Einslegforbundet er nedlagt

Idealismen og kreftene tok slutt; i helga vedtok landsmøtet i Ensliges Landsforbund (EL) å oppløyse organisasjonen.

Agnes Husbyn gjekk av som leiar for Ensliges Landsforbund i 2007. No er forbundet nedlagt.
Agnes Husbyn gjekk av som leiar for Ensliges Landsforbund i 2007. No er forbundet nedlagt.
Publisert

Medlemstalet har gått ned år for år, møteverksemda har falle kraftig, lokallag er blitt lagde ned og rekrutteringa av yngre einslege har vore minimal. Leiarane blei stadig eldre, dei var slitne og idealismen i den yngre garde og interessa for organisasjonsarbeidet fanst knapt. Det hjelpte ikkje at Ensliges Landsforbund har 30 millionar kroner på bok.

Ein annan grunn til at forbundet no legg inn årene, er at bustadbyggjeselskapet deira, Elbo, gjekk inn i Obos. Til då hadde selskapet bygt om lag 800 bustader i Oslo og Bærum, som medlemmene hadde førsterett til å kjøpe. Om lag 200 bueiningar er også bygde i Ålesund, Arendal og Lillesand.

Bustader

Agnes Husbyn er sjølve symbolet på innsatsen for å leggje tilhøva betre til rette for einslege i det norske samfunnet. I tretti år, over tjue av dei som generalsekretær, var ho tilsett i organisasjonen, og sidan 2001 har ho arbeidd som frivillig. No er ho 89 år, står framleis på og er svært lei seg for at organisasjonen blir oppløyst. For det manglar ikkje på oppgåver for dei einslege her i landet.

– Framleis er bustader det største problemet. Ifølgje Statistisk sentralbyrå finst det mellom 800.000 og 900.000 aleinebuande i Noreg, og i Oslo er over 50 prosent av hushalda einslege. Med den prisutviklinga vi lenge har hatt på bustadmarknaden, har ikkje dei einslege sjanse til å skaffe seg nok eigenkapital til å delta i prisgaloppen om husvære – om dei då ikkje har rike foreldre, forklarar Husbyn.

Og situasjonen er også i dag at dei 800.000 som leiger husvære, ikkje får fem øre i skattefrådrag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement