Krig

Ei soge om hanen Tosha og krigen

Ikkje før hadde den russiske utanriksministeren Lavrov erklært at fase to i den russiske krigen mot Ukraina hadde byrja, så fall det fleire rakettar på dyrehagen i Mykolaiv. To av dei råka bisoninnhegninga – utan å eksplodere.

Den dårlege kvaliteten på russisk ammunisjon kan spare menneskeliv, og av og til sparar han dyreliv, skriv Andrej Kurkov.
Den dårlege kvaliteten på russisk ammunisjon kan spare menneskeliv, og av og til sparar han dyreliv, skriv Andrej Kurkov.
Publisert Sist oppdatert

Vi kan berre gle oss over den dårlege kvaliteten på russisk ammunisjon. Av og til sparar han menneskeliv, og av og til dyreliv.

Ukrainsk jord er alt «tilsådd» med granatar og rakettar – mange djupt planta i grunnen. Dei kjem til å eksplodere no og da i lang tid frametter, og minne oss om denne krigen. På somme vis er den russiske aggresjonen mot Ukraina føreseieleg, men på andre måtar er han underleg, nesten bisarr. Til dømes døydde den kjende jazzpianisten Nikolaj Zvyagintsev under slaget om Mariupol. Han var solist med Donetsk-filharmonien. Han vart drepen av ukrainske forsvararar av byen ettersom han kjempa på dei rusbsiske troppane si side. Det har dukka opp opplysningar om at musikarane i Donetsk-filharmonien vart lurte inn i krigen. Dei fekk militæruniformer med ordre om å ta dei på seg, dei fekk maskingevær og ordre om å vere soldatar. Hadde dei noko val? Kva ønskte dei i røynda å gjere? Eg veit ikkje. Likevel, vi snakkar om musikarar som bestemde seg for å bli verande i Folkerepublikken Donetsk, som har kjempa mot ukrainske styrkar i åtte år, oppmuntra og støtta av Russland.

Mannskapsavdelinga i den russiske armeen arbeider hardt. Etter store tap av militære styrkar frå sjølve Russland rekrutterer armeen no så mange menn som mogleg frå dei to «separatistrepublikkane» (Donetsk og Luhansk), i tillegg til menn frå land der Russland slåst for dei lokale diktatorane – Syria og Mali. Det russiske militære rekrutteringskontoret treng ikkje uroe seg altfor mykje om overlevingsraten blant soldatane frå utlandet og separatistregionane. Truleg er det ingen slektningar av drepne separatistsoldatar som vågar klage over at dei er døde. Fleire hundre syriske soldatar frå hæren til kalif Haftar vart rekrutterte av den russiske leigesoldatgruppa «Wagner», frakta til Russland med fly og så transporterte til Ukraina. Dei var lova god løn, men vart ikkje åtvara mot det dårlege vêret. Ukrainske soldatar har blitt overraska over å finne syrisk og amerikansk valuta i lommene på drepne soldatar, og av og til setlar frå Mali.

I Ukraina er det òg overraskingar knytte til rekruttering, men av eit anna slag: Heile fotballaget Prikarpattia frå Ivano-Frankivsk verva seg til armeen, saman med trenaren sin. Dei er sende til opplæring og blir ikkje sende til fronten før dei har lært det som skal til i kamp.

Kyiv liknar stadig meir på ei vaknande bikube. Kvar dag kjem 30.000–40.000 menneske attende til byen. På innfartsvegane er det av og til trafikkork som strekkjer seg over fleire titals kilometer. Også innfartsvegen frå vest – Zhytomyr-motorvegen – opnar snart. Dei er nesten ferdige med ei førebels bru over Irpin-elva. Men bileigarar som alt har kome attende til byen, finn snart ut at dei lyt skifte til sykkel og elektrisk sparkesykkel. Det er så mange vegsperringar i byen, og det er kø framfor kvar einaste ei av dei. For å køyre frå sør til nord i byen må du stogge mange gonger, vise ID og førarkort, opne bagasjerommet og svare på nokre spørsmål. Ingen bryr seg med folk på tohjulingar.

Eg ringjer framleis jamt til venene mine, bror min og naboane i landsbyen. Landsbybuarane har alt sett poteter. No plantar dei lauk. Snart skal dei så gulrøter og bete. Der det ikkje er krig, høyrer ein buldringa av traktorar overalt. Det er ei vill våronn. Regjeringa har bede folk om å plante grønsaker og korn på kvar tilgjengeleg jordflekk. I år er det ein stor del av Ukraina som ikkje vert nytta til jordbruk. I aust og sør sår den russiske armeen død i staden for kveite. Difor har styresmaktene kunngjort ein «Sigerhage»-kampanje, og oppmoda folk til å dyrke grønsaker, i staden for blomar, i blomsterbed og på balkongar. Eg ser for meg at denne oppmodinga blir følgt. Eg hadde sjølv planlagt å plante jalapeño og pasillapepar denne våren. Heldigvis fekk eg gjeve ein del av frøa eg hadde, til vener, og eg veit at dei alt har sådd dei i potter heime. Eg er langt heimanfrå, langt frå desse frøa. Men ein dag, og eg vonar snart, skal eg plante pepar sjølv i hagen kring landsbyhuset mitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement