Global skatteknipe
Over heile verda strevar statane med å finne rette skattesatsar for fleirnasjonale selskap, seier økonomiprofessor Guttorm Schjelderup.
– Spørsmål om internprising og skatteplanlegging er svært vanskelege å handtere for styresmaktene. Ein kan ha mistanke om at riggselskapa flyttar overskot utanlands, men ingen er tekne for brot på regelverket, seier Guttorm Schjelderup. Han er professor i samfunnsøkonomi og leiar for Senter for skatteforsking ved Norges Handelshøyskole.
– Riggselskapa kan hevde at det er dei store kostnadene deira som gjer at dei ikkje skal betale meir i skatt i Noreg, til dømes leige av riggar frå morselskapet. Reglane seier at slike transaksjonar skal prisast etter prinsippet om «armlengds avstand», altså som om dei fann stad mellom to uavhengige partar i ein marknad. Men mange av transaksjonane som finn stad i konserna, har ikkje ein reell marknad ein kan samanlikne dei med.
Dette problemet gjeld på dei fleste felt der fleirnasjonale selskap opererer, påpeikar Schjelderup.
– I USA har styresmaktene prøvd å løyse problemet ved å samanlikne overskotet til dei fleirnasjonale selskapa med nasjonale selskap i same bransje, og bruke dette til å vurdere om eit selskap har drive med skattetilpassing. Men også dette er vanskeleg. Og når det gjeld riggbransjen i Noreg, finst det ikkje nasjonale aktørar å samanlikne med.
Avgrense frådraga
– Riggselskapa har enorme inntekter, og om det skjer overskotsflytting frå verksemda deira på norsk sokkel, er det alvorleg, seier Marianne Marthinsen. Ho er stortingsrepresentant og finanspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Marthinsen trekkjer fram tilrådingane frå Scheel-utvalet, som i 2014 kom med råd om reformer i det norske skattesystemet.
– Scheel-utvalet konkluderte med at vi treng særskilde tiltak for riggbransjen. Eitt av råda var å avgrense ein del av skattefrådraga for riggselskapa, mellom anna for utleige av riggar mellom ulike selskap i konserna. Men dette har ikkje blitt følgt opp av regjeringa. Vi treng òg å få betre innsyn i korleis pengestraumane går, og få betre innsyn i rolla til skatteparadisa, seier Marthinsen.
Nesten alle land strevar med å få fleirnasjonale selskapa til å betale ein fornuftig skatteprosent på overskotet sitt, seier Guttorm Schjelderup.
– Dette har mange alvorlege konsekvensar. Ikkje berre undergrev det skattebasen til statane. Om fleirnasjonale selskap slepp med ein lågare skatteprosent enn dei nasjonale, får dei òg ein stor konkurransefordel. Dei kan utkonkurrere og kjøpe opp nasjonale selskap, dermed blir skattegrunnlaget enda meir erodert.
Svært mange statar i verda har prøvd å møte denne globaliseringa med eit slags resignert grep: å kutte skattesatsane sine for selskap. I OECD-landa har den nominelle selskapsskatten falle frå kring 50 prosent på 1980-talet til kring det halve i dag. Og i Noreg har Scheel-utvalet tilrådd å kutte selskapsskatten til 20 prosent, mellom anna for å gjere det mindre attraktivt å flytte overskotet utanlands.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.