Reportasje
Det siste slaget
Ved Wounded Knee i Sør-Dakota enda krigen mot dei amerikanske urinnbyggjarane. Ein million bur i reservat og kjempar framleis for språk, kultur og land.
Om lag 250 frå lakotastammen vart drepne 29. desember 1890, blant dei var 47 kvinner og born. Tala på offer sprikjer. Fleire døydde i ettertid, og vintervêret gjorde identifisering vanskeleg. Massakren vart slutten på dei såkalla indianarkrigane.
– Og når du reiser heim att dit du kjem frå, og nokon spør: «Kvar var du på rundreisa di i USA?» Då skal du svare: «Å, eg stansa ved Wounded Knee.»
Eit marmorert skydekke i grått og blått ligg himmelhøgt over det bølgjande landskapet av milde, lysebrune grassletter og holt av ponderosafuru og sedertre. Ein kald vind driv over parkeringsplassen framføre det raude skiltet som fortel om massakren i 1890. Austin Ice er kledd i ein mørk hettegenser frå North Face. I motsetnad til dei andre karane har han eit vake blikk, eit lunt smil og snakkar utan å snøvle.
– Og der ved Wounded Knee, kan du fortelje, trefte du ein gjeng amerikanske urinnbyggjarar, ikkje indianarar.
– OK?
– Det er ikkje sårande for meg, altså, men urinnbyggjarar er eit meir riktig ord. Og når dei heime spør deg om kva vi fortalde, kan du sitere meg: «Det var her dei prøvde å utrydde oss.»
Slutten på krigane
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.