Intervju

– Eg kjem aldri tilbake til Russland

Ein liten sum pengar til eit antikorrupsjonsfond kan snu opp ned på livet.
  

Gregory Kunis måtte reise frå Russland.
Publisert Sist oppdatert

Den russiske forretningsmannen Gregory Kunis blei arrestert for å ha donert 35 euro til Navalnyjs antikorrupsjonsfond (FBK). No har han reist frå familien i Russland og bur i Israel.

Utan klokke, utan kontakt Korleis Russland bryt ned fangane sine.

Gregory Kunis blei arrestert for å ha donert 35 euro til Navalnyjs antikorrupsjonsfond. Etter fem månader i varetekt blei han lauslaten, og i desember flykta han frå Russland. 

Han stod overfor ei ny rettssak og ein dom på seks år. 

Kunis var med på å etablere avisene The St. Petersburg Times og Moj Rajon, og daglegvaretenesta iGooods.

I serien kan du lese om dagen då han blei arrestert, om korleis russarar blir rekrutterte til krigen, og om rettshøyringane hans.

– Det finst ei oppfatning av at dei fleste russarar støttar krigen, men det stemmer ikkje. Dei kan berre ikkje seie det høgt, rett og slett fordi det er farleg. Det er viktig å forstå kvifor det er slik, og det er dette eg vil freiste å forklare gjennom tekstane.

I tre tekstar i Dag og Tid skriv han om arrestasjonen, om korleis dei innsette i fengsla blir rekrutterte til krigen, og om sjølve høyringane. 

– Er det farleg for deg å fortelje desse historiene?

– Eg ser på risikoen som låg for meg personleg og for familien min. Men verdien av å snakke ut om kva som skjer på innsida i Russland, er stor. Det styresmaktene held på med no, er det eg kallar for «styrt uvisse». Grensene for kva som er lovleg, flyttar seg heile tida. Difor blir russarane tvinga til å teikne grensene sjølv. Å vere usikker er meir effektivt enn frykt.

– Du har meir stoff enn dei tre tekstane du skriv for oss. Er det del av eit større prosjekt?

– Eg håpar at det til slutt kan bli ei bok som forklarar korleis det russiske samfunnet fungerer. Og korleis det ser ut dersom me godtek politikken til styresmaktene. Det eg skriv, er ikkje nytt for russarane. Men for Vesten kan det vere nyttig. Til dømes for dei som styrer politikken og tek avgjersler. Det er viktig å kjenne fienden, noko eg vil seie at dei russiske styresmaktene er.

– Er det ei motstandsrørsle i Russland no?

– Alt er undertrykt. Som eg sa, er det særs få som tør snakke ope og kritisere styresmaktene. Men det du spør om, er både sant og ikkje sant. Nokre hjelper ukrainske flyktningar som har enda opp på okkupert territorium, med å kome seg ut av Russland og til Europa. Nokre støttar FBK, og andre rapporterer til vestlege medium medan dei framleis er i Russland, då under pseudonym. Så dei finst, men openbert er det ikkje mange av dei.

– Overraska det deg at du blei arrestert?

– Absolutt. Eg tenkte ikkje på det i det heile teke. Eg hugsar sjølvsagt at eg donerte pengar til FBK, men likevel tenkte eg av ein eller annan grunn at eg var «under radaren». Eg er verken politisk aktivist eller demonstrant, eg levde eit roleg liv og arbeidde.

– Du var med på å etablere den engelskspråklege avisa Saint Petersburg Times, gratisavisa Moj Rajon og matleveringstenesta iGooods. Korleis var livet ditt før arrestasjonen?

– Det var bra. Heile livet har eg drive med det eg hadde lyst til. Eg betydde noko for samfunnet og for mange menneske. Og eg elska det. Moj Rajon hadde fleire millionar lesarar.

– No bur du i Israel. Korleis har du det der?

– Eg har det bra her òg. Eg er fri og kan seie akkurat det eg vil. Eg treng ikkje lenger drive med sjølvsensur, og det er eit stort privilegium.

– Men du er ikkje saman med den nærmaste familien din?

– Ikkje enno, men eg planlegg at me skal vere saman att. Det tek tid, for eg må byggje alt opp att frå ingenting. Kontaktar, inntekt og så vidare. Då eg blei arrestert, blei alt eg hadde av verdiar og pengar beslaglagt. Eg fekk berre med meg ein liten sum pengar då eg rømde landet.

– Er det dyrt å få familien ut?

– Nei, det er relativt billeg. Men å busetje seg i eit vestleg land og forsørgje familien kostar pengar. Dessutan går sønene mine på ein god privatskule i St. Petersburg. Skulen har råd til ikkje å vere involvert i det styresmaktene driv på med. Slik du til dømes kan sjå i dokumentarfilmen Pavel mot Putin.

– Ikkje noko marsjering der, altså?

– Nei, ikkje noko slikt i det heile teke. Me vil at borna våre skal få god utdanning uavhengig av kva land dei bur i. Og det kostar pengar. På denne privatskulen har me allereie betalt ein del på førehand, i tillegg til at skulen hjelper oss finansielt.

– De klarar dykk eigentleg ganske bra?

– Det er sjølvsagt ikkje heilt lett psykisk. Me kan ikkje ta på kvarandre, og kommunikasjonen er vanskelegare, trass i moderne kommunikasjonsmiddel.

– Du risikerte ei fengselsstraff på seks år, men slapp utruleg nok ut med berre ei bot. Likevel klarte du å flykte frå Russland. Korleis er det mogleg?

– Rett og slett fordi eg reiste same dagen som eg blei sloppen ut av fengselet. Det tek tid for systemet å reagere og sende melding til dei som arbeider ved grenseovergangane i Russland og Belarus.

– Bestemde du deg for å flykte allereie då du var i fengselet?

– Nei, same dagen som eg kom ut. Eg blei rådd til å reise, så eg sa farvel til familien og drog.

– Det høyrest forferdeleg ut?

– Det var ikkje det, men det var særs trist. Eine son min berre grein og grein. Og eg grein saman med han. Men frykta for å hamne tilbake i fengsel var så sterk at eg følte at eg ikkje hadde noko anna val.

– Kjem du til å reise tilbake til Russland ein dag?

– Nei, det gjer eg nok ikkje.

– Kvifor?

– Eg står på lista over terroristar i Russland. Det betyr at alle bankkontoane mine er stengde, eg kan ikkje leve eit normalt liv der, eg kan ikkje finne ein lovleg jobb. Det vil ta mange år å fjerne namnet mitt frå lista. Dessutan kan ikkje livet mitt frå no av vere knytt til Russland. Lever du på midlertidig basis, er det mykje vanskelegare mentalt.

– Er det i Israel de vil slå dykk ned?

– Me har enno ikkje avgjort kvar det blir. Israel, Litauen, Tsjekkia – kvar som helst. Noko av det som er vanskeleg, er at me må velje eit land der me skal bu i mange år framover. Me ønskjer å bli ein del av samfunnet der me buset oss.

– Korleis kjennest det? Aldri å kome tilbake til byen der du har levd heile livet, der borna dine har vakse opp?

– Kva skal eg seie? Eg er jo veldig glad i St. Petersburg. Men det er relativt lite problematisk, for eg veg det opp mot risikoen for å hamne i fengsel. Og då forsvinn saknet. Å slite med tilgang til internett og heile tida vurdere kvar grensene går ... Nei, det er lettare å sleppe det. Så difor ser eg absolutt ikkje føre meg å kome tilbake til Russland.

– Så korleis ser framtida di ut?

– Veit du, no når eg ikkje lever med denne sjølvsensuren og risikoanalysen, har eg fått mykje ny energi. I Russland var eg konstant deprimert dei siste åra etter at den store krigen byrja (fullskalakrigen mot Ukraina i 2022 red.merk.). Alt det eg hadde brukt heile mitt profesjonelle liv til å byggje opp, blei øydelagt ... Styresmaktene er så mykje sterkare enn meg. Eg kan ikkje gjere noko for å hindre dei i å øydeleggje det russiske samfunnet: utdanningssystemet, helsesystemet, sivilsamfunnet og det politiske systemet. Valsystemet øydela dei allereie for mange år sidan. Berre det å vere vitne til dette er smertefullt.

– Så på bakgrunn av dette, kva framtid ser du føre deg for Russland?

– Miserabel, i alle fall så lenge Putin sit ved makta. Han vil nok halde på makta heilt til han døyr. Slik er det med autoritære leiarar, dei døyr på kontoret sitt.

 

Her kan du lese serien «Utan klokke, utan kontakt – korleis Russland bryt ned fangane sine».