Ei førelesing med Rokkan var som ei oskorei

Somme gonger grip lagnaden inn. Meg skjedde det i august 1969.

Stein Rokkan og Frank Aarebrot i arbeid på Yale i 1969.
Stein Rokkan og Frank Aarebrot i arbeid på Yale i 1969.
Publisert

Eg var nett komen til Yale som student i statsvitskap. I førelesingskatalogen såg eg at ein Stein Rokkan skulle førelesa om stats- og nasjonsbyggingsprosessar, og til våren førelesa saman med den spansk-amerikanske statsvitaren Juan Linz, ein av dei fremste demokratiforskarane våre. Oi, tenkte eg. Eit norskklingane namn på eit av verdas fremste universitet. Dit måtte eg gå.

Så gjort. Eg møtte ein lett distré Rokkan med flanellskjorte, open i halsen, og med eit slips som såg ut som om det hadde gått gjennom siste vekevask. Lett dandert med krit, elles fint og reint. Smilande tok han imot meg på klingande nordnorsk og lét meg helse på assistenten, Frank Aarebrot. No er det førti år sidan Rokkan døydde, og nyleg kom ein eigen biografi om mannen frå Lofoten.

Stort intellekt

Så der sat eg då, saman med studentane, dei fleste europearar. Rokkan førelas om Marx og Tocqueville, den tyske freds- og nasjonalismeforskaren Karl Deutsch, den amerikanske sosiologen Seymor Martin Lipset og dei «kritiske valpunkta» i europeisk partisoge.

Rokkan stod ved tavla, ingen glitrande førelesar, men vi skjøna at her var eit stort intellekt. Det gjekk i tabellar, omgrep, firefeltsskjema, piler og prosentar. Det var som ei oskorei. Vi som sat der, kjende verdsånda fare forbi. Noko stort var på gang.

Til våren sat både Rokkan og Linz der. Båe lett overvektige, Linz kjederøykjande, småpratande om verda i val. Ein gong gjorde Linz greie for ein ny artikkel han arbeidde med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement