JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein sjølvsagd rett til abort?

Ingvild W. Thorsvik (V) meiner Noreg må grunnlovsfeste retten til abort, slik Frankrike gjorde denne veka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Stortinget

Foto: Stortinget

6608
20240308

Samtalen

Ingvild Wetrhus Thorsvik, stortingsrepresentant for Venstre

Aktuell: Retten til sjølvbestemt abort

Abort

Abortrettane til kvinner i fleire land er svekka, mellom anna i USA, Polen og Ungarn.

I Noreg har kvinner sidan 1978 hatt rett til sjølvbestemt abort.

Rapporten frå abortutvalet tilrår å auke grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18 av svangerskapet.

Det har vore nedgang i talet på abortar i Noreg sidan 2008. Men ifølgje Abortregisteret har talet byrja å stige i 2022.

sofie@dagogtid.no

Frankrike grunnlovsfesta denne veka retten til sjølvbestemt abort, som første land i verda. Dette kjem som ein reaksjon på at abortrettane til kvinner i fleire land er svekte. «Det sender eit universelt bodskap», sa president Emmanuel Macron, ifølgje NRK.

USA har gjort abort ulovleg i fleire delstatar etter at Roe v. Wade vart vraka i 2022. Polen har ei av dei strengaste abortlovene i Europa, og i Ungarn er det no krav om at den gravide kvinna skal høyre lyden av hjartet til fosteret før ho tar abort.

I Noreg har abort igjen vore på agendaen. Også her i avisa. Dag og Tid skreiv 5. januar om rapporten frå abortutvalet som vart lagd fram før jul. Utvalet tilrår ikkje berre endringar i lova, som å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 av svangerskapet til veke 18, og å avvikle dagens abortnemder, men dei meiner òg at heile abortlova me har no, er utdatert. Dei går inn for å erstatte ho med ei ny som er betre tilpassa dagens samfunn.

Rapporten er no på høyring med frist 22. mars.

I Noreg har kvinner sidan 1978 hatt rett til sjølvbestemt abort. Denne retten har tatt lang tid å få på plass. Kan den forsvinne att, slik me ser i andre land?

På kvinnedagen i fjor la Venstre fram eit grunnlovsforslag om sjølvbestemt abort. Pådrivaren for forslaget var stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik frå Venstre. Framlegget ligg til behandling hos Stortinget.

– Kvifor meiner du det er viktig å grunnlovsfeste retten til sjølvbestemt abort?

– Fordi retten til å bestemme over eigen kropp er så grunnleggande og på same tid ikkje noko me kan ta for gitt. Det er ein rett som er eit resultat av ein lang kamp i Noreg og i verda. Og sjølv om det har vore brei semje om abortlova her i Noreg, ser me autoritære krefter som har sett desse rettane i spel i land nær oss. Me må ikkje vere naive og tru at det ikkje kan skje her òg. Ved å grunnlovsfeste retten til å bestemme over eigen kropp og eige svangerskap gjer me den mindre sårbar. Éin av grunnane til at grunnlova gir ein rett sterkare vern, er at endringar må bli føreslått av eitt storting, men bli behandla av eit anna. Det kan altså ikkje diskuterast eller stemmast over før etter neste stortingsval. Noko som gjer det umogleg å endre grunnlova ved reint innfall.

Måndag 4. mars grunnlovsfesta Frankrike retten til sjølvbestemt abort som første land i verda. Her er det franske parlamentet samla i Versailles etter avgjerdsla.

Foto: Stephanie Lecocq / NTB

– Er ikkje demokratiet sterkt nok i Noreg til å halde på abortretten?

– Noreg er eit fritt, liberalt og demokratisk land. Men me må ikkje tru at viktige kampar er vunne for alltid. Eit demokrati kan også forvitre. I både USA, Polen og Ungarn ser me døme på at liberale lover blir omgjorde, og at ein innsnevrar rettar. Det gjeld særleg for kvinner og minoritetar som LHBT-befolkinga. Det kan sjølvsagt skje her også.

– Er me naive viss me ikkje ser føre oss ein norsk Trump?

– Heldigvis trur eg det norske politiske systemet er meir representativt enn det amerikanske, og det skal litt meir til at me vel oss ein Trump. Her er me vande med breie koalisjonar og kompromiss, ikkje einmannsshow. Men ein kan ikkje seie at det vil vere umogleg.

– Kan meir merksemd kring abortspørsmålet bidra til enda meir konflikt rundt eit tema det har vore (og er) stor samling rundt?

– I eit demokrati må me kunne diskutere politiske saker ope, utan å vere redde for motargument. Det er jo diskusjonen som tar oss vidare og som gjer at me endar opp med dei beste løysingane. Viss me ikkje har rom for å vere usamde lenger, er det fare på ferde. Så trur eg at meir merksemd kring dette viktige spørsmålet vil føre til at fleire kjenner seg opplyste og kanskje også vil engasjere seg i saka og støtte ho.

– Er det grunn til å tru at motstanden mot abort skal endre seg?

– Haldningane samfunnet har til abort, har jo endra seg, i og med at det historisk har gått frå å vere ei straffbar handling til å vere ein rett og ein del av det offentlege helsetilbodet. No som me har fått ei ny utgreiing som tilrår utviding av retten til sjølvbestemt abort til 18 veker inn i svangerskapet, ser det ut som fleire også vil endre synet sitt på kvar grensa bør gå. Haldningane til djupt personlege og konfliktfylte tema som abort vil alltid kunne endre seg, også i illiberal retning. Eg verken trur eller håpar det vil skje i Noreg med det første, men grunnlovsfesting av retten til abort er eit føre-var-grep.

Demonstrasjon for sjølvbestemt abort i Oslo 1973.

Foto: NTB

– Å grunnlovsfeste denne retten er jo ei rettsleggjering av politikken. Er ikkje det problematisk?

– Fleire menneskerettar er grunnlovsfesta. Viss ei sak er viktig no, meiner eg det taler for lov- eller grunnlovsfesting, ikkje motsett.

– I 2023 formulerte de grunnlovsforslaget slik: «Ny § 103 skal lyde: Enhver har rett til frivillig å avbryte eget svangerskap. En begrensning i denne retten må ha grunnlag i lov, være nødvendig for å ivareta et legitimt formål, og kan ikke hindre en reell og forsvarlig mulighet for å avbryte eget svangerskap. Statens myndigheter skal sikre retten til frivillig å avbryte eget svangerskap gjennom tilgang på informasjon og forsvarlige helsetjenester.» Eg kan ikkje sjå at de nemner ei grense for sjølvbestemt abort?

– Nei, denne meiner me ikkje treng å bli grunnlovsfesta. Detaljane bør regulerast i vanleg lov og kunne bli behandla med vanleg fleirtal i Stortinget. Slik vil ein lettare kunne tilpasse regelverket til kunnskapen som finst og debattane som går. Men prinsippet om sjølvbestemming må ligge til grunn. Det viktigaste er at retten er reell, altså at den ikkje blir sett så kort at det i realiteten ikkje er sjølvbestemt.

– I dag er det 8. mars, og kjønnskamp og kvinnekamp står i høgsetet. Kva har retten til sjølvbestemt abort hatt å seie for likestillinga?

– Utruleg mykje. Mest på grunn av kvinnesynet det inneber. Retten til sjølvbestemt abort gjorde jo at kvinnene blei myndiggjorde. Tidlegare meinte ein at legar, og dei var jo stort sett mannlege, var meir kompetente enn kvinna sjølv når det kom til å ta riktige val for hennar liv og hennar kropp. Det finst ingen tilsvarande situasjonar der menn vart fråtekne høve til å bestemme over seg sjølv.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis