Eit kort steg mot 2040
Når regjeringa skal sjå inn i framtida, skjer det på denne måten: Konsulentar «fasiliterer strategiske samtaler» som «bidrar til at scenarioene sammen dekker mulighetsrommet».
Ein moderat vekst i folketalet er blant dei såkalla sikre drivkreftene forfattarane av «Strategisk framsyn til stortingsmelding om innovasjon» har valt å skriva på grunnlag av. Framsynsprosessen har resultert i fire scenario om framtida frå no og til 2040.
Vidar Ruud / NTB scanpix
Bakgrunn
«Scenarioer for offentlig sektor i 2040»
Rapport som skal verta ein del av ei stortingsmelding om offentleg innovasjon.
Rapporten inneheld fire scenario om Noreg i 2040.
Det kan gå særs bra, det kan gå særs dårleg.

Offentleg sektor
jon@dagogtid.no
Helmut Schmidt var ein dyktig tysk finansminister og kanslar som ikkje tolte store ord og fakter. I ei no historisk scene då Margaret Thatcher sat og ropte på ein pressekonferanse om kor fæle særleg Tyskland og Frankrike og EF var, tok Schmidt, som sat ved sida av, fram veska si og byrja å rota rundt. Til slutt fann han tobakken og pipa. Han fekk reinsa pipa, stappa henne roleg og tende på. Så blæs han store røykskyer framfor Thatcher.
Noko han særleg ikkje likte, var luftige planar og visjonar. «Har du visjonar, bør du oppsøkja lækjar», er eit av dei mest vidgjetne sitata frå Schmidt. Den 12. juni i år la det norske Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram ei rekkje visjonar i noko dei kallar «Strategisk framsyn til stortingsmelding om innovasjon». Der presenterer dei fire scenario på grunnlag av altså «strategisk framsyn». Øvinga vert gjennomført av di «scenarioer gir ’minner om framtiden’ som kan øke endringsberedskapen›.
Visjonar
Dei har fire visjonar – eller syn – om framtida frå no og til 2040:
1. På kjende stigar: Her har skilnadene mellom folk auka litt. Tilliten er likevel høg, men det har vorte vanskeleg å innfri forventningar. Offentleg sektor fungerer om lag som no. Medan «store, internasjonale selskaper ligger foran med å tilby innbyggerne smarte tjenester på flere områder».
2. Bakpå: Her har internett skapt stor arbeidsløyse, og populismen dominerer. «Norge er ikke lenger annerledeslandet, og vi-følelsen i samfunnet er svekket». Dessutan har offentleg sektor «lav endringsevne».
3. Spranget: Her går det verkeleg bra, og skribentane nyttar eit lyrisk språk. Klimaproblema er stort sett løyste, og vi har stor tillit til kvarandre: «Eksperimentering og bruk av ny teknologi skjer offensivt og innen etisk forsvarlige rammer. Overgangen til et klimavennlig samfunn ble ikke enkel, men de fleste opplevde omstillingen som rimelig og nødvendig. Med ny teknologi og digital transformasjon er systemene forbedret og menneskelige ressurser møtes på nye måter.»
4. Spreiing i laget: Her har det meste gått gale, og vi har ikkje makta å løysa klimakrisa på 21 år. «I 2040 er tilliten i samfunnet forvitret. Norge klarte ikke overgangen til et mer klimavennlig samfunn. (…) Sterke interesser har tatt seg til rette, og forskjellene i samfunnet har økt.»
Det sikre og det usikre
Skrivarane har valt å skriva på grunnlag av sikre og usikre drivkrefter. Dei sikre er desse: moderat vekst i folketalet og fleire eldre; mindre økonomisk handlingsrom i offentleg sektor; rask teknologisk utvikling, klimaendringar, klimarisiko og miljøspørsmål som påverkar samfunnet; grunnleggjande trong for tryggleik og tilknyting; mangel på kompetent arbeidskraft.
Korleis dei kan vera sikre på at den teknologiske utviklinga vert særs snøgg, er det vanskeleg å få tak på, sidan vi dei siste ti åra over heile Vesten har hatt låg produktivitetsvekst. Det igjen tyder på lita endring av teknologien. At Noreg, som til kvar tid har nær 300.000 studentar, skal få særskilt mangel på kompetent arbeidskraft, tykkjest òg noko underleg. Kva klimarisiko er for noko i Noreg, som eventuelt vert varmare og våtare og dimed får meir kraft og meir avling, er òg noko uklart.
Dei to usikre «drivkreftene» er tillit og offentleg sektor. Dei to er valde av di nordmenn har særs høg tillit og verdas største offentlege sektor. Offentleg sektor tilsvarer 59 prosent av fastlandsøkonomien, og 32 prosent av dei som arbeider, har ei stilling i kommune eller stat. At det kjem endringar her, verkar nokså sikkert. Men dette er altså usikre drivkrefter.
Heilt i byrjinga får vi vita at scenarioa er «apolitiske». Men når ein skal snakka om korleis ein vil ha framtida, snik nissen seg med på lasset. Når dei skal definera kva som gjev høg tillit, vert til dømes dette lista opp fyrst: «Globale avtaler, standarder og rammeverk er på plass.» Mange vil vel hevda at det er nett for ambisiøse internasjonale avtalar som har ført til den særs låge tilliten til dømes britane har til politikarar. Låg tillit gjev derimot «økt proteksjonisme og mer innadrettet politikk globalt».
Kvar er Frp?
Rapporten er nok skriven av personar som står eit stykke frå Frp, og det sjølv om representantar for Finansdepartementet har vore med i arbeidet. Dette skriv dei om innvandring og tillit: «Mange frykter også at innvandring av mennesker fra samfunn med lavere tillit vil påvirke tillitsnivået i Norge, men her viser forskningen at dette ikke er entydige sammenhenger. Tillitsnivået i Skandinavia har blant annet gått opp de siste 30 årene, samtidig med høyere innvandring.» Om innvandring ikkje gjev lægre tillit, kvifor har det vore så stor utvandring av etniske nordmenn frå Groruddalen? Og kvifor er Noreg det landet i verda som har flest innbrotsalarmar? Men meldinga er prega av at lite vert drøfta. Kva tillit er, vert knapt problematisert. Heller ikkje segregering og kriminalitet eller faren for meir samfunnsvald.
Offentleg sektor deler dei inn under to overskrifter, den fyrste er dårleg, den andre god: «Begrenset endring i offentlig sektor» og «Redesign og transformasjon i offentlig sektor». Det som vert nemnt fyrst her, er klimapolitikk, som er viktig. Det som er negativt om offentleg sektor, er «for forsiktig og for sen tilnærming til muligheter i ny teknologi og grønn økonomi». Det er derimot positivt med «proaktiv overgang til et klimavennlig samfunn og grønn vekst». Her vert til dømes ikkje Bompengepartiets snøgge vekst på grunn av «grøne» og klimavenlege bypakkar nemnt, ein vekst som kan henda handlar om manglande tillit til at politikarar gjer det rette, sjølv om det visst nok er klimavenleg med massiv utbygging av skinnegang. Heller ikkje den store motstanden mot vindturbinar som Stortinget har vedteke, vert drøfta.
Lite kjøt
Dei som trudde dette skulle verta eit dokument med mykje kjøt, vert nok òg skuffa. Dei fire scenarioa vert repeterte gong på gong med litt ulike ord og i litt ulike matriser. Det heile vert så avslutta med ein appell under overskrifta «Ta scenarioene i bruk!».
Dokumentet er heller ikkje ei avslutning på eit arbeid, det er starten på noko nytt: «Scenarioene blir nyttige når de blir tatt i bruk! Scenarioene skal være starten på en strategisk dialog, og ikke slutten på en. (…) God debatt!»
Korleis har så dokumentet vorte laga? Jau, ved at 30 leiarar og medarbeidarar i offentleg sektor har hatt møte på grunnlag av velprøvd metodologi: «Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i arbeidet med scenarioanalysen benyttet klassisk deduktiv metode for scenarioutvikling. Metoden setter fokus på kritiske usikkerheter og bidrar til at scenarioene sammen dekker mulighetsrommet. Metoden baserer seg blant annet på mange års erfaringer med scenarioanalyse hos pioneren innenfor området, Royal Dutch Shell.» Samtalane og møta har truleg vore vellukka, om vi skal tru sjølvreferatet: «Det er lagt vekt på å fasilitere strategiske samtaler hvor de som er med i prosessen deler innsikt, lærer av hverandre, og sammen får økt kunnskap.»
Joker og konsulent
Og til dei som vona at arbeidet vart gjort i arbeidstida og difor ikkje førte til auka kostnader for offentleg sektor, som no har fått mindre handlingsrom, vert det heile avslutta med denne opplysinga: «Rambøll Management Consulting har vært faglig rådgiver og prosessleder i arbeidet.»
Til dei som skulle ynskja at slikt som faren for krig og store folkevandringar vart nemnt: Det er det, og slikt kallar skrivarane «jokere», som ikkje er med: «Fordi slike tilstander bryter radikalt med logikken i de enkelte scenarioene, er slike hendelser ikke tatt med og konsekvensene ikke vurdert.» Dei har truleg heller ikkje vurdert om jokerkortet, som er ein stor fordel å ha, er den beste metaforen for krig og store og farlege endringar.
Som Helmut Schmidt òg sa: «Om du vil nå eit fjerntliggjande mål, lyt du byrja med mange små steg.» No har Kommunal- og moderniseringsdepartementet teke eit kort steg mot 2040.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei fire scenarioa vert repeterte gong på gong med litt ulike ord og i litt ulike matriser.
Fleire artiklar
Foto: NTB
«Arne Paasche Aasen var ein av dei mest produktive poetane i Noreg.»
Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.
Foto: Lars Tore Mubalegh-Håvardsholm
Julefuglen i augustnatta
Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år.
Angela Merkel vart forbundskanslar i 2005.
Foto: Michael Sohn / AP / NTB
Angela Merkel har mykje å læra oss om korleis politikk vert hamra ut – med fornuft.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.