Det store fallet
Noreg har gått gjennom eit økonomisk sjokk utan like. For fyrste gong på 25 år går offentleg forvaltning med underskot.
Sjefen for dei dårlege tidene. Finansminister Jan Tore Sanner kjem truleg til å henta ut over 750 milliardar frå Oljefondet i år.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Statistisk sentralbyrå (SSB) har lagt fram nasjonalrekneskapen for andre kvartal. Verdiskapinga i fastlandsøkonomien, BNP, gjekk ned med 8,7 prosent, trur SSB. Seksjonssjefen for nasjonalrekneskapen er Pål Sletten.
– Kva er nasjonalrekneskapen?
– Det er ei samla framstilling av norsk økonomi som teiknar opp den norske makroøkonomien. Om ein ser på dei gamle publikasjonane til SSB frå mellomkrigstida, fortel dei at skipsfraktratane gjekk ned, at jordbruksproduksjonen gjekk ned og så bortetter. Men ein sakna det analytiske apparatet som kunne gje eit samla bilete av norsk økonomi på veg inn i ei djup krise. I Økonomisk utsyn for 1950 får vi noko heilt anna. Då vert tala sette i system, og systemet er nasjonalrekneskapen.
– Korleis lagar de rekneskapen?
– Når vi ser på eit heilt år, gjer vi det med ei stor mengd opplysningar, både utarbeidde av SSB sjølv og innhenta utanfrå. Skatteopplysningane er særs viktige, og vi går detaljert til verks. Vi ser til dømes på alle norsk verksemder på detaljnivå. Kva kjøpte dei, kva selde dei, kva var lønskostnadene? Så reknar vi ut bruttoproduktet deira. Dette summerer seg til bruttonasjonalproduktet, som er det talet dei fleste kjenner frå daglegtalen. Når vi lagar rekneskap for eit kvartal, framskriv vi utvalde postar frå rekneskapen, og til det nyttar vi ei lang rekkje indikatorar. Vi får til dømes opplysningar frå Fiskeridirektoratet om kor mykje fisk som vart landa og selt sist månad. Men vi veit ikkje kor mykje fiskereiarane betalte i løn. Då framskriv vi utgiftene frå eit basisår, som no er 2017. Normalt sett går dette heilt greitt. Indikatorane er prøvde ut over tid og fangar opp den variasjon vi normalt har i norsk økonomi. Men etter 12. mars braut fleire av dei saman.
– Kva gjer de då?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.