JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei kinesisk skapingssoge

«Made in China» tyder ikkje lenger dårleg kvalitet. Kina styrer mot posisjonen som verdas leiande teknologinasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein Huawei-tilsett ved PC-en sin under ei teknologimesse i Beijing i 2018. Ingen selskap har sendt inn fleire internasjonale patentsøknader enn kinesiske Huawei dei siste fem åra.

Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB

8182
20201002
8182
20201002

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Den store maktforskyvinga i verda viser seg òg i den lokale kvardagen. Nyleg slo det meg at dei tre siste dyre elektroniske reiskapane eg har kjøpt, er alle av kinesisk merke. Robotstøvsugaren er ein Xiaomi, pcen er ein Huawei og mobiltelefonen er frå Motorola – som var eit amerikansk selskap, men kinesiske Lenovo kjøpte mobildelen i 2011. Desse tre små innkjøpa fortel om ei verd i endring. For femten år sidan ville eg kanskje kjøpt ein mobil frå finske Nokia, ein pc frå amerikanske HP og ein robotstøvsugar frå amerikanske Roomba.

Ingen av dei tre tinga eg har kjøpt, er svært dyre, men dei er avanserte produkt av god kvalitet. Og «Made in China» har slett ikkje vore noko kvalitetsstempel inntil nyleg. Rett nok har mange store vestlege selskap fått produsert kvalitetsprodukt i fabrikkar i Kina, men kinesiske merke har hatt dårleg omdøme. No er dette i rask endring. Og myten om at kinesiske selskap berre er kopistar som ikkje klarer å utvikle teknologi sjølv, smuldrar opp. På mange felt er kinesarane no heilt i front av nyskapinga.

I verdseliten

Eit godt døme er Huawei, som har blitt sjølve symbolet på den kinesiske framgangen, og ei skyteskive i den amerikanske handelskrigen mot Kina. Selskapet vart starta med å lage telefonsentralar i 1987, og er no verdas største produsent av telekommunikasjonsutstyr. Og i sommar gjekk Huawei forbi Samsung og Apple og vart verdas største produsent av smarttelefonar – trass i at selskapet ikkje får selje mobilar i USA.

Som mange andre kinesiske selskap er Huawei skulda for å kopiere vestleg teknologi, og selskapet er felt for brot på patentrettar i USA og Tyskland. Men i dag er Huawei noko langt meir enn ein kopist. Selskapet satsar enormt på forsking og utvikling, og dei siste seks åra har ingen selskap i verda sendt inn fleire internasjonale patentsøknader enn Huawei. I utviklinga av teknologi til 5G-nettet for telekommunikasjon er selskapet heilt i tet.

På smarttelefonmarknaden seglar ein kinesisk konkurrent opp som utfordrar: Selskapet Xiaomi vart grunnlagd i 2010, og er alt verdas fjerde største mobilprodusent. Og kinesiske Lenovo er no verdas største pc-produsent. Myten om at kinesarane berre er kopistar må avlivast. I bransjar med så hard konkurranse og så rask utvikling når du ikkje opp utan stor evne til kontinuerleg nyskaping.

Kinesiske kjemper

Det same kan ein seie om den kinesiske internettindustrien. For 20 år sidan imiterte dei kinesiske internettselskapa i stor grad løysingar frå amerikanske selskap. No er kinesarane heilt i front, og kreativiteten og forskingsinnsatsen står ikkje attende for konkurrentane i USA, syner Kina-kjennaren Rebecca Fannin i boka Tech Titans of China. Medan selskap som Amazon, Facebook og Google er dominerande i vest, er det selskap som Baidu, Alibaba og Tencent som dominerer på nettet i Kina. Desse selskapa driv søkjetenester, netthandel, meldingstenester, videoappar og sosiale nettverk, og dei har tilgang til ein enorm marknad. Alt mogleg-appen WeChat, utvikla av selskapet Tencent, har no kring 1,1 milliardar brukarar, dei fleste av dei i Kina. Og suksessen til videoappen TikTok, utvikla av kinesiske ByteDance, viser at kinesiske IT-selskap kan lukkast også globalt. TikTok har no 700 millionar brukarar utanfor Kina.

Kapital og sensur

Dei kinesiske IT-selskapa har fått det beste av to verder i oppbyggingsfasen. Dei har nytt godt av globaliseringa gjennom stor tilgang på kapital frå utlandet. Mange investorar, både i Vesten og i Asia, har ønskt å få eit bein innanfor den raskt veksande kinesiske økonomien. På andre sida har kinesiske selskap vore verna mot utanlandsk konkurranse på heimebane. Vestlege gigantar som Facebook og Google fekk problem med den kinesiske sensuren, og nettstadene deira er blokkerte i Kina. Det same er YouTube, Wikipedia, Instagram, Twitter og Netflix.

Kinesiske IT-selskap har derimot levd godt med sensuren. Og dei nyt godt av tilgangen til uhorvelege datamengder om brukarane. Kina har no over 900 millionar internettbrukarar, dei fleste av dei via smarttelefon. Og sjølv om vi i Vesten har gode grunnar til å kritisere det svake personvernet på nettet, finst det knapt slike reguleringar i Kina i det heile. Desse datamengdene er mellom anna nyttige i arbeidet med å utvikle kunstig intelligens, eit felt der Kina har ambisjon om å bli verdsleiande. Som ei av kjeldene til Rebecca Fannin seier i Tech Titans of China: «Om brukardata er den nye oljen, er Kina det nye Saudi-Arabia.»

Kinesiske selskap som arbeider med kunstig intelligens og andletsattkjenning, nyt dessutan godt av ein stor og kjøpesterk kunde: den kinesiske staten, som har bygd opp det mest omfattande overvakingsapparatet verda har sett. I 2019 skal det ha vore kring 200 millionar statlege overvakingskamera i landet, og talet aukar raskt.

Femårsplanar

Dei raske tekniske framstega i Kina er ikkje berre eit resultat av driftige kapitalistar. Det ligg òg store statlege satsingar på infrastruktur, utdanning, forsking og utvikling bak. Kring fem millionar kinesarar avsluttar no ei høgare realfagleg utdanning kvart år, og talet aukar stadig. I 2016 gjekk Kina forbi USA i talet på publiserte vitskaplege artiklar i realfag. Og i fjor vart det for første gong sendt inn fleire internasjonale patentsøknader frå Kina enn frå USA. At ei slik utvikling no viser att i konkurranseevna til kinesiske selskap, bør ikkje overraske.

Kina er rett nok ikkje like langt framme i alle typar teknologiutvikling. Til dømes har ikkje kinesiske bilprodusentar klart å hevde seg globalt – kinesiske fossilbilar har eit dårleg rykte. Men Kina satsar stort på elektriske køyretøy, og er både verdas største produsent og marknad for elektriske bilar. I fjor rulla det 2,6 millionar elektriske bilar og bussar på kinesiske vegar, medan talet i Europa var ein knapp million. Og av dei 425.000 elektriske bussane i verda i fjor, var 99 prosent i Kina.

Elektriske køyretøy står òg på lista over felt der Kina har sett seg som mål å bli verdsleiande innan 2025, i femårsplanen «Laga i Kina». I same planen står måla om å bli verdsleiande på mellom anna kunstig intelligens, robotteknologi, luftfart, kraftproduksjon og medisin. Og med den utviklingstakten som Kina viser no, er det ikkje overraskande at USA er uroa. I 2018 erklærte den amerikanske tenkjetanken Council on Foreign Relations at den nye femårsplanen til Kina er «eit eksistensielt trugsmål for den teknologiske leiarskapen til USA».

Chip-mangel

Dette er ein viktig del av bakgrunnen for den amerikanske handelskrigen mot Kina. Så lenge kinesarane var kopistar, var dei ikkje eit verkeleg trugsmål for USA. Det er mykje verre når dei er oppfinnarar. Og til dels har USA klart å råke Kina på eitt av dei svake punkta. Pussig nok er landet langt frå verdseliten i produksjon av avanserte mikroprosessorar, eit essensielt element i det meste av elektronikk. I fjor importerte Kina mikrochips for nærare 3000 milliardar kroner, ifølgje Reuters – meir enn oljeimporten til landet kosta. Og når USA nektar amerikanske selskap å levere mikroprosessorar til selskap som Huawei, er det eit alvorleg trugsmål: Fabrikkane til selskapet er i ferd med å gå tomme for prosessorar til smarttelefonane sine, skreiv Financial Times i august.

Men slike sanksjonar er tvieggja, for dei råkar òg amerikanske selskap som vil handle med Huawei. Og handelskrigen har spora kinesarane til enda hardare innsats for å bli sjølvforsynte med mikroprosessorar. Det bør ikkje overraske nokon om dei lukkast. Og om den kinesiske utviklinga held fram i dagens tempo, er det ikkje mange år til verdas leiande teknologinasjon er ein diktaturstat.

For å avslutte der eg starta, i heimen: Eg let meg imponere av Xiaomi-støvsugaren som smyg seg så smart kring bordbeina, teiknar kart over husværet og finn heim att til ladestasjonen på eiga hand. Men i blant gjer han meg engsteleg: Eg lurer på kva slag ny verd han er eit forvarsel om.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«I fjor vart det for første gong sendt inn fleire internasjonale patentsøknader frå Kina enn frå USA.»

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis