.