Kommentar
Ein pensjon for heile livet
Vi må jobbe lenger, men det er naivt å tru at alle kan jobbe like lenge.
Kva tid skal vi få lov til å verte gamle? Forventa levealder er eitt av tre kriterium FN nyttar når dei lagar lister over kva land som er best å bu i – og den lange levetida her til lands, er ei av årsakene til at vi vinn år etter år.
Likevel er det kanskje like typisk norsk at vi gjer stigande levealder til eit problem: «Levealdersjusteringen vil etter hvert kreve lengre yrkeskarrierer for å sikre akseptable pensjonsnivåer. At tilstrekkelig mange øker avgangsalderen er trolig avgjørende for å sikre den sosiale og økonomiske bærekraften til pensjonssystemet», som det står i Pensjonsutvalets NOU, Et forbedret pensjonssystem.
Å legge til rette for å få så mange som mogleg av oss til å jobbe så lenge som mogleg, og lenger enn vi gjer i dag, og lenger enn vi eigentleg har lyst til, er ikkje noko nytt. Det var òg målet for pensjonsreforma frå 2011, som utvalet vart sett til å evaluere. Sidan dei frivillige tiltaka berre har fungert sånn passe, vil dei no ta i bruk hardare lut: heve aldersgrensene for pensjon, slik at vi vert nøydde å arbeide lenger.
Varierande levealder
Pensjonssystemet vårt har godt av at fleire av oss jobbar lenger. Det er det liten tvil om. Og mange av dei som i dag går av med pensjon når dei fyller 62, eller endåtil 67, har helse til å jobbe lenger. At utvalet gjev eit spark bak til dei som kan jobbe, men vel å late vere av di dei heller vil gjere noko anna, er på sin plass. Men kva med resten?
Gjennomsnittnordmannen lever lenger enn før, men saman med alderen aukar òg skilnadene. Ifylgje Stami, som overvaker arbeidsmiljøforhold, varierer gjennomsnittleg levealder mellom yrke med 7,3 år for menn og 6,8 år for kvinner. Legar, psykologar, farmasøytar og veterinærar lever lengst, og så fell levealderen temmeleg jamt med fallande løns- og utdanningsnivå – til ufaglærte, kokkar og kjøkkenassistentar heilt i botnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.