Skule
Den vilkårlege eksamenstestinga
Dagens eksamensordning er forhistorisk og problematisk, meiner fyrsteamanuensis Sverre Tveit ved Universitetet i Agder.
Kva fag avgangselevane i ungdomsskulen kjem opp til eksamen i, vert avgjort ved tilfeldige trekk.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Det er slumpelukka som rår når avgangselevar rundt om i landet i desse dagar gjennomfører dei siste eksamenane i grunnskulen. Kva fag dei kjem opp i, og kor mange eksamenar dei skal ta, vert avgjort ved tilfeldige trekk. Fyrste året på vidaregåande skule er det berre 20 prosent som vert trekte ut til å ha eksamen. Resten slepp unna.
I teorien kan trekkordninga verke både ressursfornuftig og rettvis: Både elevar og skular skal vere budde til eksamen i alle fag, og ikkje ha høve til å påverke eller bu seg særleg på faget eller faga dei kjem opp til eksamen i. I praksis kan ordninga derimot verke urettvis, for kva fag den einskilde eleven kjem opp i, kan spele direkte inn på karaktersnittet, som igjen kan avgjere kva utdanningsinstitusjon ein kjem inn på vidare og ikkje.
Fyrsteamanuensis Sverre Tveit ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder var del av eksamensutvalet som var nedsett av Kunnskapsdepartementet for å bidra til å greie ut ei ny eksamensordning i samband med den store fagfornyinga for nokre år sidan. Utvalet tilrådde å avvikle trekkordninga.
– Eit hovudpoeng med eksamen er at elevane skal få synt fram kompetansen sin. Men trekket har element ved seg som er forhistoriske, og botnar i eit sterkare kontrollfokus der risikoen for å kome opp i eit fag ein ikkje ønskjer, er det som skal få eleven til å jobbe hardare.
– Det kan vel verke motivasjonsfremjande?
– Jau, det kan det. Men å fremje motivasjon er jo oppgåva til skulen og læraren, det er ikkje noko det skal vere opp til eksamenssystemet å ordne. Er ikkje læraren og skulen motiverande for elevane, har vi feila. Det går i dag også mykje meir ressursar inn i skulen nett til å støtte og motivere elevane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.