Ein særleg kjærleik til fisk

Somme bryr seg litt ekstra om kva du og eg et til middag.

Elin Pettersen vert veldig glad når ho får den første skreien.
Elin Pettersen vert veldig glad når ho får den første skreien.
Publisert

Nei, det er ikkje nokon annan måte å seie det på, i det minste ikkje i denne delen av landet: Det er eit helvetes vêr i Nord-Noreg i dag. Årets fyrste vinterstorm har slått inn, evakuert Svalbard og slått ut sjølvaste Aust-Finnmark, og her, i Bodø, blæs det så seglbåtane legg seg over, og sjølv om ein ikkje ser storhavet frå byen, så kjenner ein så absolutt at det er der. Det er der vinden kjem frå, og det kjem i alle fall ikkje båtar for å levere fisk til Bofisk-bruket akkurat i dag.

Då skulle ein kanskje tru at fiskemottakssjef Harald Lorentzen hadde god tid?

Nja. Han har no vore oppe sidan klokka halv fire, då han henta kassar med fisk på ferja. I dag, nett i dag, kjem den fyrste skreien – frå Nord-Troms, for det er ikkje skrei utanfor Bodø enno, men likevel: Det er ein stor dag, og skreien kjem rekordtidleg. Aldri før har Bofisk hatt skrei i fiskediskane sine så tidleg som 10. januar. Og når ein driv fiskemottak som er ope kvar dag, heile året, og ein i andre etasje produserer fiskekaker og grateng og bacalao og forskjellig, og det heile og meir til skal omsettast gjennom dei to fiskebutikkane som finst i Bodø, så er god tid eit relativt omgrep. Kanskje er det betre å seie at ein bør trivast med jobben sin.

Bofisk har drive fiskemottak i Bodø sidan 2001. Harald Lorentzen byrja fyrst, han kjøpte og sette i gang, så hengde kona Elin Pettersen seg på, fyrst som sommarhjelp, så med torgsal av fisk, litt fiskekaker, og no har dei altså to fiskebutikkar – Bodøs einaste reine fiskebutikkar. Dette gjer Harald og Elin til Bodøs siste fiskehandlarar.

Kor mange byar har eigen fiskebutikk i dag, eller tettstadar langs kysten, med tanke på at vi er i verdas tiande største fiskerinasjon?

Fiskete kjensler

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement