Det går alltid eit tog til

Jarnbane til Tromsø er særs ulønsamt og dårleg for klimaet i minst éin generasjon. Det kan godt vera at bana vert bygd.

I Nord-Noreg finst Noregs einaste verkeleg lønsame jarnbanestrekning, nemleg Ofotbanen.
I Nord-Noreg finst Noregs einaste verkeleg lønsame jarnbanestrekning, nemleg Ofotbanen.
Publisert

Skjenegang og tog handlar i hovudsak om kultur. Det fylket som eksporterer suverent mest per sysselsett, er Møre og Romsdal. I 2017 eksporter møringane for 800.000 kroner per tilsett. Møre og Romsdal har ikkje jarnbane anna enn frå Dovrebanen og ned til Åndalsnes. Den traseen vert knapt nytta, heller ikkje til gods. Nei, møringane nyttar sjøen og dei relativt dårlege vegane opp Romsdalen og over Strynefjellet til E6. Gods på jarnbane finst knapt. Det siste er rett nok ikkje Romsdalsbanen åleine om.

For gods på bane er ein døyande næringsveg i Noreg. Vegane i det tynt folkesette Noreg er så mykje meir fleksible til slikt. «Det er krise i sektoren. De aktørene som opererer nå, vurderer hele tiden sin eksistens videre. Veitransporten har fått bedre rammebetingelser», seier Erik Røhne, direktør i Cargonet til NRK. Difor bed no NHO om store subsidiar til gods på jarnbane. Noko anna er det truleg ikkje å venta, sidan staten legg opp til at nye jarnbanespor vert bygde samstundes og ved sida av motorvegar. På motorvegar kan ein køyra døgeret rundt, på jarnbane berre når toga går. Så då bed ikkje møringane om jarnbane. Dei sender alt godset ut etter vegen og ikkje minst etter sjøen.

Ei ekstra von

Heller ikkje sogningane bed om jarnbane, og det sjølv om dei ligg på andreplass i eksport per sysselsett. Den kraftkrevjande industrien nyttar nær eksklusivt sjøvegen både når dei importerer og når dei eksporterer. Og sjøen er som lufta: for alle. Sogn og Fjordane, sett vekk frå Flåmsbanen, har heller ikkje jarnbane.

Eit anna område av Noreg som har mykje kyst og sjø som kan nyttast til eksport, er Troms. Men der vil dei, i motsetnad til møringane, sogningane og fjordingane, ha jarnbane, og det sjølv om dei eksporterer mykje mindre per sysselsett enn dei to vestlandsfylka. Det er i og for seg ikkje noko nytt i det. Kravet kjem opp med jamne mellomrom, for så å verta avvist.

Likevel har folket i Troms hatt ei lita ekstra von denne våren. Dei har sett fram til at Jernbanedirektoratet (JBD) skulle koma med utgreiinga om ei utviding av Nord-Noregbanen frå Fauske til Tromsø. Utgreiinga kom no i ferien og er ute til høyring. Folket i Troms liker ikkje det dei høyrer. Det er forståeleg. For dette vert dyrt, kanskje for dyrt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement