Ei ukrainsk prinsesse og «gode russarar»

For eit par dagar sidan bestemde eg meg endeleg for å registrere meg på TikTok. Ikkje berre fordi vener på Facebook i aukande grad diskuterer videoar dei har sett på TikTok, men først og fremst på grunn av ei ung blondine.

Tetjana Tsjubar er kommandant på ein motorisert haubits.
Tetjana Tsjubar er kommandant på ein motorisert haubits.
Publisert Sist oppdatert

Ho heiter Tetjana Tsjubar, ho er 1,60 høg, 23 år, ho er skild og har to små born. Men alt dette ville ikkje ha spela noka rolle om det ikkje var for eit anna faktum: Ho er kommandant på ein motorisert haubits, med fire menn under sin kommando. Dessutan klarer ho å måle neglene sine blå og gule og halde i gang TikTok-kontoen sin under aliaset «Princeska-13».

Der, på TikTok, forklarer ho skilnaden på ei stridsvogn og ein motorisert haubits. Der har ho òg kunngjort draumen sin – å måle haubitsen sin i «rosa kamuflasje».

Eg kan sjå for meg berre éin situasjon der den rosa kamuflasjefargen kan skjule eit stridskøyretøy for fienden – om ho stoggar i ei eng full av rosa roser.

Det mest interessante er likevel at overkommandoen lét henne oppfylle draumen sin til ei viss grad – ho fekk lov til å måle innsida av stridsvogna rosa. Tetjana har alt kjøpt måling til dette. Det er vanskeleg å vite korleis dei fire mannfolka under hennar kommando kjem til å ta dette, men eg vonar dei ikkje vil protestere. Det må da vere både ei ære og ein stimulans å ha ein så dyktig kommandant, med hundretusenvis av følgjarar på TikTok.

Tetjana har vedgått overfor journalistar at ho får mange meldingar frå menn som har forelska seg i henne, som veit at ho nett no ikkje har nokon livspartnar. Eg undrar meg på om desse mennene er i dei bakre rekkjene eller ved fronten. Og skjønar dei at om ho vel ein av dei til ektemann, så vil han vere under henne i rang, same kva?

Hovudpersonen i russisk TikTok, leiaren i Tsjetsjenia, Ramzan Kadyrov, har millionar av følgjarar, men i videoane sine trugar han berre Ukraina og fiendane til Putin. Sant nok får desse videoane stadig millionar av likes. Det ser ut til at russarar likar folk som trugar andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement