Det store spelet

Les du dette, får du kan henda vita kven som vinn VM.

Dei to største, Ronaldo og Messi, møtest i VM òg. Kan henda får vi endeleg avgjort kven av dei to som er best.
Dei to største, Ronaldo og Messi, møtest i VM òg. Kan henda får vi endeleg avgjort kven av dei to som er best.
Publisert

Komande torsdag byrjar verdsmeisterskapen i fotball for menn i Russland. Den fyrste kampen er mellom dei to store oljenasjonane Russland og Saudi-Arabia. Aksel Bergo er trenar og tilsett ved Norsk Toppfotball. Han har i tillegg arbeidd mykje med programvarer som vert nytta i fotballanalysar.

– Har fotballen endra seg sidan førre VM?

– Sjølvsagt, fotballen endrar seg heile tida. Men dei største endringane kjem etter store regelendringar, det har vi i liten grad fått sidan førre VM. Men ja, det har kome store endringar i spelet òg, og det handlar som alltid om tid og rom. Vi ser på statistikken frå dei store ligaane at det har vore langt fleire eksplosive handlingar: Når noko skjer, skjer det med stor fart og stor kraft. Det har vore fleire sprintar med kortare pausar imellom. Spelet går altså snøggare for kvart år. Det kjem vi òg til å sjå i VM.

– Det som irriterte meg i førre VM, var at sjølv om mange lag «parkerte bussen», som det heiter, så kom ikkje det naturlege svaret, nemleg fleire langskot?

– Det er heilt rett, det var eit VM med få skot. I tidlegare meisterskapar var det langt fleire. Men det trur eg handlar om ballen. Framfor kvart VM vert det alltid konstruert ein ny ball. FIFA gjer det for at spelet skal verta mindre føreseieleg. Før VM i 2010 kom det til dømes ein ball med eit nytt tyngdepunkt for at målvaktene skulle verte forvirra over ballbanen. Eg trur ballen dei laga til førre VM, vart feil. Eg er difor spent på den nye.

– Kan VM føra til endringar i spelestil?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement