JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein debatt som

få ønskjer å ta i

Samanhengen mellom folketal og naturressursar har vore eit omstridt tema i over 200 år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pessimist: Thomas Malthus.

Pessimist: Thomas Malthus.

Pessimist: Thomas Malthus.

Pessimist: Thomas Malthus.

3412
20170407
3412
20170407

Den pessimistiske pioneren på dette feltet var den britiske presten og økonomen Thomas Malthus. I Om befolkningslova (An Essay on the Principle of Population) (1798) hevda han at folketalet ville auke raskare enn ressursgrunnlaget og matproduksjonen, og at dei fleste menneske difor ville vere dømde til å leve i svolt og naud. Teorien til Malthus fekk hard kritikk frå både konservative og sosialistar, og historia viste at han tok feil: Både matproduksjon og folketal skaut i vêret utover 1800-talet, og store delar av befolkninga fekk etter kvart betre liv.

Seinare på 1800-talet fekk nymalthusianismen oppslutnad i nokre krinsar, skriv statsvitar og forfattar Bredo Berntsen i artikkelen «Befolkningspolitikken og vekstens grenser» frå 2011. Nymalthusianarane tok til orde for mindre barnekull for at færre skulle leve i fattigdom. Også dette var kontroversielt. I Noreg vart redaktør Christian Holtermann Knudsen i Social-Demokraten dømd til fengsel i 1886 for å ha trykt ein artikkel som agiterte for bruk av prevensjon.

Det var neppe slike artiklar som var årsaka, men parallelt med velstandsauken på tidleg 1900-tal fall fødselsraten i Noreg markert. I mellomkrigstida byrja tanken om barneavgrensing å få ein viss aksept i vestlege land, skriv Berntsen, trass i sterk motstand frå både katolske og protestantiske kyrkjer.

Frykt for svolt

På 1960-talet auka uroa over den raske veksten i folketalet, særleg i den tredje verda. FN byrja å bidra med familieplanlegging og prevensjon i fattige land, trass i motstand frå både den katolske kyrkja og den kommunistiske verda. I 1968 kom den amerikanske biologen Paul Ehrlich med boka Befolkningsbomben. Ehrlich hevda at enorme svoltkatastrofar var rett rundt hjørnet, og tilrådde mellom anna tvangssterilisering i overbefolka land. Den grøne revolusjonen gjorde dei verste spådomane hans til skamme: Jorda viste seg å kunne fø på langt fleire enn Ehrlich trudde.

Men også samanhengen mellom folketal og påverknaden på miljøet kom for alvor på dagsordenen kring 1970. Det vart òg reist kritikk mot ressursbruken og folketalsutviklinga i rike land som Noreg, skriv Berntsen. I boka Norge og overbefolkningen skreiv biologane Ann og Magnar Norderhaug at fire millionar nordmenn forbrukte like mykje råvarer som 120 millionar indarar. Historikar og demograf Ståle Dyrvik tok i Syn og Segn til orde for ein gradvis nedgang i barnetala, og håpa vi kunne «stabilisera nordmannstalet på 4,6 millionar».

Vanskeleg tema

Med dagens klimatrugsmål kunne ein tenkt seg at diskusjonen om folketalet i rike land vakna til live att, men i dag er dette ein vanskeleg debatt å reise. Da Klassekampen laga ein artikkelserie om temaet i 2015, avviste dei fleste intervjua politikarane problemstillinga. Unnataket var Rasmus Hansson i Dei Grøne, som sa at «det er veldig fint at befolkningsveksten i Norge avtar». Konsensus frå SV til Frp er at Noreg treng fleire barn for å trygge velferda i framtida.

– Noreg skal jo vere eit land med fri og open debatt, men samanhengen mellom folketalet og miljøtrugsmåla er eit stort tabu, seier Bredo Berntsen til Dag og Tid.

– Både høgresida og venstresida i politikken har den same trua på vekst og framsteg. Men på eitt eller anna tidspunkt må vi erkjenne at kloden vår er avgrensa. Ideen om evig vekst held ikkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis