Økonomi

Ei offentleg utgreiing for arkivet

Dei leiande økonomane i Noreg har skrive om kva vi bør gjera med norsk økonomi etter covid-19-pandemien. Det er nokså mykje.

Utvalsleiar Jon Gunnar Pedersen og finansminister Jan Tore Sanner under pressekonferansen der den endelege rapporten frå «Norge mot 2025» vart presentert. Passande nok hadde Sanner munnbind.
Utvalsleiar Jon Gunnar Pedersen og finansminister Jan Tore Sanner under pressekonferansen der den endelege rapporten frå «Norge mot 2025» vart presentert. Passande nok hadde Sanner munnbind.
Publisert

«Der er det mykje å gjera og lite å få gjort», sa visstnok Einar Førde om Europarådet. Hadde han vore i live i dag, kunne han sagt det same om norsk økonomi. Vi veit det i grunnen frå før: Produktiviteten står stille, arbeidsdeltakinga går ned og staten gjev dei noverande innbyggjarane velferdsgode som komande generasjonar ikkje kjem til å få. Noko må gjerast, og lite vert gjort. Det vert helst til at politikarane plagar kvarandre med kven som har skulda for stoda.

For nokre veker sidan sende mannen med den for tida fremste politiske teften, Trygve Slagsvold Vedum, eit spørsmål til finansminister Jan Tore Sanner. Poenget med å stilla ministrar spørsmål er det same som grunnen til at advokatar stiller spørsmål i ei rettssak: ikkje for å få vita noko dei ikkje visste, svaret kjenner dei sjølvsagt på førehand, nei, spørsmål vert stilte for å undergrava truverdet til motparten. Det tilsynelatande fromme ynsket frå Vedum var dette: «Kan statsråden legge frem oversikt over utviklingen i disponibel realinntekt per innbygger for hver ulike regjering Norge har hatt siden 2. verdenskrig og frem til i dag, eventuelt legge frem en tilsvarende oversikt fordelt på hver stortingsperiode?»

Svaret frå Sanner vart som Vedum visste det måtte verta: Ingen har vore i nærleiken av å gjera det så dårleg som regjeringane til Erna Solberg. Ikkje berre har inntektene slutta å auka, dei har byrja å gå tydeleg attende, og ikkje berre i éin av periodane til Solberg, men i båe. Dei åtte åra til Solberg har vore unikt negative i nyare norsk økonomisk historie. For, synte tabellen Sanner måtte leggja fram: Mellom 2013 og 2017 gjekk disponibel realinntekt, altså det kvar innbyggjar i gjennomsnitt hentar inn av inntekter for AS Noreg, attende med 4,7 prosent. Mellom 2017 og 2021 var talet 8,5 prosent. Vedum går væpna inn i valkampen.

Ikkje covid-19

Nei, covid-19 kan ikkje forklara meir enn ein liten del av attendegangen. Tendensen har, som vi ser, vore der lenge. Sanner gav to forklaringar på attendegangen: at vi har vorte langt fleire her til lands, all innvandringa gjer at vi må dela det vi tener, på fleire, og fallet i oljeprisen. Båe delar er sjølvsagt rett. Men når andre nasjonar slit, kan dei ikkje pøsa inn meir pengar frå bankkontoen kalla Oljefondet, slik Noreg har gjort, for på det viset hindra at dei som framleis er i arbeid, sit att med mykje mindre pengar i løns­posen. Andre land må omstilla seg og finna nye inntekter når dei gamle inntektene turkar inn. Men det gjer ikkje Noreg i særleg grad. Arbeidsdeltakinga går ned, offentleg sektor tilset endå fleire, og stadig fleire unge vert anten førte inn i kamuflert arbeidsløyse i høgre utdanning eller enkelt og greitt gjevne trygd.

Sånn kan vi ikkje halda fram, har NOU etter NOU fortalt. Sanners svar på dei dårlege tala, som lenge har vore kjende, har vore å be endå eit utval om å laga endå ei offentleg utgreiing. Denne gongen heiter NOU-en Norge mot 2025 – Om grunnlaget for verdiskaping, produksjon, sysselsetting og velferd etter pandemien. Utgreiinga skal fortelja oss korleis vi skal omstilla oss etter pandemien. Utvalet har vore leia av økonomen Jon Gunnar Pedersen, som elles har vore statssekretær i Finansdepartementet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement