JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Alle piler peikar mot skjermen

Koronakrise, fagfornying, politisk påtrykk og kommunale spareknivar set fart på digitaliseringa av skulen. Har skuleboka ei framtid?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Regjeringa har vore ein ivrig pådrivar for meir digitalisering i skulen. Biletet viser statsminister Erna Solberg og daverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på eit besøk ved Bekkestua barneskole i 2017, i samband med framlegginga av ein digital strategi for norsk skule.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

9012
20201106
9012
20201106

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Skule

peranders@dagogtid.no

Mange tusen nye skulebøker ligg pakka i plast på pallar i lageret til Forlagssentralen på Langhus i Follo. Lagnaden desse bøkene får, kan fortelje oss noko om korleis morgondagens norske skule kjem til å bli. Mykje tyder på at det er no vi får det verkeleg store rykket i digitaliseringa av grunnskulen – i alle fall er det ei rekkje krefter som trekkjer i den same retninga samstundes. Dette er eit forsøk på å forklare kva som skjer, og på å lage nokre usikre spådomar om framtida til den norske skulen.

Les også: «'Det digitale vil alltid være bedre'»

Fagfornying

Vi startar med fagfornyinga, den nye læreplanreforma for den norske skulen. Fagfornyinga vart eigentleg gjeldande for grunnskulen alt da dette skuleåret starta, og ei slik reform krev nye læremiddel. Om verda var normal, skulle mange av bøkene på lageret til Forlagssentralen for lengst ha vore bestilte og sende ut til norske grunnskular. Dei nye bokverka er resultatet av eit stort og dyrt arbeid i norske forlag, slik er det når det kjem nye læreplanar. Men ved utgangen av oktober låg salet av skulebøker til grunnskulen i år 12 prosent under fjoråret – og da var det ikkje nye læreplanar.

Dels kan dette forklarast med at dei statlege ekstraløyvingane er mindre denne gongen. Ved siste store skulereform, Kunnskapsløftet i 2006–2008, løyvde staten 400 millionar kroner årleg til innkjøp av læremiddel til grunnskulen. I år er det løyvd 170 statlege millionar til læremiddelkjøp i grunnskulen – i tillegg til 111 millionar som er øyremerkte innkjøp av digitale læremiddel. Det siste kjem vi attende til.

Skjerm eller papir?

At forlaga klagar si naud over magre løyvingar, er som ein kan vente. Skulebøker har vore ein økonomisk berebjelke for storforlaga i alle år. Men truleg er koronapandemien ein viktigare grunn til at skular og kommunar nøler med innkjøpa: Kommunane er pressa økonomisk og har mindre kapasitet til utviklingsarbeid, og skulane slit med å få den daglege drifta til å gå rundt.

Likevel: Fagfornyinga må gjennomførast, og ein ringjerunde Dag og Tid har gjort til storforlaga, fortel at dei reknar med at kjøpelysta vil ta seg opp etter kvart. Men så kjem neste spørsmål: Kva kjem skulane til å kjøpe – papirbøker eller digitale læremiddel? Til fagfornyinga kjem dei store forlaga med digitale tilbod som er langt breiare og meir gjennomarbeidde enn før. Ein stor del av utviklingskostnadene fram mot fagfornyinga har gått til digitale læremiddel, og dei pengane vil forlaga helst tene inn att.

Dataviruset

– Vi har investert mykje i både digitale plattformer og digitalt innhald til fagfornyinga. Men dei pengane får vi ikkje att på eitt år, vi må tenkje langsiktig, seier Ulv Pedersen, direktør i Gyldendal undervisning.

Han meiner perioden med koronastengde skular i vår sette fart på digitaliseringa.

– Koronakrisa har endra mykje i skulen, både på kort og på lang sikt. Eg trur mange har oppdaga at digitale løysingar fungerer bra.

Framleis tener Gyldendal langt meir på papirbøker til skulen enn på digitale læremiddel. Men det kjem neppe til å vare, trur Pedersen.

– Vi ser ein tydeleg vekst på digitale læremiddel, og eg trur at skulane i stor grad vil gå over til digitale løysingar. Vi er opptekne av samspelet mellom analoge og digitale læremiddel. Kor balansen hamnar etter kvart, vil vise seg. Men nokre år fram i tid har vi truleg større omsetnad på digitale læremiddel enn på analoge.

– Kan det vere at dei store skulebokverka for grunnskulen som er laga til fagfornyinga, blir dei siste av sitt slag?

– Det kan vere. Om vi seier at det er ti år til neste store reform, kor står vi da? Da trur eg dei digitale læremidla er dominerande, seier Pedersen.

Statlege insentiv

Anders Skogvold, direktør for undervisning i Cappelen Damm, ser dei same utviklingstrekka som Pedersen.

– Innkjøpa til grunnskulen i haust er langt under det vi venta, og det er særleg salet av fysiske bøker som er dårleg. Vi har hatt betydeleg vekst i digitale læremiddel, seier Skogvold.

Han fryktar likevel ikkje at papirboka skal døy ut i skulen.

– Eg trur vi kjem til å ha papirbøker i mange år. Skule-Noreg er samansett. Men koronakrisa og fagfornyinga har sett fart på digitaliseringa.

Covid-19 vart ikkje vedteken, men politikken er viktigare enn pandemien her. Digitaliseringa av skulen har vore eit mål for vekslande regjeringar gjennom mange år, og det har òg prega prioriteringane til forlaga. Regjeringa har gjeve dei sterk stimulans til å satse digitalt: I 2018 løyvde regjeringa 55 millionar til utvikling av digitale læremiddel, i fjor var løyvinga 24 millionar.

Staten har òg bidrege til å skape ein marknad for læremidla: I år har regjeringa løyvd heile 111 millionar til innkjøp av digitale læremiddel i grunnskule og vidaregåande. Det er mykje pengar på dette feltet, og med slike insentiv er det ikkje så rart at marknaden veks.

Ideal og røyndom

Så kan ein spørje seg: Kva og kven er eigentleg marknaden for skulebøker og andre læremiddel? I den lett idealistiske teorien er det lærarane og skuleleiarane. Norske lærarar skal ha stor fridom til å styre undervisninga si og sjølv velje læremiddel. Men i praksis er det ikkje alltid slik, verken for grunnskule eller vidaregåande, og særleg ikkje når det gjeld digitale læremiddel.

Kommunane som er grunnskuleeigarar, og fylka som er ansvarlege for vidaregåande, har sjeldan lagt seg opp i kva papirbokverk som skulle kjøpast inn. Men med digitale plattformer og læreverk er det annleis. Spørjeundersøkingar som skuleforskar Øystein Gilje har utført, syner at lærarane har mindre påverknad når det er digitale læremiddel det skal investerast i.

Overstyring

– Avgjerder om nye læremiddel blir no ofte tekne langt over hovudet på lærarane og skulen. Det skjer på kommunalt nivå, utan rom for medverknad, og det er alvorleg, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

– Vi treng eit breitt tilfang av både digitale og analoge læremiddel, og lærarane må få sitje ved bordet der avgjerdene blir tekne. Lærarane har eit nyansert syn på dette, og etterspør både digitale læremiddel og papirbøker. Men i mange kommunestyre sit det folk som omfamnar det digitale fordi dei trur det er der framtida ligg.

Handal trur ikkje at dei nye læreverka i haust er dei siste som kjem i papirversjon.

– Eg trur ikkje det går så gale. Men det er sterke økonomiske insentiv som pressar utviklinga den vegen. Om politikarane faktisk vil halde på papirbøkene i den norske skulen, er det heller den vegen dei må presse, i staden for å drive fram meir digitalisering.

Prisen lokkar

Men for kommunar som er pressa økonomisk, og dei er det mange av for tida, er prisen på dei digitale læremidla i seg sjølv eit insentiv til å velje digitalt framfor papirbøker. Sjølv om læremidla utgjer ein svært liten del av eit skulebudsjett, er dette eit felt der det kan vere freistande å kutte. Og no er det hard konkurranse mellom dei store forlaga for å få skulane til å ta i bruk dei nye digitale plattformene deira, og det viser att i prisane.

For å ta eit døme: Cappelen Damm sel lisens til ein fagpakke i norsk for ein elev i grunnskulen for berre 79 kroner. Ei grunnbok i norsk frå same forlag kostar 369 kroner og arbeidsboka 269 kroner. Sjølv om grunnboka kan brukast i fleire år, vil truleg prisen på det digitale norskverket vere attraktiv for mang ein kommunepolitikar.

– Lærer mindre

Om ein først skal digitalisere skulen, er det i seg sjølv eit framsteg om skulane tek i bruk gjennomarbeidde digitale hjelpemiddel. I mangel på slike ressursar har mange lærarar brukt improviserte digitale læremiddel av tvilsam kvalitet, og truleg har ikkje all kopieringa vore av det lovlege slaget.

Men så kjem det fundamentale spørsmålet: Om vi er på veg mot ein skule der skjermane dominerer heilt, også i lesefaga – kva gjer det med læringa? Leseforskinga har nokre konklusjonar å by på: Både barn og vaksne lærer mindre av å lese faktatekstar på skjerm enn på papir. Forskinga syner òg at barn som har mykje trening i å lese på papir, er dei flinkaste til å innhente informasjon frå digitale tekstar, fortel Hildegunn Støle, førsteamanuensis ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

– Vi veit òg at barn og unge les mykje mindre på fritida enn før, samtidig som dei brukar mobilar og andre digitale medium mykje. Da meiner eg skulen burde kompensere ved å bruke meir papir, ikkje mindre.

– Om skjermane erstattar papirbøkene i skulen, kva kan det gjere med læringa?

–?Da trur eg svært mange vil lære mindre. Det beste rådet eg kan gje til skulane, er å halde seg til trykte lærebøker, i alle fall i dei tekstrike faga. Og dei bør leggje til rette for boklesing med skulebibliotek og lett tilgang til kjekke bøker. Skulen må ta meir ansvar for god leseopplæring og utvikle interesse for lesing hos elevane, i staden for å drive fram digitaliseringa, seier Støle.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis