Krig

Det postheroiske Europa

Berre finnane ønsker å slåst. Resten av europearane har blitt makteslause overfor Russland dersom Putin held fram med å krige etter Ukraina-krigen, påpeikar den amerikanske militærrådgivaren Edward Luttwak.

Finske soldatar trener saman med svenske soldatar i Hetta i Nord-Finland i 2024 under øvinga Nordic Response.
Publisert Sist oppdatert

Europa er i røynda forsvarslaust mot Russland. Trass ei historisk opprusting manglar europearane det heilt avgjerande vernet mot ein storstilt russisk invasjon, lyder det frå den erfarne militæranalytikaren og historikaren Edward Luttwak.

Luttwak har i fleire tiår vore rådgivar for amerikanske presidentar i tryggleikspolitiske spørsmål og har med vantru følgt «kjøp, kjøp, kjøp»-strategien til europearane etter Russlands invasjon av Ukraina. 

Hasteinnkjøp av dyre militære jernvarer verkar ikkje avskrekkande på russarane, seier han og peikar på ein langt større akilleshæl i forsvaret av Europa.

– Det avgjerande i eit slag mot russarane vil vere infanteri, altså soldatar. Men Europa manglar soldatar som er villige til å kjempe. Den einaste løysinga er ein radikal auke i tvungen verneplikt. Profesjonelle soldatar er ineffektive, sjølv om dei får høg løn og tre gode måltid om dagen, for dei reknar ikkje med at dei faktisk skal i kamp, seier Luttwak, som gjennom karrieren har skrive fleire tonegivande bøker om geopolitikk og militær strategi.

– Finnane ønsker å krige

Sidan Ronald Reagan var president, har Luttwak vore tilknytt det amerikanske forsvarsdepartementet, no krigsdepartementet, Pentagon. Derifrå følger han nøye med på den tryggleikspolitiske utviklinga, og det seier sitt at han stiller eitt vilkår før han takkar ja til eit intervju: Han vil ha talet på vernepliktige i Danmark og Sverige. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement