Ein paradoksal siger
– Det er ingen tvil om at Socialdemokratiet og Mette Frederiksen vann valet for dansk venstreside, seier Hans Mortensen.
Leiar for dei danske sosialdemokratane, Mette Frederiksen, går no i forhandlingar om å skipe ny regjering.
Foto: Liselotte Sabroe / Ritzau / NTB scanpix
Onsdag heldt Danmark folketingsval, eit val som endra heile det politiske Danmark og gav borgarleg side ein historisk attendegang. Hans Mortensen er tidlegare politisk redaktør i Extra Bladet, no politisk journalist i Weekendavisen, og har skrive ei rekkje bøker om danske politikarar.
– Den største skrellen var vel at det presumptivt borgarlege og innvandringskritiske Dansk Folkeparti (DF) vart meir enn halvert?
– Dei hamna i ein dobbel skvis. Dei fekk konkurranse frå to ytterleggåande parti til høgre, som ville trekkja Danmark ut av alle internasjonale konvensjonar. Om lag 5 prosent av veljarane er der, og desse tapte dei. Men eit vel så stort tap fekk dei til Socialdemokratiet (S), som no forfekta klassiske sosialdemokratiske synspunkt og ein streng innvandringspolitikk. I tillegg gjorde Venstre òg eit godt val og tok ein del heilt i sør. Alle har ete av DF. Dei har lukkast nesten 100 prosent med sin strenge innvandringspolitikk, og no er dei fleste andre samde med dei. Men då tenkjer vel mange at dei ikkje lenger har bruk for DF.
– Men det einaste liberalistiske partiet i Danmark, Liberal Alliance (LA), fekk svi endå meir. Dei er nesten utrydda?
– LA har vore det nye opprørarpartiet som skulle fortelja makta sanninga. Men så enda dei i staden med å gå inn i regjeringa då dei ikkje fekk gjennom det største kravet, å senka toppskatten med 5 prosent. Dei gjekk frå å vera opprørar til å verta eit særs bleikt maktparti. Dessutan sa dei sjølv ved førre val at dei skulle målast på om dei fekk ned toppskatten, som dei ikkje greidde. Dei fekk ned nokre bilavgifter. Var det den store liberale revolusjonen? Litt billigare bilar? Dessutan elskar danskane velferdssamfunnet. Det er dei store gamle maktpartia som bygde opp velferdsstaten til verdas største, som har vunne stort.
– Men S og Mette Frederiksen vann ikkje så stort? Eit resultat som er omtrent likt med førre val?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.