Eit globalisert Ap

Arbeidarrørslehistorikaren Finn Olstad trur det er fare for at Arbeidarpartiet kan verta utrydda.

Jonas Gahr Støre på landsmøtet til Arbeidarpartiet i Folkets Hus i Oslo i april i år.
Jonas Gahr Støre på landsmøtet til Arbeidarpartiet i Folkets Hus i Oslo i april i år.
Publisert

Arbeidarpartiet ligg an til å gjera sitt dårlegaste kommuneval på snart 100 år. Dei lek røyster til Bompengepartiet, til SV og særleg til Senterpartiet i distrikta. Problema er ikkje særmerkte for Noreg. I Nederland er sosialdemokratane nesten utrydda, og i Storbritannia snakkar stadig fleire om at Labour står føre ei splitting. Få veit meir om Ap og arbeidarrørsla enn Einar Gerhardsen-biografen Finn Olstad, som nett har gjeve ut boka Den store forsoningen. Norsk historie 1905–1945.

– Det er eit stort spørsmål, men kva prega Noreg i denne perioden?

– Hovudhistoria ligg i tittelen. Det handlar om forsoning. Noreg var eit samfunn som gjekk frå særs låg tillit mellom samfunnsgruppene, til det vi i dag er så stolte av, den særnorske tilliten. Framover mot 1930-åra vart striden mellom gruppene stadig større. Arbeidarane kravde endring og tydde til strid. Arbeidsgjevarane og Stortinget ville ikkje gå med på krava. Men så, før krigen, ved utgangen av 1930-åra, hadde dei ulike gruppene kome fram til ei forståing som altså la grunnlaget for det tillitssamfunnet vi enno i stor grad er.

– Kven fekk til dette?

– Hovudaktøren er arbeidarrørsla og arbeidarklassen, korleis vi no måtte definera dei. Det var arbeidarane som utfordra det etablerte samfunnet, som svara med motreaksjon. Den organiserte arbeidarrørsla er den viktigaste aktøren i forsoninga, dette at dei ulike samfunnslaga kunne finna fram til kompromiss. Men sjølvsagt var andre aktørar òg avgjerande, ikkje minst arbeidsgjevarane, som gav mykje. Men også dei politiske partia og styresmaktene spelte ei stor rolle. Dette at Bondepartiet vart avløyst av ei Venstre-regjering i 1933, var viktig. Venstre, med den store forsonaren og kompromissmakaren høgsterettsjustitiarius Paal Berg svevande over tingingane, stogga den konfronterande politikken Bondepartiet hadde ført. Det er mange som skal nemnast når æra skal delast ut for forsoninga.

– Men var ikkje Ap i 1930-åra eit meir folkeleg parti enn det som kom etter krigen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement