JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Draumen økonomar går og ber på

Før jol, samstundes som statsbudsjettet vart vedteke, la skatteutvalet fram ei offentleg utgreiing om eit betre og meir effektivt skattesystem. Dei to dokumenta sprikjer sterkt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bustadprospekt i vindauget hos ein eigedomsmeklar i Oslo. Dei fleste økonomar vil skattleggja eigedom hardare, men det er politisk svært vanskeleg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

14570
20230106

Skatt

For jol la det såkalla Torvik-utvalet fram forslag til eit meir effektivt og harmonisk skattesystem.

Utvalet vil ha ned skatt på formue og særleg lønsinntekt.

Dei vil ha lik meirverdiavgift på alle tenester og varer og innføra vanleg skatt på bustader.

Regjeringa vedtok noko heilt anna for budsjettåret 2023.

jon@dagogtid.no

Å seia at det å eiga eigen bustad er ein del av DNA-et til nordmenn, er kan henda å taka litt i, men at det er ein del av vårt kulturelle DNA, kan det vera liten tvil om. 80 prosent av vaksne nordmenn eig eigen bustad, og langt fleire har planar om å verta huseigarar.

Det kan vera liten tvil om at denne kulturen på mange vis har tent oss godt. I Noreg har vi ikkje slum, vi held alt ved like, klipper plenen, pussar opp og passar på at grannane oppfører seg. Slik har det vore i mange generasjonar no. Nordmenn var ikkje leiglendingar, få av oss var husmenn. Som forfedrane våre vel vi så sant vi har råd til det, å eiga framfor å leiga.

Dessutan har vi sylta ned det meste vi har av formue, i eigedom. Og det har staten med vitende og vilje late oss gjera. Når vi betaler formueskatt, tel bustadene våre berre 25 prosent av marknadsverdien. Låna vi tek opp for å kjøpa eller byggja nytt, er langt på veg kostnadsfrie takk vera inflasjon og rentefrådrag, og når vi ein gong sel, ja, så er vinsten på både primær- og sekundærbustad skattefri.

Mot straumen

Økonomar flest liker ikkje stoda. Det gjer heller ikkje det siste skatteutvalet, leidd av økonomiprofessor Ragnar Torvik, som la fram NOU 2022: 20 Et helhetlig skattesystem føre jol. Utvalet var sett ned under Erna Solberg, men vart utvida og fekk ekstramandat under Jonas Gahr Støre.

Om økonomar flest fekk velja kva skattar og avgifter som skal ned, ville dei fyrst velja lønsskatt og deretter skatt på kapital som kan flytta på seg. Dei ville vidare seia at skatt på arbeid og avkasting på kapital skal skattleggjast likt i marginen.

Låg og føreseieleg skatt på arbeid og kapital, seier teorien, fører nemleg til at folk arbeider meir og sparer og investerer meir, noko som i sin tur gjer dei fleste av oss rikare, og samfunnet som heilskap får dimed meir velferd.

Om økonomane så fekk velja kva skattar som burde gå opp for å kompensera for lægre skattar på særleg arbeid, ville dei mest truleg ha valt høgre avgifter på varer og tenester, pluss høgre skatt på fast eigedom, i tillegg til grunnrenteskatt på naturressursar som har høg etterspurnad, av di det er mangel på dei same naturressursane. Så ville dei nok ha peikt på at litt arveavgift neppe er dumt.

Etter læreboka

Kva gjer så Torvik-utvalet, i det minste økonomane i utvalet, framlegg om? Høgre skatt på eigedom, grunnrente og lik meirverdiavgift, pluss litt arveavgift. Skatten på arbeid vil dei derimot ha nokså kraftig ned, og dessutan gjer dei framlegg om lægre formuesskatt og at alle skattesatsar og frådrag bør harmoniserast.

Marginalskatten på arbeid og kapital pluss MVA bør dimed verta lik over heile fjøla. Dessutan bør nær sagt sjølvsagt det som i praksis er eit nullskatteregime for reiarlag, avviklast, meiner utvalet. Om reiarlaga flyttar til utlandet, får vi her heime frigjort både arbeidstakarar og kapital vi kan nytta meir lønsamt andre stader.

Same som før

Torvik-utvalet har enkelt og greitt lagt fram noko som økonomar før dei har gjort framlegg om, og som økonomar etter dei kjem til gjera framlegg om. Problemet er berre at dei truleg ikkje får gjennomslag for noko av det nye dei gjer framlegg om, korkje under denne regjeringa, den neste eller regjeringane lenger der framme. Det vitnar mellom anna statsbudsjettet for 2023 sterkt om.

For så lenge det er pengar att på Oljefondet, kjem politikarane neppe til å gjera noko det store fleirtalet eller eit formuleringssterkt mindretal – feil eller ikkje – meiner dei taper på. Media kan vera eit godt døme på kva eit mindretal kan få til.

Denne avisa, på like line med alle andre aviser, vert 25 prosent dyrare om Torvik-fleirtalet får viljen sin. Det har kanskje ikkje veljarar flest så sterke meiningar om. Men det vert det meint særs mykje om i ulike mediekanalar. Alt før utvalet hadde kome med innstillinga, kunne vi lesa ei rekkje leiarartiklar og avisinnlegg frå medie- og kulturfolk som meiner at MVA på kultur og skrivne ord er eit åtak både på ytringsfridomen, norsk kultur og det meste anna vi held kjært.

Innfører Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre MVA på medium og forlag, om mogleg, får dei endå fleire negative oppslag mot seg. Kulturfolk og journalistar er dessutan ikkje åleine om å vera sterke lobbyistar.

Tak mellomlaga!

Men det finst dei som ikkje fylgjer så nøye med og ikkje alltid finles offentlege utgreiingar. Kven er det som finansierer det politikarane og dei som ikkje er medlem av mellomlaga, vil ha meir av, til dømes høgre trygder og fleire gratistenester for dei som har låg inntekt? Det er dei fleste av oss, og dei fleste av oss høyrer til mellomlaga. Torvik-utvalet vil at mellomlaga skal få litt meir pengar for arbeidet dei gjer. Der er ikkje Vedum og Støre.

Når det er inflasjon, vert mellomlaga forvirra, på lik line med dei fleste andre. Dei misser oversikten over kva løna er verd, kva varer og tenester kostar, og til sjuande og sist kor mykje skatt dei skal betala eller betaler. Periodar med inflasjon gjev finansministrar høve til å auka skattane på løn.

Vedum tok imot NOU-en rett før jol. Han visste sjølvsagt at Torvik-utvalet kom med framlegg om sterkt reduserte skattar på arbeid. Tilsette i Finansdepartementet var sekretariatet for Torvik-utvalet, og sjølv om desse kanskje ikkje sa noko til Vedum, visste han likevel på førehand at økonomane i utvalet ville ha lægre skattar på arbeid, for det meiner økonomar alltid.

Avgjort på førehand

Kva gjorde Vedum rett før han fekk NOU-en? Han hadde både lagt fram eit statsbudsjett med sterkt auka skattar på arbeid og gjort ein avtale med SV som auka lønsskattane endå meir. I oktober, då framlegget til statsbudsjett vart presentert for Stortinget, var inflasjonen i Noreg 7,5 prosent. Det siste året hadde vi alle, vel enkelt sagt, vorte 7,5 prosent fattigare enn vi hadde vore utan inflasjon.

På heimesida til Finansdepartementet finn vi skattesatsane for 2022 og 2023 og dei såkalla innslagspunkta for når lønsskattane aukar. Innslagspunkt 3 i 2022 gav ein skatteauke på 13,4 prosent på toppen av grunnsatsen på 22 prosent for all lønsinntekt. Innslagspunktet var på 643.800 kroner. Vi kan kanskje kalla det grensa for mellomlagsinntekt, sjølv om regjeringa seier at det berre er dei med over 750.000 i inntekt som tener så godt at dei skal skattleggjast hardare.

Ja, regjeringa aukar personfrådraget, slik at om ein ikkje tek omsyn til inflasjonen, får tilsynelatande alle med inntekt under 750.000 skattelette. Men tek ein omsyn til inflasjonen, vert resultatet eit heilt anna. Justert for inflasjon var 643.800 kroner i oktober 2022 berre verde 595.500 samanlikna med oktober 2021.

Skatteauke

Kva vart resultatet i det endelege statsbudsjettet? Innslagspunkt 3 vart for 2023 på 642.950 kroner, og skattesatsen auka med 0,1 prosent. Dette er etter inflasjon ein nokså drastisk auke i skatt på lønsinntekt, og det gjev staten langt meir pengar og mellomlaga langt mindre å rutta med. Pengar som er mykje mindre verde, vert skattlagde vel så hardt som før. Alt før dei la fram NOU-en, kjempa Torvik-utvalet i motvind.

Økonomar vil helst ikkje seia det høgt, men best liker dei personar som tener ekstra godt, for løn er lite anna enn ei spegling av produktivitet, og arbeidstakarar med høg produktivitet gjev det største tilskotet til økonomisk vekst. Det er særleg desse økonomane vil ha til å arbeida så mykje som råd er.

Innslagspunkt 4, som gjev ein skatteauke på 16,4 prosent, var i 2022 på 969.200 kroner. Den summen var verd berre 896.510 samanlikna med oktober 2021. Regjeringa senka innslagspunktet til 926.800 og auka skatten med 0,1 prosent. Verst gjekk det utover dei som før tente 2 millionar eller meir. 2 millionar var i oktober 2022 verd 1,85 millionar samanlikna med oktober året før. Etter forliket med SV sette regjeringa grensa ned til 1,5 millionar og auka skattesatsen frå 17,4 prosent til 17,5. Der har vi ein realløns­nedgang etter inflasjon og skatt som verkeleg bit eller monnar, alt etter korleis ein ser det.

Dei løynde satsane

I tillegg kjem trygdeavgifta, som rett nok vart sett ned frå 8 til 7,9 prosent. Men det er altså ikkje til å koma forbi: Takk vera at regjeringa ikkje tek omsyn til inflasjonen og justerer ned innslagspunkta, aukar statsinntektene frå folk som tener greitt og folk som tener godt, sterkt i 2023 samanlikna med 2022.

På toppen av det heile la regjeringa på ein auke i arbeidsgjevaravgifta på 5 prosenteiningar for alle lønsinntekter over 750.000 kroner. Om vi tek omsyn til sosiale utgifter og pensjonsavsetjing, reelt sett alt frå rundt 690.000 kroner. I 2023 kjem mange fleire enn før til å hamna i gruppa med særleg høg arbeidsgjevaravgift. Marginalskatten på lønsinntekt inkludert arbeidsgjevaravgift, som reelt sett er skatt på løn, seier Finansdepartementet, går frå 53,9 prosent til 55,8 prosent.

Eit uttalt mål med den store skattereforma av 1992 var at ingen skulle måtta betala meir enn halvparten av inntekta si i skatt. Der er vi ikkje lenger.

Torpedert

Skatteauken på lønsinntekt for mellomlaga og dei som tener godt, vert etter inflasjon i 2023 høgre enn på fleire tiår. Torvik-utvalets draum om reduserte skattar på inntekt vart torpedert før NOU-en hadde gått i trykken.

Kva med formuesskatten? Torvik-utvalet vedgår at han kan opplevast som urettvis av di utlendingar ikkje betaler slik skatt. Men dei vil halda på han av di skatten har positive fordelingsverknader, og av di dei meiner at skatten ikkje er verre enn dei fleste andre skattar. Dei vil vidare at alle skatterabattar skal fjernast: Hus, næringseigedomar, aksjar, noterte så vel som unoterte, skal handsamast likt av Skatteetaten, men samla går dei inn for å redusera formuesskatten med 8,5 milliardar, som vil vera ei halvering samanlikna med 2021.

Dei gjer framlegg om at alle får eit botnfrådrag på 6,4 millionar, mot 1,7 millionar i 2022. Dei vil så setja ned satsen for nettoformue på opptil 20 millionar etter skattefrådrag frå 0,95 prosent, som han var i 2022, til 0,5 prosent. Satsen for nettoformuar på over 20 millionar skal ned frå 1,1 prosent til 0,85 prosent, om utvalet får viljen sin.

Motsett

Kva gjer regjeringa? Innslagspunktet for formuesskatt vert det same for 2023 som i 2022, altså 1,7 millionar, og dei aukar formuesskatten frå 0,95 prosent til 1 prosent for formuar opptil 20 millionar. Dei som har formue på over 20 millionar, og som alle andre formuar har den vorte mykje mindre verd gjennom inflasjon, skal framleis betala 1,1 prosent. I tillegg aukar regjeringa utbyteskatten frå 49,5 prosent til 51,5 prosent.

Dei skattane som Torvik-utvalet vil ha ned samanlikna med 2022, har regjeringa altså auka med mange titals milliardar i 2023.

Kva med inndekkinga av dei skattelettane Torvik-utvalet vil ha? Også der slit økonomane i utvalet med det regjeringa alt har gjort. For Torvik-utvalet vil mellom anna finansiera skattelettar med grunnrenteskatt. Dei vil til dømes ha ein grunnrenteskatt på oppdrett på 40 prosent. Men det har regjeringa alt rekna med for å finansiera statsutgiftene i 2023. Dei pengane er alt nytta til utgiftsaukar og kan difor ikkje nyttast til skattelettar. Utvalet vil også ha grunnrenteskatt på vindkraft, som regjeringa har innført, og som dimed heller ikkje kan nyttast til skattelettar.

Regjeringa har i tillegg innført ein marginalskatt på 90 prosent for vasskraft som vert seld for over 70 øre. Det framlegget kjem ikkje Torvik-utvalet med. Men også dei pengane har regjeringa brukt i statsbudsjettet for 2023.

Nei frå Stortinget

Då står auka skatt på bustad att, pluss MVA og litt arveavgift. Ei rekkje representantar frå regjeringspartia har sagt at dei er mot å auka eller innføra MVA på mat, medium, bøker og ein del tenester. Signala er ikkje gode. Heller ikkje ei avvikling av den særs gunstige reiarskatten bør Torvik-utvalet gjera seg stor von om å få gjennom, for det regimet vart innført etter press frå Sp.

Ei innføring av vanleg skatt for reiarlag vil garantert føra til massiv utflytting til EU-land, som stort sett alle har nullskatt på reiarlag som opererer internasjonalt. Ein finansminister skal ha sterk rygg for å våga å avvikla skattefritaket for reiarlag, som er særs sterke lobbyistar. Arveavgift har Støre på si side lovd ikkje å innføra.

50 milliardar

Men den største moglege nye ekstrainntekta for staten kjem frå bustadsektoren. Om verdien av husa våre vart skattlagde på lik line med andre skatteobjekt, kunne staten ha henta inn 50 milliardar ekstra, og endå mykje meir om rentefrådraget vart fjerna.

Det opphavlege grunnlaget for at vi fekk rentefrådrag, var at det skulle verka som eit «fradrag for utgift til inntekts erverv». Men det var i ei tid då folk faktisk vart skattlagde for fordelen av å bu i eige hus, for gjer ein det, slepp ein utgifter til leige. I tillegg er det også slik at vi kan leiga ut 49,99 prosent av eige hus skattefritt.

Rentefrådraget har ikkje lenger eit motsvar i ei inntekt som staten skattlegg. Såleis er det ingen logisk grunn til at rentefrådraget skal vera der, som Torvik-utvalet også peikar på. Dei vil rett nok halda på rentefrådraget dersom Stortinget vedtek å skattleggja bustader og inntekter frå dei på meir normalt vis. Det ville i det minste vera ei harmonisering av skattesystemet, og harmoni vil økonomar alltid ha.

Men når 80 prosent av oss eig eigen bustad, og dei som eig bustad, dessutan deltek mykje meir aktivt i val enn dei som ikkje eig eigen bustad, seier det seg kanskje sjølv at ein sterk auke i bustadskatten er vanskeleg.

Vart vanskeleg

Det vi i alle høve kan slå fast, er at dei skattelettane Torvik-utvalet vil ha, er langt vanskelegare å finansiera i 2023 enn dei var i 2022. Éin skatt vart rett nok ikkje auka i 2023 samanlikna med 2022. Det var skatterabatten for primærbustad. Husværa våre skal framleis berre vera verde 25 prosent av marknadsverdien. Skatterabatten for aksjar vart derimot redusert frå 25 prosent til 20. Det er ikkje lett å vera Ragnar Torvik i dag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Regjeringa har auka dei skattane som
Torvik-utvalet vil ha ned samanlikna med 2022, med mange titals milliardar i 2023.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis