Eit hopp inn i det ukjende
Danmark går til val. Det politiske landskapet er i kaos.
Statsminister Lars Løkke Rasmussen gav ut ei bok nett i det han annonserte nyval. Det er fullstendig uhøyrt, men nokså fascinerande, seier politisk redaktør Arne Hardis i Weekendavisen.
Foto: Philip Davali/Ritzau Scanpix
Ingen tenkjer på Nordisk råd lenger. Borte er dagane før NRK-monopolet vart oppløyst og vi kvart år fekk store nordiske statsministardebattar på fjernsynsskjermen. NRK sender ikkje lenger direkte frå valoppteljinga i grannelanda, og det er lenge sidan avisene avvikla dei ulike Norden-korrespondentane. Vi over femti hugsar alle Urho Kekkonen, Anker Jørgensen, Mauno Koivisto og Poul Schlüter. Ingen unge i dag veit kva presidenten i Finland heiter, knapt nokon har høyrt om Lars Løkke Rasmussen, som har vore statsminister i Danmark dei siste fire åra. Det er heller ikkje mange utanom dei særmerkt politisk interesserte som veit at 5. juni er det folketingsval i Danmark.
Rett no finst det eit unnatak for den manglande interessa for grannelanda: Sverige. Vi høyrer framleis mykje om svensk politikk. Men det er ikkje lenger av di vi ovundrar Sverige, men av di det politiske systemet ser ut til å ha gått i stå, og innvandring har vorte eit så totalt dominerande tema. Skrekk sel betre enn lukke. Og det er mykje av Danmarks problem: Landet er for vellukka til at omverda bryr seg i særleg grad. Vi nordmenn dreg dit i hopetal kvart einaste år, men det er ikkje for å studera politikk og samfunnsmodell.
Trygt og keisamt
For det er ikkje til å koma forbi: Sett vekk frå nokre få anekdotar om den vanlege danske sexen og rusen er dansk politikk og dansk styring keisamt. Det er ikkje utan grunn den store amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama skriv side opp og side ned om Danmark i dei siste bøkene sine, der han har vorte meir og meir uroleg over berekrafta i dei vestlege demokratiske systema. For Danmark er alt Fukuyama vil at eit land skal vera: homogent, egalitært, rikt, omfordelande og lukkeleg.
Ein treng berre å sjå på internasjonal statistikk for å sjå kor rett Fukuyama har: To land dominerer i storleik på offentleg sektor, overføringar til dei som står utanfor arbeidsmarknaden, og tilsette i offentleg omsorgssektor, utdanning og sjukehus: Noreg og Danmark. Men Danmark har ikkje olje og har difor verdas høgste skattar, som danskane betaler utan å mukka. Men Danmark har i alle høve pengar Noreg ikkje har. For i motsetnad til i Noreg treng ikkje danskane å betala store summar for landbruk og vegar og utkantkommunar. Danmark er verdas mest fertile land og har knapt distrikt. Då vert det mykje meir til velferd.
Det store konfliktområdet i år ser ut til å vera klima, men også der er Danmark nummer éin i klassa. Dei har knapt energikrevjande industri, små utslepp frå transport og lite CO2 frå oppvarming og kraft. Berre landbruket er eit stort klimaproblem, men det er i ferd med å leggja ned seg sjølv etter ei altfor kraftig lånebylgje. Og innvandring? Alle dei store partia er samde om å føra ein så stram kurs som råd er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.