Energi
Den vanskelege kraftprisen
I fjor spådde kraftanalytikarane at prisen på kraft skulle vera låg i vinter.
Vind skal taka over stadig meir av norsk kraftproduksjon. Men i kuldeperioden stod vindturbinane stille.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB
Før denne vinteren rann norske vassmagasin over av kraft. I tillegg var vi i fjor det landet i Europa som kopla mest ny landbasert vindkraft på nettet. Aldri før har Noreg hatt så mykje potensiell kraftproduksjon tilgjengeleg som før denne vinteren.
Og er det noko vi har lært frå marknaden, er det dette: Når tilbodet på ei vare går opp, går prisen ned.
Slik gjekk det ikkje. I byrjinga av februar gjekk prisen på straum opp med over to kroner per kWh på det sentrale Austlandet, og det før MVA, avgifter og nettleige er rekna med. Ole Tom Djupskås er kraftanalytikar i selskapet Refinitiv. Vi intervjua han på denne plassen for knapt eit år sidan. Det skal vi koma attende til.
– Korleis kunne prisen verta så høg når magasina ikkje nett har vore tomme?
– Nei, men når forbruket vert høgt nok, når ein til slutt grensa for kva kapasiteten er i ulike område. Den ekstremt høge prisen har i hovudsak vore eit fenomen i Sør-Noreg. I Midt-Noreg og i Nord-Noreg har vi ikkje hatt dei same høge prisane som i landet elles.
– Kvifor så høge prisar i Sør-Noreg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.