JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei bøn til statsministeren

Statsminister Jonas Gahr Støre bør sjå på dei uverdige ordningane til ureturnerbare asylsøkjarar – at ein tek både stemme, identitet, papir og livsmeining frå dei som er fanga her i landet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Søndag ettermiddag heldt statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tale i takkegudstenesta for den sørafrikanske kyrkjeleiaren, aktivisten og nobelprisvinneren Desmond Mpilo Tutu som døydde 26. desember.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5123
20220114
5123
20220114

Biskop Tutu er død, og dermed blir minnet om han levande. Søndag overførte NRK ei fin takkegudsteneste der den særprega biskopen blei æra og mint. Det var ei verdig markering. Tutu hadde då også sterke band til Noreg.

Det innlegget som gjorde sterkast inntrykk, var talen til statsminister Støre. Det var heilt fritt for det sjølvgratulerande «sjå kor flinke vi var til å hjelpa denne mannen». I staden teikna Støre eit bilete av ein mann som stod for noko anna enn oss, noko utfordrande og viktig. Ikkje berre var gudstenestelivet gledesfylt og lattermildt på ein måte som er fjernt frå den norske måten. Framfor alt såg han hos Tutu ein kombinasjon av respekt for motparten og ein sterk vilje til konfrontasjon, der sanninga er det skiljande kriteriet.

Etisk perspektiv

Dette gjer politikk til noko meir enn småkranglar om budsjettet. Det svarer til eit tema Støre også var inne på i nyttårstalen: kor avgjerande det er å ta andre på fullt alvor, setja seg ned og lytta, og leva seg inn i korleis dei opplever verda. Det er eit grunnleggjande etisk perspektiv på politikk, og det er både viktig og på eit vis overraskande frå ein politikar som kvar dag må handtera straumprisar og nedstengingar frå time til time.

Delar av det politiske kommentariatet ville nok sikkert ha kasta dette i ansiktet på Støre, sidan dei stadig jaktar på han og triumferer over fallet i oppslutning. Men det blir han truleg spart for, sidan kommentariatet sjeldan hentar ammunisjonen frå takkegudstenester. Eg har ikkje noko ynske om å bruka dei etiske vurderingane hans i billeg polemikk. Men med respekt for at statsministeren stilte seg sjølv overfor dei utfordringane eksemplet til Tutu reiser, vil eg ta opp ei sak som er ein verkebyll i samfunnet vårt.

Ingen rettar

Det gjeld dei ureturnerbare asylsøkjarane. Dette er menneske som har søkt asyl og fått avslag, men som likevel ikkje kan reisa tilbake til opphavslandet, fordi det er for farleg. Eg skal ikkje gå inn på den krunglete logikken i dette, at det faktisk er for farleg å returnera, men at ein likevel ikkje får asyl. I denne omgang tek eg det for gitt: Det finst ei gruppe menneske i Noreg som ikkje får asyl, men som heller ikkje kan reisa tilbake.

Denne gruppa har ingen rettar. Dei får ikkje opphald, dei får heller ikkje personnummer. Dei har ikkje rett til helsehjelp utover det heilt minimale, og ikkje minst: Dei får ikkje lov til å ha lønt arbeid, for dei har ikkje papir. Entreprenøren og presten Arne Viste har gjeve arbeid til menneske i denne gruppa, og for det vart han dømd til eitt års fengsel på vilkår. Han har no starta eit nytt vikarbyrå for gruppa, fordi han vil at denne saka skal haldast varm. Han tener ikkje på det, risikerer fengsel for å gjera det, men gjer det av overtyding.

Dobbel plikt

Om vi vender tilbake til biskop Tutu, så ligg det hos han ei dobbelt forplikting. Ein skal høyra på den andre og ta perspektivet hans på alvor. Og ein skal vera trufast mot sanninga i dei sakene ein møter, også der det kostar.

Dersom ureturnerbare asylsøkjarar er våre «andre», så gjer vi noko langt meir dramatisk enn å la vera å høyra på dei. Vi, den norske staten, utslettar dei som personar ved ta frå dei alle papir, alle rettar til å delta, alt som gjer dei til samfunnsborgarar. Dei finst ikkje i den norske staten anna enn som fingeravtrykk og påstandar om brot på reglane. Dette må vera så langt frå å ta andre på alvor som det er mogeleg å koma.

Og før innvendingane kjem: Det eg kritiserer her, er ikkje at ein gir avslag på asylsøknader. Det må ein gjera i nokre høve, også for å verna asylretten. Det eg kritiserer, er at ein tek både stemme, identitet, papir og livsmeining frå dei som er fanga her, fordi dei ikkje skal vera her, men likevel ikkje kan dra.

Forkastelege grunnar

Grunnen til at dei ikkje verken kan bli eller dra, er at lovmakarane har laga ordningar som fører til det. Men ordningar som tek identiteten og statusen som menneske frå folk, er forkastelege. Det ein gjer her, nærmar seg eit apartheidsystem, der ei lita gruppe fell utanfor lov og rett. Det minner om den typen folkerett som USA praktiserer når dei opprettar ein fangeleir på Cuba og påstår at internasjonal lov ikkje gjeld der.

Etter kvart har vi fått høyra historiene til nokre av dei papirlause – folk som framfor alt vil arbeida, bruka kropp og hender til å tena eigne pengar og betala for seg. Dei som held liv i dei og sørgjer for at dei ikkje går heilt til grunne, er gode naboar og medmenneske – som Arne Viste og biskop Gunnar Stålsett, som begge er truga med fengsel fordi dei hjelper dei.

I biskop Tutus ånd oppfordrar eg Støre, som har forstått så mykje av bodskapen og handlingsmønsteret til den afrikanske biskopen, at han gjer slutt på desse uverdige ordningane.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne gruppa har ingen rettar. Dei får ikkje opphald, dei får heller ikkje personnummer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis