Kommentar

Ein Kennedy grip etter makt

I USA kan det gå mot ein omkamp mellom Joe Biden og Donald Trump i presidentvalet i 2024. Skal ein tru meiningsmålingane, har begge svære forsprang på alle konkurrentar i kvart sitt parti til å vinna primærvala og nominasjonane.

Robert F. Kennedy jr. kunngjer at han vil vera presidentkandidat for demokratane i 2024.
Robert F. Kennedy jr. kunngjer at han vil vera presidentkandidat for demokratane i 2024.
Publisert

Men den sitjande presidenten Joe Biden står fram som stadig meir svekt, særleg på grunn av alderen. I ei fersk måling seier 62 prosent av amerikanarane at dei trur Biden, som ved slutten av ein ny presidentperiode vil vera 86 år gamal, ikkje er mentalt skikka til fire nye år i Det kvite huset. Samstundes søkk populariteten hans ned mot 40 prosent.

Samstundes finst det inga opplagd erstatning for Biden. Visepresidenten Kamala Harris har aldri vore nokon veljarmagnet. Mange har peika på Michelle Obama, som ikkje vil stilla til val. Guvernøren i California Gavin Newsom vert av mange rekna som den beste kandidaten, men har ein elitistisk profil som ikkje appellerer til «vanlege folk». I tillegg vil ingen frå etablerte miljø i det demokratiske partiet stilla opp så lenge Biden sjølv går for ein ny periode. Det opnar for andre, meir radikale kandidatar.

Ein ny Kennedy

Ein av desse er juristen, miljøvernaktivisten og vaksinekritikaren Robert Kennedy jr. Dei høge tala han har oppnådd på meiningsmålingar tidleg i kampanjen, har overraska dei fleste. Sist i ei CNN-måling rett føre pinse ville 20 prosent av demokratane røysta på Kennedy og berre 60 prosent på Biden, eit svakt resultat for ein sitjande president, særleg med tanke på at Kennedy-kampanjen berre er nokre veker gamal.

Endå verre var det at 35 prosent av uavhengige veljarar som sympatiserer med demokratane, ville røysta på Kennedy. Verst av alt for Biden var det at 66 prosent av alle amerikanarar såg på ein ny valsiger for Biden som ein «katastrofe» eller eit «tilbakeslag».

Få trur likevel at Kennedy kan lukkast med kampanjen sin. I Washington Post vart kandidaturet hans omtala som «oppblåse». I New York Times vart han omtala som «den siste i ei lang rekkje av marginale aspirantar til presidentvervet frå begge partia, som stiller til val for å vekkje merksemd om ei sak eller om seg sjølv».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement