Ei kinesisk skapingssoge

«Made in China» tyder ikkje lenger dårleg kvalitet. Kina styrer mot posisjonen som verdas leiande teknologinasjon.

Ein Huawei-tilsett ved PC-en sin under ei teknologimesse i Beijing i 2018. Ingen selskap har sendt inn fleire internasjonale patentsøknader enn kinesiske Huawei dei siste fem åra.
Ein Huawei-tilsett ved PC-en sin under ei teknologimesse i Beijing i 2018. Ingen selskap har sendt inn fleire internasjonale patentsøknader enn kinesiske Huawei dei siste fem åra.
Publisert

Den store maktforskyvinga i verda viser seg òg i den lokale kvardagen. Nyleg slo det meg at dei tre siste dyre elektroniske reiskapane eg har kjøpt, er alle av kinesisk merke. Robotstøvsugaren er ein Xiaomi, pcen er ein Huawei og mobiltelefonen er frå Motorola – som var eit amerikansk selskap, men kinesiske Lenovo kjøpte mobildelen i 2011. Desse tre små innkjøpa fortel om ei verd i endring. For femten år sidan ville eg kanskje kjøpt ein mobil frå finske Nokia, ein pc frå amerikanske HP og ein robotstøvsugar frå amerikanske Roomba.

Ingen av dei tre tinga eg har kjøpt, er svært dyre, men dei er avanserte produkt av god kvalitet. Og «Made in China» har slett ikkje vore noko kvalitetsstempel inntil nyleg. Rett nok har mange store vestlege selskap fått produsert kvalitetsprodukt i fabrikkar i Kina, men kinesiske merke har hatt dårleg omdøme. No er dette i rask endring. Og myten om at kinesiske selskap berre er kopistar som ikkje klarer å utvikle teknologi sjølv, smuldrar opp. På mange felt er kinesarane no heilt i front av nyskapinga.

I verdseliten

Eit godt døme er Huawei, som har blitt sjølve symbolet på den kinesiske framgangen, og ei skyteskive i den amerikanske handelskrigen mot Kina. Selskapet vart starta med å lage telefonsentralar i 1987, og er no verdas største produsent av telekommunikasjonsutstyr. Og i sommar gjekk Huawei forbi Samsung og Apple og vart verdas største produsent av smarttelefonar – trass i at selskapet ikkje får selje mobilar i USA.

Som mange andre kinesiske selskap er Huawei skulda for å kopiere vestleg teknologi, og selskapet er felt for brot på patentrettar i USA og Tyskland. Men i dag er Huawei noko langt meir enn ein kopist. Selskapet satsar enormt på forsking og utvikling, og dei siste seks åra har ingen selskap i verda sendt inn fleire internasjonale patentsøknader enn Huawei. I utviklinga av teknologi til 5G-nettet for telekommunikasjon er selskapet heilt i tet.

På smarttelefonmarknaden seglar ein kinesisk konkurrent opp som utfordrar: Selskapet Xiaomi vart grunnlagd i 2010, og er alt verdas fjerde største mobilprodusent. Og kinesiske Lenovo er no verdas største pc-produsent. Myten om at kinesarane berre er kopistar må avlivast. I bransjar med så hard konkurranse og så rask utvikling når du ikkje opp utan stor evne til kontinuerleg nyskaping.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement