Ein siste freistnad på å stogga Kina

Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor Trump går til handelskrig mot omverda.

På toppmøtet for G7-landa i Canada nyleg var det felles frukost i det som vert kalla «Gender Equality Advisory Council». Trump kom for seint. Han gjer alt for å stå fram som den slemme guten.
På toppmøtet for G7-landa i Canada nyleg var det felles frukost i det som vert kalla «Gender Equality Advisory Council». Trump kom for seint. Han gjer alt for å stå fram som den slemme guten.
Publisert

«Det som gjorde krig uunngåeleg», skreiv Thukydid i det ufullførte verket Peloponnesarkrigen, «var voksteren i athensk makt og den otta det skapte i Sparta». Den som lurer på kva Donald Trump held på med i internasjonal politikk, finn svaret i dette sitatet. For Trump er leiar i den stadig veikare krigarnasjonen Sparta.

Det går no ikkje ein dag utan at Trump går til åtak på det internasjonale frihandelsregimet og Verdshandelsorganisasjonen (WTO), som elles Kina, det nye Athen, vart medlem av i 2001. Dei stadig åtaka på frihandel er underleg av særleg to grunnar, ein ålmenn og ein spesifikk: Den ålmenne er at frihandel gjev høve til å utnytta såkalla komparative fordelar og dimed fører til høgre levestandard. Den spesifikke er at USAs posisjon som den største og sterkaste guten i skulegarden har gjeve dollaren status som verdas reservevaluta og dimed vert subsidiert av alle andre som handlar med landet.

Ricardo på ny

Lova om komparative fordelar i handel, og dette er ein reprise, stod den klassiske økonomen og aksjemeklaren David Ricardo (1772–1823) bak. Lova eller teorien syner at alle vert rikare med frihandel. I det mest vidgjetne dømet gjekk han ut ifrå at verdsøkonomien hadde to land, Portugal og England, som båe produserte to produkt med same nytte og kvalitet. Dei produserte båe vin og ty. I dømet var Portugal det mest effektive landet; det kunne laga båe varene med mindre arbeid enn England. Men, sa Ricardo, dei relative kostnadene ved å produsera vin og ty var ulike i dei to landa.

Lat oss så seia at England nytta 100 timar på å laga éi eining med klede og 120 timar på å laga eitt fat med vin. Portugal på si side nytta 90 timar på laga ei eining med ty og 80 timar på eit fat med vin. Portugal er altså best på båe varene. Men som vi òg ser, er britane meir effektive i å produsera klede enn i å produsera vin, og Portugal er relativt sett meir effektive i å laga vin enn klede, sjølv om dei i absolutte tal er meir effektive enn britane i båe produksjonsmetodane. Men om Storbritannia spesialiserer seg i klede og ty og Portugal i vin, kan båe landa få meir vin og meir ty enn om dei båe held fram med å produsera klede og vin i ly av tollmurar. Ricardo tok langt på veg knekken på britisk merkantilisme og tollmurar. Import var ikkje eit tap av formue og verdiskaping. Og det som galdt for Storbritannia og Portugal då, gjeld for USA og resten av verda no.

Valutafordelen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement