Eit globalisert Ap
Arbeidarrørslehistorikaren Finn Olstad trur det er fare for at Arbeidarpartiet kan verta utrydda.
Jonas Gahr Støre på landsmøtet til Arbeidarpartiet i Folkets Hus i Oslo i april i år.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Samtalen
Finn Olstad
Historikar og professor
Aktuell
Arbeidarpartiet ligg an til eit dårleg val

jon@dagogtid.no
Arbeidarpartiet ligg an til å gjera sitt dårlegaste kommuneval på snart 100 år. Dei lek røyster til Bompengepartiet, til SV og særleg til Senterpartiet i distrikta. Problema er ikkje særmerkte for Noreg. I Nederland er sosialdemokratane nesten utrydda, og i Storbritannia snakkar stadig fleire om at Labour står føre ei splitting. Få veit meir om Ap og arbeidarrørsla enn Einar Gerhardsen-biografen Finn Olstad, som nett har gjeve ut boka Den store forsoningen. Norsk historie 1905–1945.
– Det er eit stort spørsmål, men kva prega Noreg i denne perioden?
– Hovudhistoria ligg i tittelen. Det handlar om forsoning. Noreg var eit samfunn som gjekk frå særs låg tillit mellom samfunnsgruppene, til det vi i dag er så stolte av, den særnorske tilliten. Framover mot 1930-åra vart striden mellom gruppene stadig større. Arbeidarane kravde endring og tydde til strid. Arbeidsgjevarane og Stortinget ville ikkje gå med på krava. Men så, før krigen, ved utgangen av 1930-åra, hadde dei ulike gruppene kome fram til ei forståing som altså la grunnlaget for det tillitssamfunnet vi enno i stor grad er.
– Kven fekk til dette?
– Hovudaktøren er arbeidarrørsla og arbeidarklassen, korleis vi no måtte definera dei. Det var arbeidarane som utfordra det etablerte samfunnet, som svara med motreaksjon. Den organiserte arbeidarrørsla er den viktigaste aktøren i forsoninga, dette at dei ulike samfunnslaga kunne finna fram til kompromiss. Men sjølvsagt var andre aktørar òg avgjerande, ikkje minst arbeidsgjevarane, som gav mykje. Men også dei politiske partia og styresmaktene spelte ei stor rolle. Dette at Bondepartiet vart avløyst av ei Venstre-regjering i 1933, var viktig. Venstre, med den store forsonaren og kompromissmakaren høgsterettsjustitiarius Paal Berg svevande over tingingane, stogga den konfronterande politikken Bondepartiet hadde ført. Det er mange som skal nemnast når æra skal delast ut for forsoninga.
– Men var ikkje Ap i 1930-åra eit meir folkeleg parti enn det som kom etter krigen?
– Jau. Det er liten tvil om at Nygaardsvold-regjeringa var langt mindre teknokratisk enn det dei fyrste Gerhardsen-regjeringane var. Rett nok kan ein seia at det var makta bak makta, både under Nygaardsvold og etter krigen, som tok regjeringsposisjonen i 1945. Martin Tranmæl var nok sjefen, men med Einar Gerhardsen fekk han sin protesjé som statsminister. Og då skulle det koma radikale endringar. Men då melde problemet seg om korleis dette skulle skje. Gerhardsen sleppte til teknokratane i ei slik grad at det var vanskeleg å sjå kvar arbeidarrørsla slutta og kvar teknokratiet byrja.
– Og Ap vart eit mindre forsonande parti?
– Ja, det ville eg seia. Nygaardsvold førte ein radikal Venstre-politikk med borgarleg støtte. Ap etter krigen ville ha ei samfunnsomvelting i sosialistisk retning. Ap etter krigen er ei ny historie, noko anna.
– Du har no skrive om Ap og Gerhardsen, mellomkrigstida og etterkrigstida. Gjennom alle desse epokane var Ap eit gigantparti. Kva var det som gjekk gale?
– Det nok noko med dette teknokratiske, dette at Ap danna alliansar med andre krefter, som meinte dei hadde svaret på det meste. Ap etter krigen var ikkje berre eit nedanfrå-parti, dei vart mykje eit ovanfrå og ned-parti. Det var eit miljø i partiet som meinte dei hadde rett til å styra folks haldningar, handlingar og tankar. Det vart vanskeleg å vera både ei brei folkerørsle og ei overstyrande makt med autoritære trekk.
– Men no er det folkelege nokså langt borte?
– Ja, blandinga mellom høg og låg ser ut til ha forsvunne. Det byrja kanskje med Gro Harlem Brundtland, då forsvann mykje av kontakten med dei breie folkegruppene. Kvinnefrigjeringa var sjølvsagt viktig og rett, men det var då vi såg tendensen til at partiet mykje vart for funksjonærar og kvinner tilsett i offentleg sektor. Det er vanskeleg å seia kva Ap er for noko i dag, men det som er sikkert, er at partileiinga står for noko heilt anna enn dei leiarane meinte for 50 eller 100 år sidan. Kontinuiteten er borte.
– Kan partiet verta utrydda?
– Eg trur faren er der. Men det er sjølvsagt motkrefter i Noreg som støttar dei. Dei har framleis dette tilhøvet til LO, som verkar som ein buffer og set dei i kontakt med arbeidarrørsla. Svaret på kor lågt dei kan gå, får vi kanskje om dei kjem til makta igjen.
– Men er ikkje dei to store problema, som Gerhardsen ikkje trong uroa seg for, klima og innvandring?
– Jau, desse to stridsspørsmåla er langt ifrå det Ap tradisjonelt hadde å bry seg om. Mistaket var nok at Ap i si tid opna opp for innvandring. Sosialdemokratiet var fyrst og fremst ein nasjonal rørsle. Det var i Noreg og for norske arbeidarar dei skulle byggja det gode samfunnet. Det nasjonale og tradisjonelle Ap hadde nok ikkje kjent seg att i dagens globaliserte Ap. Og klima var ikkje noko dei reflekterte over i det heile. Eg veit sjølvsagt ikkje kva slags klimapolitikk Gerhardsen ville ha ført, men med all den kontakten han hadde med vanlege folk, så kjenner eg meg trygg på at han hadde ført ein heilt annan klimapolitikk enn den Jonas Gahr Støre står for.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det nasjonale og tradisjonelle Ap hadde nok ikkje kjent seg att i dagens globaliserte Ap.
Fleire artiklar
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.