Det nye Kommune-Noreg
HORNINDAL KOMMUNE: No byrjar strafferegimet til Jan Tore Sanner å verka. Om nokre år vil både Ørsta og ei rekkje andre kommunar oppdaga at det kostar å stå åleine.
Bjørn Navelsaker og Anne Kristin Tronstad i GRS Riflestocks, her i lag med ordførar Stig Olav Lødemel.
Foto: Knut Hustad
Når ein som journalist sit på kontoret, veit ein på eit vis kvar ein skal. Dagane går nokolunde som planlagt. Reportasjeturar kan derimot enda opp på underlege stadar, til dømes at vi hamnar på Sunnmøre når vi er i Nordfjord. Planen var å intervjua ordføraren i Hornindal kommune, eller Honndalen, som vestlandingar flest kallar staden. Brått står fotografen og eg på ein våpenfabrikk og siktar med kvart vårt geværskjefte.
På ein gard oppe i ei fjellside i Honndalen, rett under der det seinare kom eit skisenter, byrja ein gardbrukar å lima i hop treverk til møblar. Etter kvart vart kjellaren for liten, så han bygde eit uthus, så skjøtte han på eit uthus til og endå eit. Så kunne han ikkje utvida meir grunna fonnfaren. No er fabrikken difor utvida med eit svært telt, for telt er det lov å setja opp i fonnfarlege område. Men for fem år sidan var det slutt, norske møblar vart for dyre. Etterkomarane måtte finna seg noko anna å gjera.
Kva var det dei kunne? Lime tre. No sel dei geværskjefte som så vert påmonterte ulike våpensystem. Grunnmodellane kan justerast i alle moglege retningar og kan lagast i 2000 ulike variantar. Men tre er litt tungt. Difor tinga dei ei form frå Kina som dei kunne nytta til å smelta kompositt til skjefte. Kvart år sel dei over 7000 treskjefte og 5000 komposittskjefte. Målet i år er å selja 15000 skjefte, og kundane finst i 45 ulike land. Har du råd til eit skjefte til knapt 6000 kroner, er det godt mogleg det kjem frå ei fjellside i Honndalen og er merkt med «GRS Riflestocks».
Fordommar
Grunnen til at eg dveler ved denne high tech-fabrikken, er fordommar. Eg har alltid sett på vesle Honndalen med sine 1200 innbyggjarar som ei bakevje. For frå Honndalen kom det berre ljåar og nokre ovsterke idrettsfolk – Frode Grodås stod i mål på Chelsea, Anders Fannemel sette verdsrekord i Vikersund. Bøndene på si side var smedar, og kvar vår gjekk dei over fjellet Kviven for å selja ljå og langorvar.
Men det var før og ikkje no. Liv Signe Navarsete frå ei av grannebygdene fann ut at ein skulle bora ein tunnel på 6,4 gjennom Kviven. Nye E39, utan bompengar, går no rett gjennom Honndalen, og med det har honndølane gjort voldingar av seg. Og då er vi framme ved temaet vi kom til Honndalen for å ta opp med ordførar Stig Olav Lødemel frå Høgre: kommunesamanslåingar og det faktumet at pengane no drys over det som vert nye Volda kommune, som – om vi skal tru Lødemel – fyrste året fører til at den nye kommunen får nær 40 millionar i ekstraløyvingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.