Kommentar
¿ Ein varsla pandemi
Koronapandemien heng saman med levemåten vår og tilhøvet vårt til naturen.
Husdyr som griser kan ha vore mellomvertar for koronaviruset, meiner forskarar. Hubei-provinsen er eit viktig område for svinehald i Kina. Biletet er ikkje frå Hubei, men frå Shanghai.
Foto: AP / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Livsførselen artar seg ofte som eit åtak på kroppen. Vi svekkjer motstandskrafta mot sjukdomar som covid-19, samstundes som vi er i krig med naturen utanfor oss, ikkje minst med dyra, både dei ville, som vi utryddar, og dei tamme, som vi utnyttar. Pandemien har ikkje råka oss tilfeldig. Vi har fått nett det vi bestilte.
Vi meiner no å vite at den nye sjukdomen covid-19 kjem frå eit virus som fann vegen frå ei bestemt gruppe flaggermus som lever i fjellholer utanfor Kunming, hovudstaden i Yunnan i Sør-Kina. Funnet vart gjort i 2015 av «flaggermuskvinna», som kinesarane kallar henne, den 55 år gamle virologen Shi Zhengli, utdanna ved universitet i Wuhan i Kina og Montpellier i Frankrike. Då hadde ho i fleire år leitt etter kjelda til sarsepidemien i Sør-Kina i 2003–04.
Eitt spor ho gjekk etter, var nipahepidemien i Malaysia i 1998–99, som hadde råka Søraust-Asia med noko over hundre dødsfall etter hjernebetennelse. Utbrotet hadde bakgrunn i nedbrenninga av svære areal i regnskogen i Indonesia i 1997. Skogsområda vart røyklagde slik at trea ikkje produserte frukt, og flaggermus som levde av frukta, emigrerte til frukthagar i Malaysia. Griser som åt nedfallsfrukt som flaggermusene hadde vore borti, og bønder som dreiv gardane, vart sjuke.
Ein annan leietråd i Shi Zhenglis jakt på kjelda til sarsviruset var spor i flaggermus på marknader i Guangdong, der sarsutbrotet tok til i 2002. I nær eit år fanga forskargruppa flaggermus med nett over holeopningane i fjella i dei fleste av provinsane i Kina, og tok prøver av blod, spytt og ekskrement frå dyra. I 2015 kom dei over ei gruppe koronavirus i flaggermus av hesteskonasefamilien, der gensekvensen var 97 prosent identisk med sarsviruset ein hadde funne i Guangdong under sarsutbrotet. Her, i flaggermusholene i Yunnan, var den naturlege kjelda for koronavirusa som skapte sarsepidemien.
Våtmarknadene
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.