Det forunderlege valet

Høgsteretten i USA vil vera varsam med å endra valsystemet, og ingen modell sa at det var sikkert at Biden kom til å vinna, seier statsvitar Gunnar Grenstad.

Både Donald Trump og Joe Biden trur på siger i presidentvalet i USA.
Både Donald Trump og Joe Biden trur på siger i presidentvalet i USA.
Publisert

Donald Trump sluttar aldri å forundra, det gjer heller ikkje dei amerikanske veljarane. Den tradisjonelle modellen seier at folk i USA røystar etter etnisitet. Det vert færre med europeisk bakgrunn, menn som røystar republikansk, og stadig fleire med søramerikansk bakgrunn, dei røystar demokratisk. I tillegg kjem det at dei svarte alltid røystar demokratisk, og det gjer eit stort fleirtal av kvinnene òg. Dimed skal slike som Trump ha stadig mindre sjanse til å verta valde.

Kva syner valdagsmålinga? Trump gjekk attende med 5 prosent mellom kvite menn, 2 prosent fram mellom kvite kvinner, 4 prosent fram mellom svarte menn og kvinner, og 3 prosent fram mellom dei med bakgrunn frå Sør-Amerika. Hjå andre etniske grupper gjekk han fram med 5 prosent.

I alle høve vert dette valet delvis avgjort av rettssystemet. Advokatane er i full gang på båe sider. Professor Gunnar Grenstad ved Universitetet i Bergen har forska på val, USA og høgsterettsåtferd.

– Vi kan byrja der Trump avslutta talen sin natt til onsdag. Han sa han skulle taka valet rett til den amerikanske høgsteretten. Kva skjer der?

– Det vil taka lang tid før valet kjem dit, om i det heile. Trugsmåla frå Trump er det liten grunn til å taka på alvor før røystene er talde og valresultatet klart. Trump er ein person som lever for og av å kjempa. Han vil gje inntrykk av at han skal vinna kosta kva det kosta vil. Han er ein normbrytande president. Men det er ein veldig lang veg å gå før valresultatet kjem dit.

– Men høgsteretten har alt sagt at Pennsylvania har lov til å telja postrøyster som er post­stempla på valdagen, etter valdagen. Er det ikkje då alt avgjort?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement