Ei årsak skal døden ha
Om vi ser på 13 ulike europeiske land, har 49 prosent fleire døydd i år så langt, samanlikna med eit normalt år.
Vi veit ikkje kor dødeleg covid-19-sjukdomen er. Men om vi reknar på tala som Folkehelseinstituttet har lagt fram, ser det ut til at dei landar på vel 0,3 for vår del. Vi har rett nok eit betre utgangspunkt enn nesten alle andre av di vi ikkje er så overvektige, bur spreidd og har eit godt helsevesen. Eit anna problem med den såkalla letaliteten er at ulike land måler ulikt, særleg mellom dei eldre som ikkje hamnar på sjukehuset av di dei er så sjuke i utgangspunktet at intensivhjelp ikkje kan berga dei.
Når alt er over, vil demografane kunne fortelja oss noko interessant: Kor mange fleire som døydde medan koronaepidemien herja. Sidan regjeringa sette inn tiltaka her i Noreg, har langt færre enn normalt døydd. Det er fleire grunnar til det, men vi har mellom anna stogga influensaen, folk hamnar i færre ulukker enn vanleg, og ein god del stress har vorte unngått. Det som gjeld for Noreg, gjeld òg for Danmark. Men så endrar biletet seg. Financial Times har undersøkt ei rekkje land og korleis stoda var der måndag denne veke.
Tala er nokså sterke, men hugs då at dei inkluderer folk som sannsynlegvis ville døydd i løpet av relativt kort tid. Grunnen til at fleire har døydd i dei fleste landa Financial Times har sett på, kan vera at mange eldre som normalt ville ha fått behandling for til dømes slag eller hjarteinfarkt, ikkje har fått det. Her er tala og dei går frå 1. januar: I Austerrike har 500, 12 prosent fleire enn vanleg, døydd. I Belgia er det 5200 «fleirdøde», 60 prosent meir enn normalt. England og Wales ligg på 15.600, 37 prosent fleire. Frankrike har 34 prosent fleire, som er 16.500. I Italia 90 prosent, som svarar til 21.500. Nederland har 6200 fleire, 42 prosent meir enn vanleg. Portugal ligg på 1000 og 10 prosent fleire. Spania på 51 prosent og 27.600. Sverige, som vi trur har forferdeleg tal, er på 1300 fleirdøde og 18 prosent, og Sveits er på 1500 som er 29 prosent. I dei europeiske byane og landa Financial Times har sett på, har i gjennomsnitt 49 prosent fleire døydd hittil i år enn i tilsvarande periode dei fem siste åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.