Ein optimistisk pessimist
Douglas Murray har gjort islamkritikk til ein bestseljar.
Muslimske innvandrarar ber på ein open plass i Athen i samband med eid-feiringa.
Foto: Petros Giannakouris / AP / NTB scanpix
«Kor vent det er, og kor lett det kan verta kunst», er eit sitat henta frå sceneinstruksjonane til Tennessee Williams’ skodespel Glasmenasjeriet. Det er ein referanse til det handblåsne glaset som speler ei sentral rolle i dramaet. Det er elles ei påminning om at ikkje alt vent varer.
Det er òg eit sitat som Douglas Murray, det store, kvite konservative engelske håpet, opnar alle føredrag med når han dreg rundt i verda for å reklamera for boka The Strange Death of Europe, som visst nok skal fortelja kva muslimsk masseinnvandring fører til: Og det er det vanlege som konservative plar meina: Islam fører med seg kvinneundertrykking, terror, gettofisering og fattigdom, men fyrst og fremst manglande tankefridom.
Førre veke var Murray som er medredaktør i The Spectator og skriv for ei rekkje aviser, mellom andre Wall Street Journal, i Oslo i regi av forlaget og nettstaden Document.no, som gjev ut boka på norsk med tittelen Europas underlige død. Føredraget var utselt veker på førehand, men Dag og Tid fekk 40 minutt med Murray. I staden for å diskutera radikale moskear, sosialhjelp og IS bad vi han analysera den politiske debatten rundt islam.
Men fyrst ein omveg: Murray er ein sosiologisk anomali, skal ein tru Thomas Piketty. Rett nok skal ein ikkje tru Piketty. Om kapitalteorien hans skal vera rett – at kapitalen vert ein stadig større del av den samla økonomien – føreset det at Vesten endar med ein slaveøkonomi der slavane ikkje eingong får tilgang på kaloriar. Sjølv ikkje Murray er så pessimistisk på vegner av Vesten. Men sjølv om Piketty tek feil om økonomi, kan han ha rett om mykje anna, til dømes om venstrevridde akademikarar.
Stadig meir radikale
I det siste arbeidet sitt, Brahmin Left vs Merchant Right, ser Piketty på korleis konfliktlinene har endra seg i USA, Frankrike og Storbritannia, og kven som hamna på kva side. Etter krigen var det stort sett dei velståande som hadde utdanning, og di høgre utdanning dei hadde, di meir konservative var dei. Så kom 68-revolusjonen, og dei med høg utdanning gjekk radikalt til venstre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.