JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Eit kuppforsøk for fortida

Kuppmakarane i Brasil lukkast ikkje i å ta makta, men dei kan ha gjort Lulas tredje presidentperiode
til ein ganske annan enn han såg føre seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit brasiliansk flagg sett gjennom ei knust rute i Planalto-palasset i Brasilia etter hærverket til antidemokratane 10. januar 2023.

Foto: Ricardo Moraes / Reuters / NTB

5790
20230113
5790
20230113

Åtaket på dei tre brasilianske statsmaktsbygningane – kongressen, presidentpalasset og høgsteretten – søndag 8. januar var nærast varsla. Det vart utført av støttespelarar til taparen av fjorårets presidentval, høgresidepopulisten Jair Bolsonaro. Dei hevdar valet var rigga, at demokratiet har feila, og at den nyleg innsette presidenten er kriminell.

Lula er ikkje aleine om å få slike skuldingar. Blant dei fem folkevalde presidentane Brasil har hatt sidan militærdiktaturet tok kvelden i 1986, er det berre éin – Fernando Cardoso – som ikkje har vore skulda av parlamentet for noko kriminelt. Nyleg avgåtte Jair Bolsonaro flykta til USA før presidentperioden hans gjekk ut, for å unngå vidare siktingar kring handteringa av koronapandemien.

Skulda for korrupsjon

Dei tre andre – Fernando Collor, Dilma Rouseff og Luiz Ignacio Lula da Silva – vart alle skulda for korrupsjon. Collor rømde til Miami før saka kom opp i 1992. Rouseff vart dømd og avsett halvtanna år inn i sin andre presidentperiode i 2016.

Lula vart dømd til fengsel for korrupsjon. Han sona 580 dagar før høgsteretten oppheva dommen mot han. Både skuldingane, rettssakene og opphevinga av dommen var innfløkte og bygde kring teknikalitetar. Kva som eigentleg skjedde, får vi nok aldri vite.

Det er lett å seie at det brasilianske demokratiet – som i si siste runde ikkje er eldre enn 36 år – framstår som svakt og ustabilt. Men er det riktig?

I etterkant er det òg lett å seie at leiren som tusenvis av kuppmakarar slo opp i ein vegkant alt dagar føre åtaket, kunne vore fjerna. Likevel var nok Lulas nye forsvarsminister José Múcio meir brasiliansk i sitt svar på kvifor han ikkje fekk gjort nett det: «Demonstrasjonar er ein del av demokratiet.»

Protestleirane

Brasil har truleg hatt tusenvis av protestleirar i vegkantar dei siste tiåra. Og eg må innrømme at noko av det fyrste som slo meg då eg høyrde om kongresstorminga søndag, var mi eiga erfaring med å okkupere brasilianske offentlege bygningar. Saman med den sosiale rørsla Movimento dos Trabalhadores Rurais sem Terra (MST), Dei jordlause, var eg i 2007 med på ein aksjon som innebar å innta parlamentet i delstaten Santa Catarina i Sør-Brasil. Vi var hundrevis som utan å spørje nokon gjekk opp trappa, slo oss ned og vart verande.

Heldigvis sluttar likskapen med kuppforsøket i Brasilia akkurat der. Ingenting vart øydelagt, ingen trugslar framsette, ingen vald brukt. Sjølv om overskrifta var at vi vart verande til det vart gjennomført ei jordreform (Brasil har enno ikkje omfordelt arealet sidan kolonitida, noko som gjev ei av dei største skeivfordelingane i verda), var det innforstått at vi ville forlate området etter nokre dagar.

MST vil ikkje kuppe noka regjering. Sidan militærdiktaturet er det ingen som har vilja det – før no. Det er ikkje venstresida i Brasil som flørtar med at tidene var betre under militærdiktaturet. Tvert om var det Jair Bolsonaro som i 2019 sende brev til FNs råd for menneskerettar der han hevdar at det 21 år lange militærdiktaturet var naudsynt for å møte ein «kommunistisk trussel».

Ein samanraska nasjon

At ei av dei største sosiale rørslene i verda – MST organiserer fleire millionar menneske – finst akkurat i Brasil, er heller ikkje tilfeldig. I eit land større enn heile Europa, med eit folk sett saman av alt frå urfolk til etterkomarar etter afrikanske slavar, koloniherrar og flyktningar frå diverse falne diktatur i Europa (Sør-Brasil har dei største oktoberfestane utanfor Tyskland), ein føderalstat som meir eller mindre har stabla seg på beina att gong på gong mellom periodar med kolonistyre og diktatur, er det på mange måtar meir utruleg at nasjonalkjensla er så sterk som ho faktisk er, enn at det mellom det føderale og delstatlege styret oppstår grupperingar som tek ansvar for sine eigne samfunn.

Brasil har vore raus med slik fridom. Vi kan late Lula sjølv få dele tankane sine frå Netflix-dokumentarfilmen På kanten av demokratiet (2019). I baksetet i ein bil samtalar Lula med filmskapar Petra Costa. «Vi har hundreår med fordommar bak oss», seier den då tidlegare presidenten: «Hundreår med herredømet til plantasjeeigarane og mishandla slavar. Å endre alt, det er utfordrande. Og det går ikkje alltid. Når det vert gjort i ein revolusjon, døyr halvparten i kamp, og halvparten flyktar. Og så trur du at du klarer det. I mange land var det mogleg. Men å gjere det slik vi gjorde det, med demokrati, pressefridom, med rett til å streike, demonstrere, med kongressen som fungerer fritt – det er mykje vanskelegare. Men det er også meir givande. Fordi vi lærer kva som er dei demokratiske verdiane.»

Innstrammingar

Dette er noko av det som har gjort Brasil til Brasil, og heilt sikkert noko av det som har gjort Brasil vanskeleg å styre. Vart det for vanskeleg førre søndag? Vil landet no måtte stramme inn på det demokratiske spelerommet? Det vil i så fall verte eit heilt anna Brasil – og ein heilt annan tredje presidentperiode enn Lula hadde sett føre seg.

Det hadde nok tent Brasil å samle seg kring ein yngre og ikkje minst reinare presidentkandidat enn 77 år gamle Lula da Silva. At eit land med over 214 millionar innbyggjarar ikkje klarar å produsere nye politiske stjerner, er eit veikskapsteikn.

Men no er det framleis slik at det å ta over etter Lulas to fyrste presidentperiodar er litt av ei utfordring. Då han gjekk av, hadde han støtte frå kring 80 prosent av folket. Dilma Rouseff var ikkje i nærleiken av å lukkast på same måte. Om Lula sjølv klarar å leve opp til sitt tidlegare seg, står att å sjå – men lett vert det ikkje.

Siri Helle er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis