Ein talsmann for dei såra gutane
Ifølge eksfeminist Warren Farrell er det ikkje lenger ein kamp mellom kjønna, men ein krig – der berre den eine sida ser ut til å kunna vinna.
Warren Farrell talar på mannsdagen 19. november på Kulturhuset i Oslo.
Foto: Brit Aksnes
Forfattar og mannsaktivist Warren Farrell er van med å verta intervjua, van med å halda føredrag og van med å verta godt motteken. Det vil seia: Kven som har teke godt imot han, har endra seg.
I Oslo er det stor sjanse for at han vert teken imot med opne armar. Organisjonen MannsForum, som på nettsidene sine kallar seg «en stemme for gutter, fedre og menn», arrangerer Mannsdagen 19. november, og Farrell er hanka inn for å vera ein av hovudtalarane. For somme går gjerne termen Men’s rights movement (MRM) i dystre retningar med støtteerklæringar frå ymse tvilsame karakterar og sinte Trump-supporterar. Sjølv knyter eg ikkje talspersonane fyrst og fremst til milde, fornuftige menn. Korleis passar maskulinisten og ein av grunnleggjarane av desse gruppene, Warren Farrell, inn i dette biletet?
Doktoren
Warren Farrell har doktorgrad i statsvitskap frå New York University, har undervist ved fleire universitet i USA og var ein uttalt feminist som vart hyra inn til å halda føredrag over heile landet. Demokrat er han også, og han støtta offentleg Hilary Clinton ved førre val. Han bur i California, saman med ei kone som omtalar han som den mest diplomatiske mannen ho har treft i sitt liv.
– Eg treng kvar einaste diplomatiske trevl eg har i meg når eg reiser rundt og snakkar med folk, ler Farrell, med akkurat så mild latter som du kan førestilla deg.
Ei lang stund var det ubehageleg stille i almanakken hans. Det var etter å ha vore styremedlem og gallionsfigur for National Organisation for Women (NOW) i New York frå 1971–74. Då byrja han å lufta problemstillingar kring mannsposisjonen i den tiltakande kvinnefrigjeringa. Ei av dei var delt omsorgsrett for barn, der medfeministane hans meinte det måtte vera opp til kvinna å avgjera kven som skulle ha foreldreansvaret ved skilsmisse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.