JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Det digitale vil alltid være bedre»

Heidi Austlid, direktør i Forleggerforeningen, er like positiv til digitale læremiddel som da ho var sjef for IKT-Norge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2859
20201106
2859
20201106

peranders@dagogtid.no

– Sjølv om det ikkje viser att så mykje i innkjøpa til skulane enno, ser vi ei dreiing frå bok til digitale læremiddel, seier Heidi Austlid, som er administrerande direktør i Forleggerforeningen.

– Vi ser det òg på kva som blir utvikla av forlaga. Før var det bok pluss nett eller bok på nett. No er det fullverdige digitale læremiddel i alle fag. Det har skjedd eit kjempebyks. Vi kjem til å sjå stadig meir digitalisering i skulen.

Frå 2015 og fram til i sommar var Heidi Austlid administrerande direktør i interesseorganisasjonen IKT-Norge. Der argumenterte ho sterkt for ei rask og omfattande digitalisering av den norske skulen.

Les også: «Alle piler peikar mot skjermen»

– Det er naturleg å tolke tilsetjinga av deg som leiar av Forleggerforeningen som eit teikn på at forlaga vil satse meir på digitale format?

– Eg får da håpe det var eit medvite val. Eg trur eg kjem med ein kompetanse som næringa treng.

Som leiar for IKT-Norge sa Austlid mellom anna dette i intervju med Computerworld: «Vi må fylle skolen med de digitale verktøyene som vår tid krever», og: «Det digitale vil alltid være bedre fordi det har muligheten til å oppdateres. Det er en rikere måte å lære på – det blir ikke les, lær og pugg.»

– Har du endra syn på dette sidan du kom til Forleggerforeningen?

– Nei, det har eg ikkje. Men eg har alltid vore oppteken av at teknologien i seg sjølv ikkje skaper magi. Læreboka og lesing av lange tekstar er framleis viktig. Og eg er oppteken av at pedagogane skal velje korleis undervisninga skal gå føre seg.

– Men digitaliseringa ser ut til å ha gjeve lærarane mindre valfridom, ved at skuleeigarane no styrer innkjøpa av læremiddel meir enn før?

– Eg trur det må vere ei todeling, der nokre læremiddel blir kjøpte inn av skuleeigaren, og det er ein del læremiddel som lærarane vel.

– Som sjef for IKT-Norge talte du heile vegen for meir digitalisering og mindre papir i skulen. Du har same syn på dette no?

– Ja. Men eg har alltid vore oppteken av at vi skal ha eit mangfald av læremiddel. Så må vi vere medvitne om når vi skal bruke det digitale. Ikkje all læring skjer best via skjermen. Det å kunne lese lange, samanhengande tekstar er ekstremt viktig. Og eg trur ikkje boka kjem til å forsvinne, ho vil vere ein sentral del av norsk skule.

– Men du meiner norsk skule bør bruke meir digitale læremiddel enn i dag?

– Det meiner eg, og det opplever eg òg at forlagsbransjen er oppteken av.

– Kva tenkjer du om at leseforskinga syner klart at djupnelesing er best på papir?

– Eg ønskjer meg mykje meir forsking på dette, men eg deler det synet, ja. Det er jo ein grunn til at e-boksalet ikkje har eksplodert, seier Heidi Austlid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis