Kommentar
Distraksjon er obligatorisk i Oslo-skulen
Medan foreldra kjempar for å avgrense skjermbruken, sikrar skulane barna tilgang til Minecraft, YouTube og strøymetenester.
Spelet Minecraft (i ein versjon kalla Education Edition) er del av standardutrustinga på iPadane og PC-ane for elevar i Oslo-skulane.
Illustrasjon: Minecraft / Microsoft
Som dei fleste no veit, kjempar foreldre ein fortvilt kamp
for å berge konsentrasjonsevna til ungane sine. Vi er på vikande front overfor
dei mektigaste selskapa i verda, som tener milliardar på å halde barn og unge
konstant pålogga, distraherte og avhengige. Dette gjer vilkåra for læring,
lesing, strukturert arbeid og systematisk tenking ekstremt vanskelege.
Resultata i skulen er kjende: fallande leseevne, mindre uthaldande elevar,
svekt motivasjon, dårlegare allmennkunnskapar.
I denne kampen skulle ein tru at den offentlege skulen var
på same side som foreldra. Men slik er det ikkje. I alle fall ikkje i Oslo, der
eg sjølv har hatt barn i skulen i snart ti år. Alle som ønsker å redusere
distraksjonane, blir dagleg undergravne av den offentlege skulen. I privatlivet
kan vi blokkere TikTok, utsetje smarttelefonkjøpet og avgrense skjermtida. Men
vi er makteslause overfor Utdanningsetaten, som sikrar barna tilgang til
Minecraft, YouTube, såkalla sosiale medium og tusenvis av nettbaserte spel på
skulens PC-ar og nettbrett.
Dette er ein kommentar skriven i fortviling.
For det første: Utdanningsetaten har utstyrt alle
skule-PC-ar og iPadar med spelet Minecraft. Dette er det mest selde dataspelet
gjennom tidene, eigd av Microsoft, og treng knapt kommunal støtte. Eg har
ingenting imot Minecraft i seg sjølv. Det er eit ganske sofistikert spel der du
kan lage byggverk i tredimensjonale landskap, og det kan brukast meir kreativt
enn dataspel flest. Men det er like fullt eit dataspel.
Oslo-skulen brukar varianten med det kløktig uttenkte namnet
«Minecraft Education». Denne versjonen legg til rette for fagleg relevante
oppgåver i til dømes geometri, koding eller historie («korleis levde folk i
steinalderen»).
Men det er òg mogleg å nytte spelet som rein underhaldning.
Eg kan ikkje bevise det, men mistenker sterkt at det i all hovudsak er slik det
blir brukt – til dømes når læraren gjev elevane speletid i Minecraft på det
såkalla læringsbrettet – altså iPaden – som premie på slutten av dagen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.