Ein oljeæra går mot slutten
Equinor ynskjer å verta verdsleiande på fornyeleg energi. Vi talar kan henda om 3,5 billionar kroner i grøne investeringar med dagens teknologi. Men då får AS Noreg mindre pengar.
Då Erna Solberg, saman med tidlegare olje- og energiminister Sylvi Listhaug, kunne opna Johan Sverdrup 7. januar i år, kunne ho fortelja at feltet var nedbetalt på eitt år.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Bakgrunn
Equinor har lova å verta utsleppsfri i produksjonen i Noreg før 2050.
Dei har også lova å ha like mykje rein produksjon av energi som fossil produksjon innan 2050.
Aksjekursen har gått kraftig ned etter at dei kom med lovnaden.

Lytt til artikkelen:
Energi
jon@dagogtid.no
Før vi kjem til Equinors nye investeringsstrategi, ha dette i minnet: Noreg er verkeleg store på fornyeleg energi. I skrivande stund ligg det 80 terawattimar (TWH), det vil seie 80 milliardar kilowattimar (kWh), i norske magasin og ventar på å verta produserte. Alt der har vi dekt inn heile forbruket av kraft i norske hushald. I år vert norsk kraftproduksjon på land truleg på rundt 150 TWh. Vindturbinane i Danmark produserer rundt 15 TWh, og det er attpåtil utstabil kraft. Noreg har over halvparten av all magasinkraft i EØS. Difor har vi framleis ein av dei største kraftkrevjande industriane i EØS.
Alt dette bleiknar samanlikna med energien i oljen og gassen. Equinor produserer meir enn 1 million fat olje om dagen, 600.000 fat i Noreg, og om lag like mykje gass. 1 million fat olje svarer til 560 TWh, og så kjem altså gassen. Ormen Lange åleine leverer 20 prosent av den britiske gassbruken. Samla eksporterer Noreg ti gonger sitt eige forbruk av energi, og hugs då at Noreg konsumerer meir energi per innbyggjar enn alle andre land i EØS. Det gjev ein hyperprofitt. Landbasert industri i Noreg har i dag 210.000 tilsette. Skulle vi hatt den same verdiskapinga som olje- og gassindustrien gjev oss, men frå landbasert industri, måtte vi hatt 1 million fleire industriarbeidarar. Likevel er Equinor på veg bort frå olje og over til vanleg industri, om vi skal tru dei sjølve.
Delprivatisering
Delprivatiseringa av Statoil hadde fleire mål, mellom anna å gje selskapet høve til å ekspandera fritt ute. Men hovudmålet var å frigjera Statoil frå politisk kontroll. Når staten må taka omsyn til andre aksjonærar som vil ha høgst mogleg avkasting, kan ikkje staten gripa inn på eit vis som gjer at verdien av selskapet ville verta lægre enn han elles kunne ha vore. Dessutan er det dårleg samfunnsøkonomi å redusera verdien og overskotet i eit selskap. Di høgre samla overskot eit samfunn får på ei investering, det vera seg den private eller offentlege delen, di rikare vert samfunnet.
Delprivatiseringa har vel i høgda vorte ein suksess på vilkår. Det er liten tvil om at då oljeprisen var høg, dreiv selskapet med altfor høge kostnader, noko den noverande leiinga har vedgått. Investeringane i utlandet på land, dei i Nord-Amerika, har vore ein fiasko. Dei kjøpte dyrt og avskreiv snøgt. Ein stad mellom 100 og 200 milliardar kroner har gått tapt. Men investeringar offshore, der Statoil hadde kompetanse med seg heimanfrå, har i hovudsak gått godt. I tida framover vil det etter det meste å døma koma inn store pengar frå Brasil. Angola var lure saker.
Svake eigarar
Eit anna problem med delprivatiseringa er at selskapet har fått svake eigarar. Staten, som har absolutt fleirtal i generalforsamlinga, har halde avstand for ikkje å skremma aksjemarknaden, medan dei private eigarane i stor grad har vore fond som ikkje har hatt sterke meiningar. Dimed har leiinga i Statoil fått halda på i fred, utan eit særleg ytre press om høgst mogleg profitt.
Men høgst mogleg profitt vil – eller i det minste ville – det norske samfunnet ha. For di fleire dollar Statoil skaffa, di rikare vart vi nordmenn. At staten har halde seg på avstand, tyder likevel ikkje at Statoil lèt vera å lytta til politiske signal. At selskapet no har døypt seg om til Equinor, er eit tydeleg døme i så måte. Namnebytet signaliserer at selskapet ikkje lenger skal vera eit reint olje- og gasseselskap, men eit energiselskap. Dei skal verta grønare.
Det får truleg konsekvensar. I dei siste dagane har selskapet gått på stygge smellar i aksjemarknaden. I skrivande stund, måndag denne veka, er 50 milliardar kroner gått tapt. Det er store pengar. Equinors eigardel i det nye gigantfeltet Johan Sverdrup er til samanlikning på 115 milliardar. Equinor har gått mykje meir ned i verdi enn oljeselskap det er naturleg å samanlikna med, som det heiter. Det handlar sjølvsagt om klima.
Grønvasking
At selskapet har lova å få ned utsleppa på norsk sokkel med 40 prosent innan 2030, samanlikna med 2005, og å gjera heile produksjonen CO2-fri innan 2050, er det eine. Men dette forstår truleg investorane kan vera ein lur ting. Store selskap må taka politiske signal. Men å verta eit mykje reinare selskap også i det dei produserer, er ein annan og truleg langt dyrare ting.
Elektrifisering av sokkelen er nok rett politisk, men sjølvsagt uheldig reint økonomisk for dei som skal taka kostnaden: Det norske folket skal betala vel 90 prosent av rekninga, mesteparten gjennom skattesystemet, som gjev Equinor høve til å trekkja 78 prosent av alle investeringane på skatten. Men investeringane gjev òg eit lægre overskot. Dimed tapar vi pengar både gjennom lægre overskotsskatt og lægre utbyte. Klimaeffekten er derimot meir i det blå.
Uklåre mål
Kva målet med norsk klimapolitikk er, verkar litt uklårt: Skal vi gjennomføra tiltak som får ned utsleppa samla globalt, eller skal vi taka kutta her heime? Ordskiftet rundt den føreslegne kraftkabelen til Skottland, Northconnect, er illustrerande. Tilhengjarane av han seier, truleg mykje med rette, at kabelen vil få ned utsleppa i Storbritannia. Når britane får ein kabel som kan gje stabil straum, kan dei byggja ut meir ustabil vind enn dei elles kan gjera. Då vert utsleppa globalt lægre enn dei potensielt ville ha vore.
Mykje av utsleppsreduksjonen her heime har neppe den effekten. Elektrifisering av sokkelen handlar om at Equinor ser ut til meina at om dei skal få halda fram med å vera på norsk sokkel og halda på eit nokolunde stabilt skatte- og leiteregime, må dei vera med på dei politiske måla om å få ned utsleppa her heime. Men ei slik elektrifisering får nok ikkje ned utsleppa globalt.
God gassbruk
Plattformene i Nordsjøen, i det minste dei nye, er utstyrte med effektive gassturbinar som utnyttar varmen frå gassen to gonger. Koldrivne turbinar slepper ut 940 kilo CO2 per 1000 kWh, dobbeldrivne gassturbinar 400 kilo. Gassturbinane i Nordsjøen er i ein del tilfelle den reinaste forma for fossil kraftproduksjon, og dei gamle turbinane kunne etter kvart ha vorte bytta ut med nye og høgeffektive for ein relativt lav sum. I framtida skal alle gassturbinane stort sett stå stille, og den gassen dei ikkje lenger nyttar, vert dimed seld. Kraft til sokkelen vil ha eit overføringstap på 6-8 prosent. Gassen som vert send ut på den globale marknaden, vil ofte verta nytta på ein mindre effektiv måte enn i Nordsjøen.
Den krafta plattformene får frå land, gjer òg at det må produserast meir kraft på land. Noreg vil i mange tilfelle importera meir frå utlandet. Den ekstrakrafta Equinor treng, marginal kraft, som det heiter, vil ofte vera kolkraft, og ifylgje økonomisk teori føra til ei seinare utfasing av kolkraft på kontinentet. Litt enkelt sagt: I staden for å byggja ein ny kraftkabel til Skottland, som ville ha gjeve reduserte CO2-utslepp globalt, byggjer vi kraftkablar til plattformene, som truleg ikkje gjev særleg reduserte CO2-utslepp. I alle høve: Den reine krafta vi skal nytta på sokkelen, kan ikkje nyttast andre stadar.
Må vera med på Paris
Men Equinor hadde truleg ikkje mykje val. I Parisavtalen sa Noreg at vi vil redusera klimautsleppa, samanlikna med 1990, med 40 prosent innan 2030. Denne veka forsterka regjeringa dette målet til minst 50 og helst opp mot 55 prosent. Rett nok veit ingen korleis vi skal gjera dette og kva det vil kosta. I den store Klimakur-utgreiinga som kom førre veke, vert det gjort klart at vi ikkje veit om tiltaka som der vert ramsa opp, bør gjennomførast, eller kva dei økonomisk konsekvensane vert. Men som statssekretær Mathias Fischer i Klima- og miljøverndepartementet svarar Nettavisen på spørsmål om kvifor dei lovar noko dei ikkje veit korleis dei vil få til eller kva vil kosta: «Fordi vi ikke har noe valg.»
Men medan Equinor truleg ikkje hadde noko anna alternativ enn å elektrifisera, sidan dei politiske signala er så sterke, kom dei i slutten av førre veke med ein annan lovnad til børsane. Dei vil «redusera netto karbonintensitet med minst 50 prosent» innan 2050. Og her talar vi om typen energi Equinor vil selja.
Sagt i klårtekst: For kvart fat olje Equinor sel i 2050, lovar dei å produsera ei tilsvarande mengd fornyeleg energi. Det er denne lovnaden som har sendt aksjekursen ned, og lovnaden har kome utan like klare signal frå norske politikarar.
Oddvar Bjørgan i askjeanalyseselskapet Carnegie har i ei årrekkje vore Noregs fremste analytikar av oljeaksjar. Dei som har fylgt råda hans, har tent mykje meir pengar enn dei som ikkje har fylgt råda hans. Etter at Equinor fortalde marknaden at dei ville satsa så sterkt på fornyeleg energi, bad han kundane sine for ei veke sidan om å selja Equinor-aksjane. Og det har altså mange gjort.
Vanleg profitt
Konsekvensen av Equinors nye kurs er nokså openberr: Selskapet skal gå frå å levera superprofitt til Noreg til å verta eit selskap som leverer vanleg profitt. Vi skal dimed gå frå få arbeidarar til mange. Det er slik av både bedriftsøkonomiske grunnar og samfunnsøkonomisk grunnar. Equinor opererer med eit avkastingskrav på rundt 20 prosent i året etter skatt for å investera i eit olje- og gassprosjekt. Men fleire prosjekt har mykje høgre avkasting enn det. Då Erna Solberg no i januar opna Johan Sverdrup-feltet som kom i produksjon i oktober, var ho særs nøgd: «Hvis oljeprisen holder seg, er investeringene nedbetalt på denne tiden neste år.»
Investeringar i fornyeleg energi har langt lægre avkasting og har stort sett ikkje grunnrente. (Vi held store norske magasin utanfor. Dei vert ikkje bygde lenger.) I dag gjev nye vindprosjekt i velfungerande land om lag 4–5 prosent i såkalla internrente, og tida for store subsidiar til vind verkar å vera over, sidan konkurransen om slike prosjekt har drive både kostnadene og profitten ned. Om Equinor i framtida har like stor oljeproduksjon som i dag, må dei enkelt og greitt skaffa seg 560 TWh frå rein produksjon berre for å kompensera for oljen. Det er nesten fire gonger så mykje som Noregs kraftproduksjon på land, og hugs då at vi har halvparten av Europas magasinkraft.
3,5 billionar
Om alt det nye skal koma frå vind, svarar det til ein produksjonskapasitet på om lag 150 GW, som vil krevja eit areal svarande til heile Hordaland fylke. Ved utgangen av 2019 var det globalt installert 1250 GW i sol- og vindkraft. Med dagens kostnadsnivå svarar 150 GW til investeringar på 375 milliardar dollar, eller 3,5 billionar kroner. Det er nok difor aksjekursen har gått ned dei siste dagane. Det er den bedriftsøkonomiske grunnen.
Men rekninga har òg ei samfunnsøkonomisk side. Når Equinor, som skattar til Noreg og i stor grad vert ått av Noreg, nyttar våre felles ressursar på investeringar som gjev lægre avkasting, går den samfunnsøkonomiske verdien ned. Dimed vert vi alle mindre rike enn vi kunne ha vore. Vert klimautsleppa lægre globalt på grunn av denne endringa? Den låge avkastinga i fornyeleg energi viser at det vert investert svært mykje der ute. Mange pengar jagar få gode prosjekt. Det meste tyder på at det er meir enn nok kapital til å finansiera meir fornyeleg energi. Grøne fond er den nye moten. Equinors tilskot gjer neppe mykje frå eller til.
I alle høve: Framtida kjenner ingen, kanskje får vi til dømes eit teknologigjennombrot i CO2-lagring i stor skala? Men stoda no tyder på at dei mest profitable dagane i norske oljehistorie er over.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Equinor skal gå frå å levera superprofitt til Noreg til å verta eit selskap som leverer vanleg profitt.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.