Ein oljeæra går mot slutten
Equinor ynskjer å verta verdsleiande på fornyeleg energi. Vi talar kan henda om 3,5 billionar kroner i grøne investeringar med dagens teknologi. Men då får AS Noreg mindre pengar.
Då Erna Solberg, saman med tidlegare olje- og energiminister Sylvi Listhaug, kunne opna Johan Sverdrup 7. januar i år, kunne ho fortelja at feltet var nedbetalt på eitt år.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Før vi kjem til Equinors nye investeringsstrategi, ha dette i minnet: Noreg er verkeleg store på fornyeleg energi. I skrivande stund ligg det 80 terawattimar (TWH), det vil seie 80 milliardar kilowattimar (kWh), i norske magasin og ventar på å verta produserte. Alt der har vi dekt inn heile forbruket av kraft i norske hushald. I år vert norsk kraftproduksjon på land truleg på rundt 150 TWh. Vindturbinane i Danmark produserer rundt 15 TWh, og det er attpåtil utstabil kraft. Noreg har over halvparten av all magasinkraft i EØS. Difor har vi framleis ein av dei største kraftkrevjande industriane i EØS.
Alt dette bleiknar samanlikna med energien i oljen og gassen. Equinor produserer meir enn 1 million fat olje om dagen, 600.000 fat i Noreg, og om lag like mykje gass. 1 million fat olje svarer til 560 TWh, og så kjem altså gassen. Ormen Lange åleine leverer 20 prosent av den britiske gassbruken. Samla eksporterer Noreg ti gonger sitt eige forbruk av energi, og hugs då at Noreg konsumerer meir energi per innbyggjar enn alle andre land i EØS. Det gjev ein hyperprofitt. Landbasert industri i Noreg har i dag 210.000 tilsette. Skulle vi hatt den same verdiskapinga som olje- og gassindustrien gjev oss, men frå landbasert industri, måtte vi hatt 1 million fleire industriarbeidarar. Likevel er Equinor på veg bort frå olje og over til vanleg industri, om vi skal tru dei sjølve.
Delprivatisering
Delprivatiseringa av Statoil hadde fleire mål, mellom anna å gje selskapet høve til å ekspandera fritt ute. Men hovudmålet var å frigjera Statoil frå politisk kontroll. Når staten må taka omsyn til andre aksjonærar som vil ha høgst mogleg avkasting, kan ikkje staten gripa inn på eit vis som gjer at verdien av selskapet ville verta lægre enn han elles kunne ha vore. Dessutan er det dårleg samfunnsøkonomi å redusera verdien og overskotet i eit selskap. Di høgre samla overskot eit samfunn får på ei investering, det vera seg den private eller offentlege delen, di rikare vert samfunnet.
Delprivatiseringa har vel i høgda vorte ein suksess på vilkår. Det er liten tvil om at då oljeprisen var høg, dreiv selskapet med altfor høge kostnader, noko den noverande leiinga har vedgått. Investeringane i utlandet på land, dei i Nord-Amerika, har vore ein fiasko. Dei kjøpte dyrt og avskreiv snøgt. Ein stad mellom 100 og 200 milliardar kroner har gått tapt. Men investeringar offshore, der Statoil hadde kompetanse med seg heimanfrå, har i hovudsak gått godt. I tida framover vil det etter det meste å døma koma inn store pengar frå Brasil. Angola var lure saker.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.