Dragkamp om diktarhovding
Det skal reisast ein Petter Dass-statue på helgelandskysten. Er vi ikkje ferdig med slik heroisering av gamle diktarar? Ikkje i dette tilfelle, for Dass rommar meir enn gamle kvite menn.
Midt i ei tid der det har vore biletstorm mot skulpturar av vestlege kvite menn, får vi ein skulptur av ein vestleg kvit mann på helgelandskysten. Og ikkje berre det. Vi får ein statue av ein mann frå 1600-talet, tidsperioden med kolonialisering i verdssoga.
Det handlar om eit prosjekt som har vore debattert i media tidlegare, men som no i februar har fått grønt lys til gjennomføring: reisinga av ein ti meter høg bronsestatue av diktarpresten Petter Dass.
Prislappen er 8,7 millionar kroner, og monumentet skal stå ferdig til 2024 – då har Bodø status som europeisk kulturby. Det blir feira langs heile nordlandskysten.
Samisk kvinne på sokkel
Skal vi ta det som sjølvsagt at slike statuar blir reiste? Nei, ikkje utan vidare, men i dette tilfellet meiner eg Dass-statuen fortener å stå langs skipsleia. Eg kjem snart attende til kvifor. Fyrst vil eg lufte nokre atterhald.
Menn på sokkel og gatenamn med menn er standarden, som vi veit. Har alle verkeleg gjort seg fortente til plass på ein sokkel eller eit skilt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.