Den store lyspærekonspirasjonen
Soga om Phoebus-kartellet set moderne industri i eit underleg lys.
Lyspæra frå 1901 i brannstasjon nr. 6 i Livermore i California.Lyspæra frå 1901 i brannstasjon nr. 6 i Livermore i California.
Når folk frå same bransje møtest, endar samtalen oftast med ein konspirasjon mot ålmenta, eller med eit påfunn som skal heve prisane, hevda Adam Smith. Det var definitivt tilfellet da alle dei store lyspæreprodusentane i verda møttest i Genève i 1924 for å stifte Phoebus-kartellet. Til stades var mellom andre leiarar frå Philips, Osram, General Electric og Tungsram. Dei var uroa over at lyspærene var så gode at det svekte omsetnaden. På den tida hadde lyspærene ei typisk levetid på 2500 timar, og ingeniørane hadde streva for å gjere dei enda meir seigliva.
Medlemene i Phoebus-kartellet vart samde om å avgrense levetida for lyspærer til kring 1000 timar. Kartellet testa nye pærer fortløpande, og produsentane vart bøtelagde om dei laga pærer som varte lenger enn avtalt. Selskapa inngjekk òg avtalar om prisane på lyspærer for å auke profitten. Naturleg nok gjekk alt dette føre seg i løynd.
Phoebus-kartellet gjekk i oppløysing under andre verdskrigen. Men levetida til glødepærene har halde seg påfallande låg. Heilt fram til i dag har dei fleste slike pærer hatt ei langt kortare levetid enn dei 2500 timane som var vanleg tidleg i 1920-åra.
I dag har LED-lamper gjerne ei levetid på 25.000 timar, og det går ut over omsetnaden. Storselskapa Philips, Osram og General Electric har alle skilt ut lyspæreproduksjonen sin i eigne selskap og kan vere på veg ut av heile marknaden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.