Politikk
Eit billiondollarjubileum
I år er det 20 år sidan vi fekk handlingsregelen og 25 år sidan vi fekk dei fyrste pengane inn på oljefondkontoen. Dag og Tid gjev dykk historia om dei båe.
Den tidlegare finansråden Tore Eriksen har alltid halde seg i bakgrunnen. Her stiller han seg på høveleg avstand til kronprins Haakon og finansminister Sigbjørn Johnsen, som var den fyrste finansministeren som i 1996 kunne overføra litt pengar til Oljefondet.
Foto: Heiko Junge / NTB
Måndag den 31. mai er det eit stort seminar og ein del festivitas. Noregs Bank Investment Management (NBIM), dei som forvaltar oljepengane, bed saman med Finansdepartementet inn til feiring. Det er mange store namn på deltakarlista, ei rekkje tidlegare finansministrar, noverande og føregåande sentralbanksjefar og ikkje minst alle dei tre ulike sjefane for NBIM. «Du får også møte VGs oljefondgutt, Thomas Kragerud, og høre hans tanker om fondets posisjon blant det norske folk.»
Dei som er samla, skal feira at det er 25 år sidan dei fyrste pengane kom inn i Oljefondet, og at det er 20 år sidan den såkalla handlingsregelen vart innført. Men det som er litt særmerkt, er at det i grunnen ikkje er særleg mange representantar for dei som var med på å laga handlingsregelen og Oljefondet, som opptrer i programmet for seminaret.
Ja, både sentralbanksjef Øystein Olsen og tidlegare sentralbanksjef Svein Gjedrem har vore i Finansdepartementet og er på programlista. I Finansdepartementet gjorde Olsen godt arbeid med handlingsregelen, likeins Gjedrem med utforminga av Oljefondet, men ingen av dei to var i Finansdepartementet under heile den epoken som gav oss regelverket for båe institutta, som vi kan kalla dei. Dei to er i dag fyrst og fremst kjende som sentralbanksjefar.
I alle høve har både NBIM og dagens finansdepartement rett i at to så sentrale institusjonar bør feirast og skrivast om når det er jubileumsår. Ein som var sentral gjennom heile epoken då Oljefondet og handlingsregelen vart laga, er tidlegare finansråd Tore Eriksen, som Dag og Tid har snakka med i samband med denne artikkelen. Men det skal her strekast under at orda som vert nytta, er orda til underskrivne, ikkje Eriksens, som ikkje heilt liker intervjusjangeren.
To gonger 29
Den 29. mars 2001 kom stortingsmelding nummer 29. Meldinga var eit slags ekstradokument, eit tillegg til det såkalla langtidsprogrammet, som var eit særs omfemnande verk som Finansdepartementet laga med jamne mellomrom før om åra. Der såg embetsverket langt inn i glaskula. I dag er langtidsprogrammet skalert ned til det vi kjenner som Perspektivmeldinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.