Kommentar

Ein tragedie for Ukraina og for Russland

Krigen mot Ukraina fører Russland inn i ei blindgate det kan visa seg vanskeleg å koma ut av. Putin kan møta sterk motstand på heimebane.

Publisert

Den 24. februar 2022 vil bli ståande som ein skammens dag i historia: Russland gjekk til åtak på eit Ukraina som aldri har truga Russland. Sjeldan i historia har me sett eit meir eklatant eksempel på naken aggresjon.

Det er sjølvsagt overmodig gjerning å prøva å spå korleis den krigen som no er starta, vil spela seg ut. Så langt tilbake me kan fylgja historia, er det éin sikker lærdom: Ein krig blir aldri slik opphavsmennene har tenkt. I ein krig skjer det alltid uføresette, forferdelege ting. Fyrst og fremst er det slik at krigen har ein tendens til å heimsøkja dei som starta han. Putin har med andre ord sett i gang det mest risikable spelet i heile karrieren sin.

Nærskylde menneske

Hovudproblemet til Putin er at knapt nokon i Russland ynskjer ein krig mot Ukraina. Russarar og ukrainarar er nærskylde menneske som har levd saman i hundrevis av år. Truleg annankvar russar har slekt og vener på den andre sida av grensa, og vice versa. Ingen russarar – bortsett frå den nærmaste krinsen rundt Putin – har oppfatta Ukraina som eit trugsmål.

Det kan ikkje gå bra. For det fyrste vil dei russiske styrkane møta eit folk som er sameint på ein heilt annan måte enn i 2014, då Ukraina var eit splitta og kaotisk samfunn. Om russiske styrkar dei neste dagane går djupt inn på ukrainsk territorium, vil dei stå inne i eit land der fienden vil liggja bak kvar stein og kvart tre. Tapa vil bli store på båe sider. Mange russiske gutar vil koma heim i kister.

For det andre er det å venta at Vesten vil ta i bruk sanksjonar som Russland aldri før har sett. Blir landet kutta ut frå pengeoverføringssystemet Swift, vil det bety slutten for det livet som den russiske middelklassa har ført til no. Det livet går ganske enkelt ut på noko nær det same som det me har i Vesten, altså at ein lever i ein saumlaus pengeøkonomi der transaksjonane flyt mellom bankar og over landegrenser. Vesten vil mest sannsynleg konkludera med at Russland ikkje er ein granne ein kan ha tillit til. Den logiske slutninga er å avskjera seg frå dei russiske energileveransane. Landet vil einsidig bli bunde til den kinesiske økonomien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement