Ein optimistisk pessimist
Douglas Murray har gjort islamkritikk til ein bestseljar.
Muslimske innvandrarar ber på ein open plass i Athen i samband med eid-feiringa.
Foto: Petros Giannakouris / AP / NTB scanpix
Islam
jon@dagogtid.no
«Kor vent det er, og kor lett det kan verta kunst», er eit sitat henta frå sceneinstruksjonane til Tennessee Williams’ skodespel Glasmenasjeriet. Det er ein referanse til det handblåsne glaset som speler ei sentral rolle i dramaet. Det er elles ei påminning om at ikkje alt vent varer.
Det er òg eit sitat som Douglas Murray, det store, kvite konservative engelske håpet, opnar alle føredrag med når han dreg rundt i verda for å reklamera for boka The Strange Death of Europe, som visst nok skal fortelja kva muslimsk masseinnvandring fører til: Og det er det vanlege som konservative plar meina: Islam fører med seg kvinneundertrykking, terror, gettofisering og fattigdom, men fyrst og fremst manglande tankefridom.
Førre veke var Murray som er medredaktør i The Spectator og skriv for ei rekkje aviser, mellom andre Wall Street Journal, i Oslo i regi av forlaget og nettstaden Document.no, som gjev ut boka på norsk med tittelen Europas underlige død. Føredraget var utselt veker på førehand, men Dag og Tid fekk 40 minutt med Murray. I staden for å diskutera radikale moskear, sosialhjelp og IS bad vi han analysera den politiske debatten rundt islam.
Men fyrst ein omveg: Murray er ein sosiologisk anomali, skal ein tru Thomas Piketty. Rett nok skal ein ikkje tru Piketty. Om kapitalteorien hans skal vera rett – at kapitalen vert ein stadig større del av den samla økonomien – føreset det at Vesten endar med ein slaveøkonomi der slavane ikkje eingong får tilgang på kaloriar. Sjølv ikkje Murray er så pessimistisk på vegner av Vesten. Men sjølv om Piketty tek feil om økonomi, kan han ha rett om mykje anna, til dømes om venstrevridde akademikarar.
Stadig meir radikale
I det siste arbeidet sitt, Brahmin Left vs Merchant Right, ser Piketty på korleis konfliktlinene har endra seg i USA, Frankrike og Storbritannia, og kven som hamna på kva side. Etter krigen var det stort sett dei velståande som hadde utdanning, og di høgre utdanning dei hadde, di meir konservative var dei. Så kom 68-revolusjonen, og dei med høg utdanning gjekk radikalt til venstre.
Eisenhower, de Gaulle og Churchill kunne rekna med dei høgt utdanna. Det same kunne Blair, Clinton og Macron. Ja, til og med Hillary Clinton fekk langt over 70 prosent av røystene frå dei med mastergrad.
Men éi gruppe er høgreorientert. Enkelt sagt: Kjem du frå gamle pengar og tek utdanning, er du framleis konservativ. Kjem du derimot frå mellomlaga eller arbeidarklassa og får plass på universitetet, skal du per definisjon vera venstreorientert og snakka snilt om innvandring og muslimar, syner Pikettys siste arbeid. Trump arva pengar, faren til Bernie Sanders selde måling.
Sel mykje
Murray burde vera radikal. Han er ope homofil, mor hans var byråkrat, faren lærar, dei hadde ingen formue, men takk vera musikkstipend kunne Murray gå på Eton og seinare Magdalen College i Oxford. Likevel har han altså skrive ei djupt pessimistisk bok om korleis det gamle Europa døyr på grunn av innvandring frå den muslimske verda. Men det er kan henda difor Murrays bok sel i rekordopplag.
Både forfattaren og boka er eit unnatak. Det finst tusenvis av bøker skrivne av venstreintellektuelle om kor bra det er med multikultur og innvandring i USA og Storbritannia, og ein god del i Noreg òg. Når eg peiker på dette, smiler Murray breitt.
– Ja, det er dei som får stipend, men dei sel ingenting. Eg, derimot, har no gjeve dei konservative, dei som er urolege, ei gjennomarbeidd bok.
– Kvar kjem denne tunge pessimismen din frå?
– Eg kallar det ikkje pessimisme, eg kallar det realisme. Eg har reist mykje, eg har lese endå meir, og eg har snakka med menneske i mange land. Det vi har i Storbritannia, i Danmark, i Noreg, i landa rundt Nordsjøen, er noko høgst uvanleg. Dette området er ikkje naturtilstanden til menneske. Noreg er ikkje der vi hamnar om alt ramlar i hop. Nordsjøkulturen er ein kombinasjon av mykje, ein av faktorane er flaks. Vi får ikkje den flaksen to gonger. Difor bør vi vera varsame med eksperiment. Det kan gå gale på så mange vis. Eg har gått på skule med menneske frå heile verda. Det har lært meg éin viktig ting: Det kan alltid verta verre.
Lita støtte
At Murray vart eksponert for den rike eliten frå dei tidlegare britiske koloniane, forklarer kanskje kvifor han vart konservativ, men det forklarer ikkje kvifor den overveldande majoriteten av høgt utdanna menneske nektar å akseptera synspunkta som Murray forfektar.
– Nei, dei gjer tradisjonelt ikkje det. Eg er eit unnatak. Det er noko i det moderne utdanningssystemet i Vesten som gjer at dei som vert eksponerte for det, trur at dei alltid kan auke lukka til andre.
Det store temaet i Murrays bok er avstanden mellom kva veljarane ynskjer, og kva dei får. Det har alltid vore fleirtal i EU-landa mot masseinnvandring frå den muslimske verda, eit fleirtal såkalla konservative politikarar appellerer til i valkampar. Både Cameron, Merkel og Sarkozy tok i si tid eit kraftig oppgjer med høg innvandring og multikulturalisme, for så å halde fram med den same innvandringspolitikken som sosialdemokratiet hadde før. Veljarane i Vesten vil ha låg innvandring og høg redistribusjon, den utdanna politiske eliten gjev dei høg innvandring og stadig aukande skilnader.
– Venstresida har ei god stund no kontrollert media og utdanningsinstitusjonane, og venstreorienterte veit kva dei vil ha overalt: Takk vera ein eller annan underleg osmose, endar dei med å lesa Piketty og forfekta transpersonrettar på same tid. Vi konservative vil konservera ulike ting i ulike land til ulike tider. Vi er heldige om vi veit kva vi ikkje vil ha. Vi vil ikkje ha utopien, vi vil ikkje ha samfunnsomvelting eller nye institusjonar. Venstresida er for det nye, vi er som regel skeptiske til det nye. Og dimed vert vi portretterte som reaksjonære pessimistar.
Ei viss von
Men sjølv om samtalen har enda der samtalar med konservative ofte endar – i ein frustrasjon over at venstresida dominerer det intellektuelle landskapet – er ikkje Murray heilt desillusjonert. Han ser ei lita von der framme.
– Desse unge «sosiale krigarane» (social warriors) har mistydd rolla politikk har i folks liv. Politikk er noko ein diverre lyt engasjera seg i om ein bryr seg om kultur og fellesskap, ein lyt i det minste bry seg nok til å røysta. Men politikk er ikkje poenget med livet. Politikk er det vi gjer for å ha eit meiningsfylt liv elles. Den aktivistiske venstresida har no gjort det til sjølve meininga med livet. Om politikk er alt, vert det noko særs risikabelt og grenselaust. Den unge politiske generasjonen i dag kjem til å oppleva mykje smerte og nederlag. Ingen kan engasjera seg tungt i politikk utan å verta desillusjonert. Difor trur eg at mange unge til slutt kan enda som konservative.
Døden i Paris
Murray trur elles at ein del menneske på den tradisjonelle venstresida har både kjøpt og lese boka hans, det er ein av grunnane til dei høge salstala, og han trur kjøpa handlar om at det vert stadig vanskelegare å nekta for dei negative følgjene av høg muslimsk masseinnvandring.
Forsikringslogikken slår inn: Sjølv om mange ikkje gjer skade, går premien på forsikringa opp om nokon gjer skade.
– Ordskiftet er ulikt frå land til land, men det som gjer at ein til slutt må vedgå at talet på innvandrarar frå muslimske land har noko å seia, er tryggleiksdimensjonen. I nokre land kan ein framleis vera nokså naiv, til dømes i Noreg, men om ein mister 130 menneske på éi natt i Paris, vert det vanskelegare å tru på at den stadig aukande folkeforflyttinga ikkje er eit problem. Men her er vi attende til det konservative problemet med ulik kontekst: Om eg seier at islamsk innvandring er farleg her i Noreg, vert eg stempla som høgreradikal, medan eg kan seia det same i Frankrike og verta oppfatta som ein som forfektar sosialdemokratiske synspunkt. Politikk handlar som kjent om hendingar. Hendingar i Frankrike har endra debatten der, og hendingar vil endra debatten andre stader.
Det går ikkje bra
Murray seier at han kjenner seg viss på at det som har skjedd på tryggingsområdet, òg vil henda innanfor velferdsstat, skule og arbeidsliv, og at stadig fleire menneske på venstresida og mellom dei liberale vil innsjå at islam er eit eksistensielt trugsmål mot Europa. Men det vil ikkje seia at problema han meiner Europa har med islam, vil verta løyste, eller at vår verdsdel vil slutta å taka mot stadig fleire. For som han skriv i boka:
«For hver dag som går, vil det bli vanskeligere å finne en stor nok andel av befolkningen som er imot masseinnvandringen, til å arbeide for en politikk som kunne reversere den, eller i det minste hindre en fortsettelse av den. Så i løpet av dette århundret vil våre samfunn, først de store byene og deretter hele land, bli de ’nasjonene av innvandrere’ vi pleide å late som om vi alltid hadde vært.»
Det Murray seier, er at stadig fleire vil innsjå at det ikkje gjekk an å halda på det gamle Europa i møte med masseinnvandring.
Kvifor bry seg?
Men då vert spørsmålet: Kvifor skriva ei bok når ein trur at dei problema ein skildrar i boka, ikkje er til å løysa? Eller som Reinhold Niebuhr sa det: «Gud, gje meg sinnsro til å godtaka det eg ikkje kan forandra.» Eller med Luther: «Går verda under i morgon, går eg ut i hagen og plantar epletreet mitt i dag.»
– Om eg hadde fått dødeleg kreft, trur eg ikkje at eg hadde skrive ei bok om kor dødeleg den kreften var. Eg hadde gjort noko heilt anna. Kvifor denne dystopiske boka? Kvifor ikkje heller planta epletre?
– Igjen: Eg går ikkje med på merkelappane «dystopi» og «pessimisme», eg ser på fakta og prøver å vidareformidla dei på ein så presis og sannferdig måte som mogleg. Men ja, det er ei oppfatning der ute om at ein skal vera optimist, at den som er optimist, er eit betre menneske og difor vinn ordskiftet. Eg orkar ikkje dette. Nei, eg kan ikkje forklara kvifor eg er slik, men eg hatar lygn. I stad nemnde du at du hadde lese ein artikkel om kyrkjene som skulle leggjast ned på Oslo aust utan at journalisten nemnde kvifor: at muslimane flytta inn og dei kristne ut. Slikt provoserer meg i ei slik grad at eg ikkje får sagt det. Men samtidig tek eg lygna til meg, ho gjev meg slik energi. Difor skriv eg. Eg ser at dumme folk spreiar lygner og slepp unna med det. Men dei skal ikkje sleppa unna på grunn av meg. Masseinnvandring av muslimar går dårleg og kjem til å enda ille. Så ok, der ser eg pessimistisk på konsekvensane.
Kva med Israel?
Men må det gå ille? Det er eitt land som Murray verkeleg ovundrar, og det er sjølvsagt Israel. Han er ven med Benjamin Netanyahu, som elles har lese boka. Israel har fleire muslimar enn noko EU-land, seier eg til Murray, omtrent ein femtedel av dei som bur innanfor 1967-grensene, har muslimsk bakgrunn. Men Israel har ein god grunnskule, svært gode universitet, flest patent per capita i verda, ein fungerande velferdsstat, lågt kriminalitetsnivå og god tryggleik.
– Om dei europeiske statane endar som Israel, kan eg leva med det. Det kan vel du òg?
– Eg vedgår at det er eit godt spørsmål, og ja, det kan eg. Eg har vore ein god del der, og som ei god veninne av meg der plar seia: «Det beste provet på at Gud finst, er at vi finst.» Eg forstår at ho seier det, for ikkje berre er heile omverda mot Israel, til og med den heimlege debatten, som er eit galehus, tyder på at politikarane ikkje ynskjer at Israel skal overleva. Men det gjer Israel, det er eit under.
Her byrjar Murray å ramsa opp alt Israel har som Europa ikkje har. Det er ein del.
– For det fyrste har dei som kom og dei som kjem, i stor grad europeisk bakgrunn. Merkel, derimot, har ikkje teke mot lutheranarar. For det andre er staten bygd på at jødane skal overleva, så sjølv om dei i Tel Aviv hatar dei i Jerusalem, veit dei samstundes at dei er avhengige av dei. Tel Aviv veit at skal dei vera Tel Aviv, så treng dei at Jerusalem er Jerusalem. Det er eit felles tankegods eg ikkje ser i Europa. Israelarane kjem aldri til å akseptera at dei skal enda som endå eit feilslege land i Midtausten. Israelarane er viljuge til å gjera det som er naudsynt. Eg ser ikkje det same her i nord. Hadde Danmark eller Noreg hatt Iran, Saudi-Arabia og Nord-Korea som grannar, kunne situasjonen kanskje vore annleis. Etter Murens fall, tapte vi realismen.
Etter å ha høyrt på lydbandopptaket innser eg at Murray ikkje svara på spørsmålet om muslimar i Israel, og at eg ikkje kom med oppfylgingsspørsmål. Min feil.
– Kan du seia noko optimistisk til slutt?
– Eg møter aldri nokon som seier: «Før var eg særs uroleg for islam og muslimsk innvandring. No er eg ikkje det lenger.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg går ikkje med på merke-
lappane «dystopi» og «pessimisme».
Douglas Murray, forfattar og journalist
Fleire artiklar
Johanna Reine-Nilsen er songar, musikar og låtskrivar.
Foto:
Blå sirkel
Johanna Reine-Nilsen platedebuterer med eit sterkt album.
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Foto: Filmweb.no
Sinnemeisterleg
Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.
Erlend Viken har med seg Marius Graff (t.v.) og Sondre Meisfjord i trioen.
Pressefoto
Urban Viken
Erlend Viken Trio med gjester byr på kreativitet.
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.