¿ Eit heimland til å gråta av

Bergingspakken som EU visstnok skal gje til Italia, er på godt over 2000 milliardar kroner. Mykje kan tyda på at han ikkje vil hjelpa særleg godt.

Frecce Tricolori, luftakrobatar i det italienske flyvåpenet, tok del i 74-årsfeiringa for republikken i år.
Frecce Tricolori, luftakrobatar i det italienske flyvåpenet, tok del i 74-årsfeiringa for republikken i år.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Alle som har vore innom Biltema, Clas Ohlson eller ei røyrleggjarforretning, veit kva ein o-ring er. Det er gummipakningar av varierande storleik som er forma nett som ein o. Slike pakningar er nesten gratis. Du kan få kjøpt eit sett med 32 ulike storleikar for 219 kroner på Biltema. I fjor gjekk nobelprisen i økonomi til skaparen av o-ring-teorien, den i nobelsamanheng svært så unge Michael Kremer, som er professor i utviklingsstudiar ved Harvard.

I 1986 sat den då 21 år gamle Kremer og såg på pressekonferansen der granskingsrapporten om Challenger-ulukka vart lagd fram. Romferja «Challenger», som mange av oss hugsar, eksploderte i januar same år. Det var den store fysikaren Richard Feynman, som både var med på å utvikla atombomba og fekk nobelprisen, som snakka. Han hadde med seg ein o-ring som han pressa saman i ei tvinge. Så duppa han o-ringen i eit glas med isvatn og trekte gummiringen ut. O-ringen hadde vorte permanent endra. Ei pakning til eit par dollar tolte ikkje kulde, og lekkasjen det førte med seg, øydela eit romskip som hadde kosta fleire milliardar kroner.

Alt må vera godt

Kremer byrja å tenkja, og i 1993 hadde han teorien ferdig, ein teori som kan forklara mykje om han er rett. Teorien seier at alle delar av ein produksjonsprosess, eller for den del av eit samfunn, må fungera godt og ha høg verdi, elles kjem ikkje sluttproduktet til å ha høg verdi. Sagt enkelt, ei fantastisk steikjepanne er ikkje verd noko som helst om handtaket ramlar av. Kremer meiner teorien kan forklara kvifor nokre land vert stadig rikare og kan produsera stadig meir kompliserte produkt, og kvifor det i ei globalisert verd er slik at vinnarane tek stadig meir av verdiane av det som vert produsert.

Det hjelper til dømes lite at Kina byggjer fantastisk motorvegar i Afrika når Afrika manglar både bensinstasjonar og bilmekanikarar. Ein kirurg kan vera så god han berre vil, men utan skikkeleg utstyr får han til lite.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement