Den store lyspærekonspirasjonen
Soga om Phoebus-kartellet set moderne industri i eit underleg lys.
Lyspæra frå 1901 i brannstasjon nr. 6 i Livermore i California.
Når folk frå same bransje møtest, endar samtalen oftast med ein konspirasjon mot ålmenta, eller med eit påfunn som skal heve prisane, hevda Adam Smith. Det var definitivt tilfellet da alle dei store lyspæreprodusentane i verda møttest i Genève i 1924 for å stifte Phoebus-kartellet. Til stades var mellom andre leiarar frå Philips, Osram, General Electric og Tungsram. Dei var uroa over at lyspærene var så gode at det svekte omsetnaden. På den tida hadde lyspærene ei typisk levetid på 2500 timar, og ingeniørane hadde streva for å gjere dei enda meir seigliva.
Medlemene i Phoebus-kartellet vart samde om å avgrense levetida for lyspærer til kring 1000 timar. Kartellet testa nye pærer fortløpande, og produsentane vart bøtelagde om dei laga pærer som varte lenger enn avtalt. Selskapa inngjekk òg avtalar om prisane på lyspærer for å auke profitten. Naturleg nok gjekk alt dette føre seg i løynd.
Phoebus-kartellet gjekk i oppløysing under andre verdskrigen. Men levetida til glødepærene har halde seg påfallande låg. Heilt fram til i dag har dei fleste slike pærer hatt ei langt kortare levetid enn dei 2500 timane som var vanleg tidleg i 1920-åra.
I dag har LED-lamper gjerne ei levetid på 25.000 timar, og det går ut over omsetnaden. Storselskapa Philips, Osram og General Electric har alle skilt ut lyspæreproduksjonen sin i eigne selskap og kan vere på veg ut av heile marknaden.
På ein brannstasjon i Livermore i California heng det eit kulturminne som kastar lys over sviket til industrikjempene: ei lyspære som har lyst nesten kontinuerleg sidan 1901. Pæra kan du sjå live på internett. Ho har så langt overlevd tre internettkamera som vart sette opp for å følgje ho.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.